Wikipedia:Gode nynorskord

(Omdirigert frå Wikipedia:NB-NN)

Ein god hugseregel for å byggje eit godt nynorsk ordforråd er å tenkje over alternativ til «an-be-heit-else-ord» — i mange fall finst det betre ord utan desse for- og etterstavingane. I tillegg er det generelt lurt å tenkje over om ein i det heile teke treng for- og etterstavingar. Slik kan eit ord som fall i mange fall vera minst like tydeleg og godt språk som tilfelle.

Omsetjingslista nedanfor inneheld mange «eksotiske» ord. Ver klar over at desse orda ikkje treng å vere meir nynorske av den grunn, korkje i juridisk eller språkhistorisk samanheng. Til dømes har det tradisjonelle nynorske ordet «evne» eit norrønt opphav, sjølv om «dugleik» kanskje kan høyrast meir nynorsk ut. Bruk Nynorskordboka for å sjå kva ord som er lovlege på nynorsk.

Bokmål > nynorsk

endre
Snarvegar:
WP:NYN
WP:Nyn
WP:NB-NN
A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z Æ Ø Å
  • abonnement / abonnere > tinging / tinge
  • adferd > framferd (f.) | åtferd (f.)
  • adgang > høve (.n) | tilgang | tilgjenge | åtgang | åtkome | å koma åt
  • adkomst / atkomst > tilgjenge | tilkomst | åtkome (f.)
  • adlyde > lyda (v.)
  • advare > åtvare (v.)
  • advarsel > åtvaring (f.)
  • aktelse > vørdnad (m.)
  • aktsomhet > aktsemd (f.) | varsemd (f.)
  • albue > olboge (m.)
  • allerede > allereie | alt (adv.)
  • allfarvei > ålmannveg, allmanveg
  • allmennheten > ålmenta, allmenta
  • anbefale > tilrå | rå(de) til (v.)
  • anbefalelsesverdig > tilrådeleg (adj.)
  • anbefaling > tilråding (f.)
  • andel > del, part, lut
  • andektig > høgtideleg (adj.)
  • anbud > skriftleg tilbod (n.)
  • andakt > andakt (f.) |bønestund (f.) | kort gudsteneste (f.) | høgtid (f.)
  • anerkjennelse > godkjenning (f.) | heider (m.) | ros (m.)
  • anerkjenne (t.d. ein stat) > godkjenne (v.) | godta (v.)
  • anfall > åtak (n.) | plutseleg åtak (n.) | ri (f.)
  • anføre > leie (v.) | føre opp (v.)
  • anførselstegn > sitatmerke (n.) | hermeteikn (n.) | gås(e)auge (n.)
  • angi > opplyse om (v.) | melde (v.) | snikmelde (v.)
    • angivelig > etter som det vert sagt | det vert sagt at
    • angiver > tystar (m.)
  • angrep > åtak (n.)
  • angår > kjem ved/vedkjem | (det) gjeld | dreiar seg om | går ut på | snu seg om | sviva om | skilja
  • angående > med omsyn til | andsynes
  • anholde > arrestere (v.) | setja fast (v.)
  • anklage > skulde (v.) | klage (v.)
    • den anklagede > den skulda (m.)
  • ankomst > tilkomst (m.) | framkomst (m.) | framko(m)me (f.)
  • anledning > høve (n.)
  • anlegg > bygg (eller bygning om det som er bygd, byggjing om det å byggja), kime (eigenskap, grunnlag for noko)
  • anlegge > legg(j)e | legg(j)e til | bygg(j)e | føre opp
    • anleggsvirksomhet > bygg(j)everksemd | bygg(j)earbeid | anleggsverksemd
  • anmelde > melda | melda (til politiet)
    • anmeldelse > omtale (m./f.), kritikk (m.)
  • anmerkning > merknad (m.)
  • anmode > oppmode | be(de)
  • annerledes > annleis
  • anrike > opprike (v.)
    • t.d. uran: opprikt uran
  • anselig > monaleg | viktig | stor |
  • ansatt > tilsett
  • ansette > tilsetje
  • anseelse > vørde | respekt | akta | setje høgt
  • ansikt > andlet
  • anskaffelse > innkjøp | nyskaffing
  • anskuelse > oppfatning | meining | syn | åskoding
  • anstalt > institusjon (m.) | heim (m.) |
  • anstrenge > slite (v.) | gjere sitt beste | streve (v.)
    • anstrengelse > slit (n.) | strev (n.) | umak (m.)
  • ansøkning > søknad
  • anta > gå ut frå (v.) | rekne med (v.)
  • antakelse > førehandstruforventing
  • antall > tal på (n.)
  • antakelig > kanskje (adv.) | truleg | venteleg | antakeleg | likleg | vera likt til
  • anvendelse > bruksmåte (m.) | bruk
  • anvendt > brukt
  • arbeiderbevegelse > arbeidarrørsle (f.)
  • arbeidsledighet > arbeidsløyse (f.)
  • arbeidstillatelse > arbeidsløyve (n.)
  • atferd > åtferd (f.)
  • avgjørelse > avgjerd (f.) | avgjersle (f.)
    • avgjørbarhet > avgjerdsdugleik (m.) | avgjerlegheit (m.)
  • avhengighet > avhengnad (m.)
  • avsindig > vitlaus
  • avskygning > nyanse | islett | svip
  • avstedkomme > vere årsak til | føre med seg
  • avstemmelse/avstemning > røysting (f.)
  • avverge > hindre | motverke | stogge | avverje

Til toppen ↑

  • basere seg på > byggje på (v.)
  • baun > vete, varde
  • bearbeide > arbeide med/på (v.) | stelle med (v.) | vøle om (v.)
  • bearbeiding > omarbeiding (v.)
  • bebreide > klandre (v.) | skulde (v.) | laste (v.)
  • beboer > ibuar (m.) | husbuar (m.) |(leigetakar (m.)) | (han som bur der)
  • bebyggelse > busetnad (m.)
  • bedagelig > makeleg (adj.)
  • bedaget > gammal, gamal | røynd (erfaren)
  • bederve > skjemme (v.) | øydeleggje [-legge] (v.)
    • bedervet > skjemd | dårleg | helseskadeleg | øydelagt
  • bedømme > avgjere (v.) | døma om (v.) | skåre (v.) | rangere (v.)
  • befaring > synfaring (f.)
  • befinne (seg) > vere (v)
  • befolkning > folkesetnad (m.) | folketal (n.) | folkemengd (f.)
  • befolkningstetthet > folketettleik (m.)
  • beger > bekar
  • begivenhet > storhending (f.) | storhende (n.)
  • begivenhetsrik > hendingsrik
  • begrave > gravleggja (v.)
  • begravelse > gravferd (f.)
  • begrense > avgrense (v.)
    • begrensning > avgrensing (f.)
  • begrenset (som i begrenset kapasitet) > minka (adj.) | avgrensa (adj.)
  • begrep > omgrep (n.)
  • begrunne > grunngje (v.)
  • begynne > byrja (v.)| begynna(v.)
    • begynnelse > byrjing (f.)| start(m.)
  • begjære (noen inhabil) > be om (å få erklære nokon inhabil)
  • behag > velvære (n.) | glede (f.) | hugnad (m.) | lyst (f.)
    • behage > lyste (v.)
    • behagelig > hugnadsam
  • behandle > handsame (v.) | ha(va) føre (v.) (saksførehaving) | behandle (v.) (sjukdom)
    • behandler (saksbehandler) > (sakshandsamar) | (saksarbeidar)
  • beherske > meistra (v.) | ha tak(et) på (v.)
  • beholde > ta vare på (v.) | halda på (v.) (dei heldt på leiinga)
  • bekjempe > halda nede | kjempe mot
  • beklage > orsake (v) | seie seg lei for (v)
  • bekostning (på b- av) > so det går ut over
  • bekostning (på din b-) > rekning (f.)
  • bekrefte > stadfeste (v.) | sannkjenne (v.) | prove (v.)
  • bekvemmelighet (hus med alle b-er) > stas
  • bekvemmelighetsårsaker > årsakar til trivnad
  • bekymret > ottesam (adj.) | ottefull (adj.) | engsta (adj.) | uroleg (adj.)
  • belastet > plaga med (v.) | utsat for (v.)
  • beliggenhet > lægje, leie, plassering
  • beliggende > ligg ved (v.)
  • beleire > omlægra (v) | omleira (v.) | omringa (v.) | kringsetja (v.)
  • belønning > attergjeld | løn| godtgjersle
    • belønne > løna (v)
  • bemanne > manne (v.)
  • bemerke (I) > merka
  • bemerke (II) > nemna | leggja til
  • benekte > nekte for
  • benevnelse > nemning (n.)
  • benytte > nytte (v.) | bruke (v.)
  • beordre > by(de) | gi ordre | kommandere | fråordre
  • beplante > plante ut
  • beregning > utrekning (I) | vurdering (II)
  • beretning > soge (f.) | forteljing (f.) | årsmelding (f.)
  • berettiget > rettkomen
  • berolige > roe (ned) (v.)
  • beruset > rusa (adj.) | full (adj.) | drukken (adj.)
    • beruselse > rus (m.) | fyll (f.)
  • beryktet > illgjeten | berykta
  • berømmelse > ry (n.)
  • berømt > vidkjend (adj.) | namnkjend (adj.) | vidgjeten (adj.) | fræg | namngjeten
  • beseire > sigre over
  • beskadige > skade (v.)
    • beskadigelse > skading (f.)
  • beskjed > melding (f.)
    • klar beskjed > klår melding = klar melding
  • beskjeden > blyg (adj.) | smålåten (adj) | stillfarande (adj.)
  • beskjære > skjere til/ut/vekk
  • beskrive > skildra (v.)
  • beskrivelse > skildring (f.) | omtale (m. el. f.) | framstilling (f.)
  • beskylde > skulda (v.) | klandre (v.)
    • beskyldning > skulding (f.) | klandring (f.)
  • beskytte > verne (v.) | forsvare (v.) | ta vare på | passe på
  • beskyttelse > vern (n.) | forsvar (n.)
  • besittelse > eige (f.) | eign (f.)
  • beslaglegge > kverrsetje | dra inn | inndra
  • beslutte > avgjere (v.) | vedta (v.)
    • beslutning > avgjerd (f.) | vedtak (n.)
  • besparelse > innsparing (f.)
  • bestemme > bestemme (v.) | avgjere (v.) | vedta (v.) | fastsetje (v.) | Sjå Wikipedia:Gode nynorske uttrykk
    • bestemmelse > føresegn (f.) | vedtak (n.) | avgjerd (f.)
    • bestemmelsessted > reisemål (n.) | mottakarstad (m.)
  • bestige > nå toppen (på/av)
  • bestigning > omskriving? t.d. første bestigning > fyrste gongen nokon nådde toppen
  • bestikke > muta (v.) | smørje (v.)
  • bestikkelse > muter (f.) | stikkpengar | smørjing (f.)
  • bestille > tinge
    • bestilling > tinging (f.)
  • bestanddel > komponent
  • bestøve > mjøle (v.)
    • bestøvelse > mjøling (f.)
  • bestå > stå ved lag (v.)
  • bestå av > bestå av (v.) | vera samansett av (v.)
  • besvare > svare, svare på
    • besvarelse > svar (n.) | oppgåve (f.)
  • besvime > svime av | uvite/uvete (v.) | falle i uvit
  • besøk > vitjing (f.)
    • besøke > vitje (v.)
  • betale > gjelda (v.)grei(d)a
  • betegnelse > nemning (f.)
  • betennelse > brune (m.) | brann (m.)
  • betimelig > til rett tid | som det skal vera | høveleg/rimeleg
  • betingelse > vilkår (n.) | føresetnad (m.)
  • betinget (straff, læring) > vilkårsbunden | årsaksbunden | vilkårsgjeven
    • betinget dom > vilkårsdom
  • betro (bli b-dd et verv) > overlata (v.)
  • betro (hun b-dde seg til ham) > sannkjenna (v.) | vedgå/medgå (v.)
  • bety (forklarer noko, ha som meining, t.d. «dette skiltet betyr vikeplikt») > tyde (v.)
  • bety > vere viktig, har mykje å seie (t.d. «Utstyret har alt å seie.») | medføre, vil seie (t.d. «kaldt klima medfører/vil seie auka straumprisar»)
  • betydelig > monaleg (adj.)
  • betydning > tyding (f.) (av ord) | vera viktig | ha mykje å seia
    • betydningsfull > viktig (adj.)
  • bevandret > velreist | klok
  • bevare > ta vare på | verne (verne mot noko. t.d. skade eller råte) (v.)
  • bevege > røyve (v.) | røre (v.) | flytta på seg (v.)
    • beveget > rørt | rørd | gripen
  • bevegelse > rørsle (n.)
    • bevegelsesenergi > rørsleenergi (m.)
    • bevegelseshemmet > rørslehemma | rørslehindra
    • bevegelsesmengde > rørslemengd (f.)
  • bever > bjor (m.)
  • bevilge > løyve
    • bevilgning > løyving
  • bevinget > vengja (adj.)
  • bevis(e) > prov(e) (n./v.) | vitnemål (n.)
    • beviselig > visseleg | vitnefast (det står v...) | faktisk | (det finst prov for at...)
  • bevissthet > medvit (n.)
  • bevisstløs > medvitslaus (adj.)
    • bevisstløshet > medvitsløyse (f.)
  • bilag > tillegg (n.) | vedlegg (n.)
  • bistå > hjelpe (v.)
  • blueferdig, bluferdighet > blyg, blygsel (adj.)
  • bløthet > blautleik (m.)
  • blyghet > blygleik (m.) | blygskap (m.)
  • bolig > bustad (m.)
  • brudd > brot eller brott (n.)
  • bruddfasthet > brot(t)fastleik (m.)
  • bruksanvisning > brukarrettleiing (f.) | framgangsmåte (m.)
  • brunhet > brunleik (m.)
  • budskap > bodskap (m.)
  • bøyle > bøyel (m.)

Til toppen ↑

  • canyon > (elve)gjel (n.)
  • chat > tjatt (n.) | pjatt (n.) | skravl (n.)
  • chatte > tjatte (v.) | tjatre (v.) | skravle (v.)

Til toppen ↑

  • debatt > drøfting (f.) | ordskifte (n.)
  • deilig > lekker | framifrå | fin | gjæv
  • diskusjon > drøfting (f.) | ordskifte (n.)
  • dybde > djupn(e) (f.)
  • dybdekontroll > djupnekontroll (m.) | djupnkontroll (m.)
  • dybdemåler > djupnemålar (m.)
  • dybdeskarphet > djupneskarpleik (m.)
  • dyphet > djupn(e) (f.) | djupleik (m.)
  • dobbelthet > todeling | dualisme
  • dog > likevel | endå | då, do
  • dødelighet > døying (f.) | dødstal (n.) | døyelegheit, dødelegheit (f.)

Til toppen ↑

  • eiendommelig > karakteristisk (adj.) | kjenneleg (adj.) | sermerkt (adj.) | serprega (adj.)
  • eksempel > døme (n.)
  • elendighet > elende (n.) | vesaldom (m.) | armod (f.) | stakkarsdom (m.)
  • endelikt > endelykt (f.)
  • enhet > eining (f.) | einskap (m.)
  • enhetssirkelen (matte) > einingssirkelen (m.)
  • enig > samd | einig
  • enighet > semje (f.)
  • enkelte > somme (pron.)
  • ensomhet > einsemd (f.)
  • enstemmig > samrøystes
  • etterprøve > etterprøve (v.) | prøve (v.) | teste (v.) | kontrollere (v.)
  • evighet > æve (f.)

Til toppen ↑

  • falskhet > falskleik (m.)
  • fantasy-litteraturen > fabelprosa
  • fantasi > hugleik
  • fasthet > fastleik (m.)
  • fastsettelse > fastsetjing (f.)
  • fedme > fedme | feitleik (m.)
  • fedrelandskjærlighet > fedrelandskjærleik (m.)
  • fellesnevner > samnemnar (m.) | fellesnemnar (m.)
  • ferdighet > ferdigheit | dugleik (m.) | evne (f.) | tame (m.)
  • filtrere > filtrere (v.) | sile (v.) | reinske (v.)
  • finhet > finleik
  • flinkhet > flinkleik (m.)
  • flamme > flamme | loge (m.)
  • FN > SN (forkorting for Dei sameinte nasjonane) | FN (forkorting for bokmålsnemninga)
  • folketetthet > folketettleik (m.)
  • foran > framfor (prep) | framanfor (prep)
  • forbehold > atterhald (n.)
  • forberede > førebu (v.)
  • forbindelse > samband (n.) | sambinding
  • forbilledlig > framifrå | mønstergod | føredømeleg
  • forbrytelse > brotsverk (n.)| lovbrot (n.)
  • forbryter > brotsmann (m.) | brotskvinne (f.)| lovbrytar (m.)
  • forbrytersk > brotsleg (adj.)
  • forbund > samskipnad (m.)
  • fordel > føremon (-en, -er) | bate (m.) | gagn (n.)
  • fordøye > melte (a-v.)
  • fordøyelse > melting (f.)
  • forebygge > førebyggje (v.)
  • foregå > går føre seg (v.)
  • forening > samskipnad (m.) | lag (n.) | (foreining (f.))
  • forekomme > hende (v.) | finnast (v.)
  • foreligge > liggje føre (v.)
  • forelskelse > forelsking (f.)
  • forent > sameint (adj.) | samla
  • forente nasjoner (FN), De > Dei sameinte nasjonane (SN/FN [forkorting for bokmålsnemninga])
  • foretrekke > føretrekkja | lika betre | heller vilja
  • forfengelig > pyntesjuk (adj) | æresjuk (adj) | fåfengd (adj) | forfengeleg (adj)
  • forfengelighet > fåfengd (f.) | forfengelegskap (m.)
  • forgjengelighet > forgjengelegdom (m.)
  • forhandle > (drøfte) | (tinge om ei sak)
  • forholde (seg) > retta seg etter | ta omsyn til
  • forhold > tilhøve (n.)
    • forhold (grad, mål mot noko) > høve (n.)
  • forholdsmessig > høvesvis (adv.)
  • forholdsregel > åtgjerd (f.) | tiltak (n.) | rådgjerd (f.)
  • forholdsvis > forholdsvis | ganske | nokså | relativt | etter høvet | etter måten | til samanlikning
  • forhøye > forhøgja | høgja | auka
  • forhånd > førehand | føreåt | i førevegen
  • forhånds- > førehands- | føreåt- | - føreåt
    • forhåndsbestille > førehandstinge (v.) | tinge på førehand | tinge føreåt
    • forhåndsbestilling > førehandstinging (f.) | føreåttinging (f.)
    • forhåndsbetale > betale på førehand | betale føreåt
    • forhåndsbetaling > førehandsbetaling | betaling på førehand | betaling føreåt
  • forløp > utvikling (f.) | framvokster (m.)
  • forkjærlighet > forkjærleik (m.)
  • forkommen > utmødd (adj) | sterkt medteken | rådvill (adj) | motlaus (adj) | åtkom(m)en (adj) | forkommen (adj.)
  • formere > øksle (v.) | formeire (v.)
  • fornemmelse (om) > aning (om) f.) | mistanke (om) (m.) | kjensle (av) (f.)
  • forpliktelse > plikt | ansvar | skyldnad.
  • forrige > førre | førr-
  • forræder > svikar (m.) | forrædar (m.)
  • forseelse > misferd (f.)
  • forside > framside (f.)
  • forsiktig > forsiktig | varsam | varleg
    • forsiktighet > varsemd (f.) | forsiktigheit
  • forsinke > seinke (v.) | hefte (v.) | opphalde (v.) | forseinke (v.)
    • forsinkelse > seinking (f.) | forseinking (f.)
  • forskjell > skilnad (m.) | ulikskap (m.) | forskjell (m.)
    • forskjellig > ulik (adj.) | ymis/ymist/ymse (adj.)
  • forslag > forslag (n.) | framlegg (n.) | alternativ (n.)
  • forstyrrelse > forstyrring (f.)
  • forstørrelse > forstørring (f.)
  • forståelse > forståing(f.)
  • forsørge > forsyte (v.)
  • fortegnelse > oversyn (f./n.)
    • (innholdsfortegnelse)
  • fortrinnsrett > førerett (m.)
  • fortsette > halde fram
  • fortsettelse > framhald (n.) | fortsetjing (f.)
  • forurense > ureine (v.) | forureine (v.)
  • forutinntatthet (bias/predisposisjon/predisponering/partiskhet) >
  • forutsetning > føresetnad (m.)
    • forutsette > gå ut frå | ha som føresetnad
  • forutsi > føreseia | spå
    • forutsigbar > føreseieleg
    • forutsigelse > føreseiing (f.)
  • forhåpentligvis > vonleg (adv.), forhåpentlegvis vera von å
  • forårsake > valda | forårsaka
  • framføre > visa/syna fram | syngja | spela | tolka
  • framtreden > framferd
  • frekkhet > frekkleik (m.)
  • fremmedhet > framanddom (m.)
  • frihet > fridom (m.)
  • frihetsberøvelse > fridomsrøving (f.)
  • friskhet > friskleik (m.)
  • fromhet > fromleik (m.)
  • fruktbar > fruktsam (adj.) | grøderik (adj.) | grornæm (adj) | avlefør (adj) | som økslar seg fort | produktiv (adj) | utbyterik (adj.)
  • fruktbarhet > fruktsemd (f.) | grøderikdom (m.) | økslingsevne (f.)
  • fuktighet > fukt (f.) (t.d. fuktkrem)
  • fullføre > gjere ferdig (v.) | ende (v.) | avslutte (v.)
  • følelse > kjensle (f.)
  • følsom > kjensleg (adj.) | (kjensle)var (adj.) | følsam (adj.)
  • følsomhet > varleik (f.) | kjensleevne (f.) | følsemd (f.) | finkjensle (f.)
  • får > sau

Til toppen ↑

  • gavmild > gjevmild | gåvmild
  • gavmildhet > gjevmilde (f.) | gjevmildskap (m.)
  • gjemsel > gøymeleik (m.)
  • gjenbruk > ombruk (m.) eller (n.)
  • gjenferd > skrømt (n.) | attergangar (m.)
  • gjenføde > atterføde (v.)
  • gjenfødelse > atterføding (f.) | atterfødsel (m.)
  • gjenganger > attergangar (m.)
  • gjengi > gje att (v.) | fortelje (v.)
  • gjengivelse > attgjeving (f.)
  • gjengjelde > attergjelde (v.)
  • gjenglemt > attgløymd (adj)
  • gjenklang > atterklang (m.)
  • gjennomsnitt > middel (m.) | middeltal (n.) | middelverdi (m.) | gjennomsnitt (n.)
  • gjenopprette >atterreise (v.) | rette opp att (v.)
  • gjenoppbygge > atterreise (v.)
    • gjenoppbygging > atterreising (f.)
  • gjenreise > atterreise (v.)
  • gjenskape > atterskape (v.)
  • gjenskinn > atterskin (n.)
  • gjensidighet >
  • gjenspeile > spegle
  • gjensyn > attersyn (n.)
  • gjenstå > stå att
  • gjenta > seie eller gjere på nytt | ta opp att | gjenta eller gjentake
  • gjenvalg > attval (n.)
  • gjenværende > attståande | resten | det som er/står igjen/att | det som er til overs
  • gjevhet > gjævleik (m.)
  • glatthet > glattleik (m.)
  • global > verdsfemnande | global
  • gløgghet > gløggleik (m.)
  • grenseløshet > grenseløyse (f.)
  • griskhet > griskleik (m.)
  • grovhet > grovleik (m.)
  • grunnhet > grunnleik (m.)
  • grunnlegge > tufte (v.) | tyfte (v.) | grunnleggje (v.) | starte (opp) | byrje på | skipe | etablere | danne | skape
  • grusom > grom/[grum] (adj.) | | hardhjarta | nådelaus | frykteleg | stygg | fæl | fælsleg | (forsterkande:) svært | veldig | utruleg
  • grådighet > havesjuke | havesykje | å vere hæken | griskleik | grådugskap | det å vera grådig
  • gråhet > gråleik (m.) (om farge)
  • gyldig > gyldig | gjeldande | lovleg | gangbar |
  • gyldighet > gildskap

Til toppen ↑

  • habil > (å vere) før | dyktig | (juss:) gild
  • hardhet > hardleik (m.)
  • heldig > heppen
  • helhet > heilskap (m.)
  • helhetlig > heilslegheilstøyptsamla
  • hellig > heilag (adj.)
  • hemmelig > løynd | løynleg | hemmeleg
    • hemmelighet > løyndom (m.)
  • hendelse > hending (f.) | hende (n.)
  • henholdsvis > høvesvis
  • i henhold til > i samsvar med | med heimel i
  • hensikt > mål | meining | føremål
    • mot sin hensikt >
  • hensiktsmessig > føremålstenleg | tenleg | brukande | som høver
  • herlighet > herlegdom (m.)
  • hjemmeside > heimeside (f.) | nettstad (m.)
  • hengivenhet > godhug | velvilje
  • henlegge > leggje bort
  • henvende > ta kontakt med | vende seg til
  • henvise > vise til
  • hukommelse > hugs (m.) el. (n.) | minne (s.)
  • henspille > peika (v.) | spela på (v.)
  • hensyn > omsyn (n.)
  • hentyde > peika (v.) | leia (tankane) (v.)
  • hevelse > opphovning (f.) | kul (m.) | heving (f.)
  • hevnlyst > hemnhug (m.) | hemnlyst (f.)
  • hjemlengsel > heimhug (m.) | heimlengsel (f.) | heimlengsle (f.) | heimlengt (m.)
  • holdbarhet > traustleik (m.)
  • holdbarhetsargument > traustleiksargument (m.)
  • hos > hjå (prep.)
  • hurtig > snøgg (adj.) | snar (adj.) | rask (adj.)
    • hurtighet > snøggleik (m.)
  • hverken > korkje (konj.) | heller ikkje
  • høyhet > høgleik (m.) (om mål. For tiltale åt kongelege, sjå Gode nynorske uttrykk)
  • håp > von (n.)
  • håpe > vone (v.)

Til toppen ↑

  • igjen > att (adv.)
  • imidlertid > men | likevel
  • inhabil > uskikka | (juss:) ugild | inhabil
  • innadrettet > innåtretta (adj., eig. v. pret.)
  • innflytelse > innverknad (m.)
  • innflytelsesrike > mektige | viktige
  • innrømme > innrømme | vedgå | la få | sanna
  • innta (vikarer i-s om sommeren) > bli teken inn
  • innta (soldatene inntok borgen) > ta

Til toppen ↑

  • jernbinding > jarnbinding eller jernbinding (f.) (om konstruksjonsarbeid)
  • jernforbindelse > jarnsambinding eller jernsambinding (f.) (om jarn-/jernoksidar og jarn-/jernhydroksidar)
  • jevn > jamn (adj.)
  • jevnhet > jamleik (m.)

Til toppen ↑

  • «-kallelse» > «-kalling»
  • kar > kjerald (n.)
  • katedral > domkyrkje (f.)
  • Kirkenes verdensråd > Kyrkjeverdsrådet (n.)
  • kile > kitla
  • kjedelig > kei (adj.) | keisam (adj) | stusseleg (adj) | kjedeleg (adj)
    • kjedsomhet > keisemd (f.)
  • kjennelse > orskurd (m.)
  • kjærlighet > kjærleik (m.), åst (f.)
  • klarhet > klårleik = klarleik (m.)
    • få klarhet over > klårgjere = klargjere (v.)
  • knapphet > knappleik (m.) | skort (m.) | mangel (m.)
  • koldbrann > kaldbrann (m.)
  • kollaps > samanbrot (n.)
    • kollapse > bryta saman
  • kors > kross (m.)
  • korthet > vera kortfatta el. stutt (v.)
  • kulhet > (Ikkje ei oppføring i ordboka, men etter nynorsk morfologi[1]:) kulleik (m.)
  • kun > berre
  • kvestelse > vank (n.) | (kropps)skade (m.)
  • kyskhet > kyskleik (m.)
  • kyskhetsbelte > kyskleiksbelte (n.)
  • kåthet > kåtskap (m.) | kåtleik (m.) | kjæte (f.)

Til toppen ↑

  • lavhet > lågleik (m.)
  • legeme > lekam (m.)
    • legemliggjøre > lekamleggjere (v.) | gje lekamleg form
    • legemsbeskadigelse > lekamsskading (f.) | skade på lekamen
    • legemsfornærmelse > lekamsfornærming (f.)
  • leilighet > husvære (n.) | leigebustad (m.) | leilegheit (f.)
  • leir > læger
  • liflig > ljuvleg, ljuv
  • ligne > likne (v.), vera lik
  • likegyldig > likeglad (a.) | likegyldig (a.) | uinteressert (a.)
    • likegyldighet > likesæle (f.)
  • likhet > likskap
    • i likhet med > til liks med
    • likhetstegn > likskapsteikn
  • lille > litle eller lisle | vesle eller vetle
  • linje > line (f.) eller linje (f.)
    • retningslinje > retningsline (f.) eller retningslinje (f.)
  • livserfaring > røynsle (f.)
  • livstretthet/-trøtthet > livstrøyttleik (m.)
  • lyd > ljod (m.) | lyd
  • lys > ljos (n.) | lys
  • lønnsomhet > lønsemd (f.)
  • løselighet > løysingsevne (f.)

Til toppen ↑

  • man > ein (pron.)
  • marked > marknad (m.)
  • maskestørrelse > maskestorleik (m.) | maskevidd (f.)
  • massetetthet > massetettleik (m.)
  • masseødeleggelsesvåpen > masseøydeleggingsvåpen (n.)
  • meddele > kunngjere, melde (v.)
  • medlidenhet > medkjensle (f.)
  • medvirkning > medverknad (f.)
  • menighet > forsamling (f.) | kyrkjelyd (m.) (moskélyd/synagogelyd)
  • middelalderen > mellomalderen (n.)
  • midlertidig > mellombels
  • mindreverdighet > mindreverd (n.)
  • mindreverdighetsfølelse > mindreverdskjensle (f.)
  • mindreverdighetskompleks > mindreverdskompleks (n.)
  • misforståelse > mistyding (f.)
  • mislighold > mishald (n.)
  • mistenksomhet > mistru (f.)
  • mot > mod eller mot
  • motsetning > motsetnad (m.)
  • motsi > motseie (v.) | seie imot | ikkje samsvare ("opplysningane samsvarer ikkje")
    • motsigelse > motseiing (f)
  • motsigelsesprinsipp > motseiingsprinsipp (n.)
  • mulighet > høve | sjanse | ny veg (metaf.) | det er mogeleg å (omskriving) (n.)
  • mykhet > mjukleik (m.)
  • myndighet > styresmakt (f.) | mynde | makt/avgjerdsmakt |
  • månedlig > månadviss(t)

Til toppen ↑

  • nabo > granne
  • naiv > godtruande | truskuldig
  • nasjon > tjod (f.)
  • naturlighet (det er en n-) > venta (adj.) | vera naturleg
  • nestekjærlighet > nestekjærleik (m.)
  • no(g)enlunde > nokolunde (adv.)
  • nybegynner > nybyrjar (m.) | nybegynnar (m.)
  • nyhet > nyhende (n.) nyheit (f.) | tidend (f.) | tidende (n. mt.)
  • nylig > nyleg | nyst | nyss
  • nysgjerrig > nyfiken (adj) | forviten (adj) | vitekjær (adj) | vitelysten (adj.) | nysgjerrig (adj.)
    • nysgjerrighet > nyfikne (f.) | forvitenskap (m.)
  • nytelse > nyting (f.)
  • nærhet > nærleik (m.)
  • nærvær > nærvære (n.) | nærvær (n.)
  • nøyaktighet > grannsemd (f.), presisjon (m.)
  • nødvendig > naudsynt (adj.) | naudsynleg (adj.)
  • nødvendigvis > naudsynlegvis, utan tvil, sjølvsagt
  • nøysomhet > nøysemd (f.)

Til toppen ↑

  • oksygen > oksygen | nøre (eldre nemning) | surstoff (forelda nemning)
  • ombudsmann > ombodsmann (m.)
  • omgivelse > omgivnad, omgjevnad
  • omkostning > kostnad (m.)
  • omsorg > omsut (f.) eller omsorg (f.)
  • omstendighet > omstende (n.) | tilhøve (n.)
  • omvendelse > omvending (f.)
  • ond > vond (adj.), ill (adj.)
  • ondsinnet > vondsinna (adj)
  • ondskap > vondskap (m.)
  • oppdragelse > oppseding (f.) | oppfostring (f.)
  • oppfordre > oppmode (v.) | oppfordre (v.) | be (v.)
  • opplevelse > oppleving (f.)
  • opprettholde > halda fast på, ved lag
  • oppførsel > åtferd (f.)
  • oppmerksomhet > merksemd (f.) | gaumsemd | (åt)gaum (m.)
  • opprinnelse > opphav (n.) | utspring (n.)
    • opprinnelig > opphavleg
  • opptreden > framsyning (f.)
  • optimisme > bjartsyn (n.)
    • optimistisk > bjartsynt (merknad: berre oppført som substantiv i nettordboka)
  • organisasjon > skipnad
  • ovenfor > ovanfor (prep.)
  • overbevise > overtyde (v.)
    • overbevisende > overtydande (adj)
    • overbevisning > overtyding (f.)
  • overfor > andsynes (prep.)| imot (prep.) | overfor (prep.)
  • oversette > omsetje (v.) | setja om
  • oversettelse > omsetjing (f.)
  • oversetter > omsetjar (m.)
  • overskuelig (i overskuelig fremtid) >
  • oversvømmelse >
  • overveldende, veldig > ofseleg
  • original > original | opphavleg | nyfunnen | nyspunnen | frum
  • original > original | rar | særmerkt

Til toppen ↑

  • personlighet > person(legdom) (m.) | karakter (m.)
  • prisnedsettelse > prisavslag (n.), prisnedslag (n.)
  • påse > sjå til | kontrollera (v.)
  • påtalemyndigheten > påtalemakta
  • påvente> mens ein ventar på| i von om

Til toppen ↑

  • quiz > kviss (m.) | quiz

Til toppen ↑

  • regelmessig > regelbunden | regelfast | regelviss | regelrett | symmetrisk
  • regime > (stats)styre (n.)
  • referat > opprit
  • refreng > omkved (n.)
  • reinkarnasjon > atterføding (f.) | atterfødsel (m.) | sjelevandring (f.)
  • rekkefølge > rekkjefølgje (f.)
  • relativt > etter måten (han klarar seg etter måten godt)
  • resterende > (den/dei) attverande | resten (av ...)
  • restriksjon > restriksjon (m.) | regulering (f.) | nedskjering (f.) |Sjå Begrensning
  • rett > rett (m.), fleirtal: retter (mat), rettar (privilegium)
  • rettferdighet > rettferd (f.)
  • rettssikkerhet > rettstryggleik (m.)
  • ryktes> gå gjetord om | spørjast |ryktast| komme ut
  • råhet > (fukt, væte:) råleik (m.) | (brutalitet:) råskap (m.)
  • rådighet > rådvelde (n.)
  • rådløshet > rådløyse (f.)

Til toppen ↑

  • saklighet > saklegdom (m.)
  • saksbehandler > sakshandsamar (m.)
  • saksbehandling > sakshandsaming (f.)
  • salthet > saltleik (m.)
  • samt > og (dessutan)
  • samvittighet > samvit (n.)
  • sannhet > sanning (f.)
  • sannhetskjærlig > sanningskjær (adj.)
  • sannhetskjærlighet > sanningskjærleik (m.)
  • sannsynlighet > sannsyn
  • sanselighet > sanselegdom (m.)
  • savn > sakn (n.)
  • science fiction > fiksjonsdikting | science fiction (framtidsforteljing)
  • seier > siger (m.)
  • seighet > seigleik (m.)
  • sekretær > sekretær (m.) | skrivar (m.)
  • selvfølelse > sjølvkjensle (f.)
  • selvgodhet > sjølvgodskap (m.) | sjølvgodleik (m.)
  • selvsikker > sjølvtrygg (adj.)
  • selvsikkerhet > sjølvtryggleik (m.)
  • server > server (m.) | sørvar (m.) | tenar (m.)
  • severdighet > kulturminne (n.) | som er verd å sjå
  • sikkerhet (I) > tryggleik (m.) | sikkerheit (f.)
    • å vite med sikkerhet > vera viss/sikker/trygg på| vite for visst
  • sikkerhet (II) > sikring (f.) | trygging (f.)
  • sikkerhetskopi > sikringskopi| '(eng. back up)'
  • Sikkerhetsrådet (i FN) > Tryggingsrådet (i SN/FN)
  • sjalu > svartsjuk (adj.) | avundsjuk (adj.)
  • sjeldenhet > sjeldsyn (n.)
  • sjødyktig > sjøfør (adj.)
  • sjødyktighet > sjøførleik (m.) | sjødugleik (m.)
  • sjødyktighetsattest > sjøførleiksattest (m.) | sjødugleiksattest (m.)
  • skadeerstatning > skadebot (f.)
  • skadeforvoldelse > skadeverk (n.)
  • skapelse > skaping (f.) | skaparverk (n.)
  • skapning > skapning (m.) | skapnad (m.)
  • skarphet > skarpleik (m.)
  • skattelettelse > skattelette (m.)
  • skinne (s.) > skjene (f.)
  • skinne (v.) > skine
  • skjebne > lagnad (m.)
  • skjeløyd > skjegløygd (adj.)
  • skjære (fuglen) > skjor (f.)
  • skjød > fang
  • skjønnhet > venleik (m.) | fagerdom | skjønnheit (f.)
  • skjørhet > skøyrheit | skjørheit (iallfall i bein-) | det å vera skjør/skøyr
  • skrøpelighet > skrøpelegdom (m.)
  • skuffet > vonbroten (adj.)
  • skuffelse > vonbrot(t) (n.) | skuffelse (m.)
    • det var en stor skuffelse: > det var svært skuffande
  • skulder > aksel
  • sløvhet > sløvleik (m.)
  • sløves / bli sløv > sløvne (v.)
  • smalhet > smalleik (m.)
  • sortere > sortere (v.) | dele inn | ordne etter | ordne i sortar
  • spakhet > spakleik (m.)
  • sprekhet > sprekleik (m.)
  • stakkarslighet > stakkarsdom (m.) | armodsdom (m.) | vesaldom (m.) | umannsleg lag
  • statshemmelighet > statsløyndom (m.)
  • stedfortreder > avløysar (m.) | reserve (m.) | vikar (m.)
  • stemme > røyste (v.)
    • stemmerett > røysterett (m.)
    • stemmeberettiget > røystefør (v.)
  • sterkhet > sterkleik (m.)
  • stillhet > stille (f.) (det at det ikkje er bråk, ro) | togn (f.) (det å teie)
  • stivhet > stivleik (m.)
  • stole på > stole på (v.), lite på (v.)
  • stolt > byrg
    • stolthet > byrgskap | augnestein (noko ein er stolt over)
  • stramhet > stramleik (m.)
  • strekkfasthet > strekkfastleik (m.) | strekkstyrke (f.)
  • strenghet > strengleik (m.)
  • størrelse > storleik (m.), størrelse (m.)
  • størrelsesforhold > storleikshøve (n.)
  • storhet > stordom (m.)
  • surhet > surleik (m.)
  • stutthet > stuttleik (m.)
  • svakhet > veikskap (m.)
  • særdeleshet (i s-) > særleg/[serleg]
  • sømmelighet > sømd (f.), søme (f.)
  • søthet > søtleik (m.)

Til toppen ↑

  • tag (eng) > merke (n.)
  • takk > takk (f.); takket være takk vere (ikkje «takka vere/vera» eller «takk vera»); mange takk ~.
  • takknemlig > takksam
    • takknemlighet > takksemd
  • talefrihet > talefridom (m.)
  • tall > tal (n.)
  • tankefrihet > tankefridom (.m)
  • tankeløshet > tankeløyse (f.)
  • taushetsplikt > teieplikt (f.)
  • tegne > teikne (v.)
  • tetthet > tettleik (m.)
  • tekstbehandlingsprogram | teksteditor > skriveprogram (n.)
  • tenne > kveikje (v.)
  • tilbake > attende | tilbake
  • tilbakefall > atterfall (n.) | tilbakefall (n.)
  • tilbakevending > attervending (f.) | tilbakevending (f.)
  • tilbakekomme > atterkome (v.) | tilbakekome (v.)
  • tilbehør (bil med alt t-; skal du ha noe t-?) > attåtsom høyrer til
  • tilberede > lage til | framstille (v.)
  • tilberedning > tillaging (f.)
  • tilegnelse > tileigning (f.)
  • tilfeldighet > å vere tilfeldig | tilfeldig omstende | på slump
  • tilfredsstillelse > tilfredsstilling (f.) | fullnøying (f.)
  • tilføyelse > tillegg (n.)
  • tilgivelse > tilgjeving (f.)
  • tilhørighet > tilhøyrsle (f.)
  • tillatelse > løyve (n.) | fullmakt (f.)
  • tilståelse > tilståing (f.)
  • tiltak > åtgjerd (f.)
  • tilværelse > tilvære (n.)
  • tomhet > tomleik (m.) | innhaldsløyse (f.) | verdløyse (f.) | fåfengd (f.)
  • trafikksikkerhet > trafikktryggleik (m.)
  • tranghet > trongleik (m.)
  • treghet > tregleik (m.)
  • trosfrihet > trusfridom (m.)
  • trøtthet/tretthet > trøyttleik (m.) | trøytte (m.)
  • trykkefrihet > trykkjefridom (m.)
  • tykkelse > tjukn (f.) | tjukne (f.) | tjukkleik (m.)
  • tynnhet > tynnleik (m.)
  • tyskhet > tyskdom (m.)
  • tøffhet > (Ikkje ei oppføring i ordboka, men etter nynorsk morfologi[2]:) tøffleik (m.)
  • tørrhet > tørrleik (m.)

Til toppen ↑

  • uaktsom > aktlaus (adj.)
    • uaktsomt drap > aktlaust drap
  • uanselig > uviktig
  • uansett > (tyd. 1) same kva, (tyd. 2) kor som er
  • ubetalelig > ubøteleg, uboteleg (adj.)
  • uavhengighet > sjølvstende (n.)
  • uavhengighetserklæring > sjølvstendefråsegn (n.)
  • uavhengighetsprinsipp > sjølvstendeprinsipp (n.)
  • udødelig > udøydeleg (adj.)
  • udødelighet > udøydelegdom (m.)
  • uforgjengelighet > uforgjengelegdom (.m)
  • ukentlig > kvar veke, (vekeviss(t))
  • ufullstendighet > ufullverde | vera sund el. oppstykkja el. utan fullverde
  • ufullstendighetsteorem (Göedels u-) > skortsteorem | skortslæresetning
  • uførhet > uførleik (m.)
  • uklarhet > uklarleik (m.)
  • umiddelbar > utan opphald | spontan (adj.) | med ein gong | straks | beinveges (adj.)
    • umiddelbare tiltak > strakstiltak
  • underdanig > undergjeven (adj.)
  • urbefolkning > urfolk (n.)
  • urettferdighet > urett, urettvise
  • urinere (tisse/pisse) > mige (v.)
  • urinnvånere > urfolk (n.)
  • USA > (Dei amerikanske) Sambandsstatane|"statane" (n.), USA (n.), USA-amerikansk (adj.), sambandsstatsamerikansk (adj.)
  • uskarphet > uskarpleik (m.)
  • usselhet > usseldom (m.)
  • utad > utanpå | utantil | der folk kan sjå det | utetter
  • uteblivelsesdom > fråversdom (m.) | fråværsdom (m.)
  • utelukke > sperre ute, utelate, ekskludere, utstøyte, stenge ute, sjå bort frå, hindre
  • utgi > gje(va) ut (v.)
    • utgivelse > utgjeving (f.)
  • utredning > gransking | etterrøking
  • utrygghet > utryggleik (m.)
  • utseende > utsjånad (m.)
  • utspekulert > utkropen | sløg
  • utsteder > skrivar/utskrivar (m.) | teiknar (t.d. «teiknar aksjar») (m.)
  • uttalelse > fråsegn (f.)
  • utvidelse > utviding (f.)
  • uunnværlig > naudsynt | tarvande
  • uvirkelig > urøynleg (adj.)
  • uærlighet > uærlegdom (m.)

Til toppen ↑

  • valid > Sjå Gyldig
  • vandig > vasshaldig (adj) (t.d. vasshaldig kjemisk løysing) | vassen (adj)
  • «vann-» > «vass-» -- (T.d. vasspolo, vasskraft, vasskjøling) | «vatn» (Sjølvståande eller i enden av eit ord, t.d. «varmtvatn»)
    • til vanns >
  • vanskelighet > vanske (m.)
    • vanskelighetsgrad > vanskegrad (f.)
  • varig > haldbar | å halde på lenge | å vare lenge | permanent | kronisk | langvarig |
    • varighet > varigheit (f.) | varigskap (m.) | slitestyrke
  • vederfares > vederfarast | hende (v.) | skje (v.) | råke (v.) -- Negativt ladd
    • vederfarelse > hending (f.) | -- Negativt ladd
  • vederkvege > forfriske (v.) | fornye (v.) | gjere vel
  • vedrørende > vedkommande | gjeldande | som gjeld
  • vedta> vedta(ka) (v.) | avgjere (v.) | fastsetje (v.) | godta(ka) (v.) | akseptere (v.)
  • verken > korkje (n.) (korkje det eine eller det andre)
  • veikhet > veikleik (m.) | veikskap (m.)
  • veilede > rettleie (v.)
    • veiledning > rettleiing (f.)
  • veldedig > samfunnsgagnleg
    • veldedighet > velgjerd (f.) | velgjerning (f.)
  • velge, velger, valgte, valgt; velg! > velje/velja, vel, valde [valte], valt [vald]; velj!/velje! [velja!] (v.)
  • verksted > verkstad (m.)
  • viderverdighet > irritasjonsmoment (n.) | umake (kome seg heimatt utan umake) | bry | møde (kome seg heimat utan mykje møde)
  • vidunderlig > vedunderleg (a.) | makelaus (a.) | fantastisk (a.)
  • virkedag > yrkedag (m.) | vyrkedag (m.) | kvardag (m.)
  • virkelig > røynleg (adj.)
  • virkelighet > røynd (f.) | realitet (m.) | verkelegheit (f.) | faktiske tilhøve
  • virksomhet > verksemd (f.) | yrke (n.) | drift (f.)
  • vitenskap > vitskap (m.)
  • vitterlig (norr. vitrligr) > visseleg
  • vitterlighetsvitne > provsvitne (n.)| sanningsvitne (n.) | underskriftsvitne (n.)
  • værelse > rom (n.)
  • vær > vêr (n.)
  • værforhold > vêrtilhøve (n.)
  • våthet > våtleik (m.)

Til toppen ↑

  • ydmyk > audmjuk (adj)
  • ydmyke > audmjuke/audmykje (v.)
  • ydmykhet > audmykt (f.)/audmjukskap (m.)

Til toppen ↑

  • ærbødig > vyrdsam, vørdsam
    • ærbødighet > vørdnad/vyrdnad (m.) | respekt (m.)
  • ærede > vyrde (t.d. "vyrde landsmøte, vyrde ordstyrarar")
  • ærlighet > ærlegdom (m.)

Til toppen ↑

  • øde > aud (adj.) | audsleg (adj.) | forlaten (adj.) | avsides (adj.) | ubygd (adj.)
  • øde (subst) > øyde (f.)
  • ødegård > øydegard (m.)
  • ødelegge > øyde (v., det å leggje noko øyde) | øydeleggje (v.) | gjere til inkjes | rasere (v.) | smadre (v.) | skamfare (v.) | knekkje (v., om menneske) | gjere ende på | knuse (v.) | sløse bort
  • ødeleggelse > øydelegging (f.)
  • ødemark > øydemark (f.)
  • ødsle > øydsle (v.)
  • øre > øyre (n.)
  • ørret > aure (m.)
  • øye > auge (n.)
  • øyeblikk > augneblink (m.) | augeblikk (n.)
    • øyeblikkelig > straks (adv.) | omgåande (adv.) | med det same
  • øyne > øygna (v.) | augna (v.) | øygja (v.)
  • øvelse > øving (f.) | røynsle

Til toppen ↑

  • ånde (pust) > ande (v.) | ande (f.)
  • åndedrett > andedrag (n.) | pust (m.)
  • åpen > open (adj.)
  • åpenbar > openberr (adj.)
  • åpenbaring > openberring (f.)
  • århundre > hundreår (n.)
  • årtusen > tusenår (n.)
  • årlig > årvisst | årleg | kvart år
  • årvåkenhet > aktsemd (f.)

Til toppen ↑

Bakgrunnsstoff

endre

I bokylla.no, digitaliserte bøker

endre
  • Nynorsk ordliste for alle av Jon Bjones og Halvor Dalene. Universitetsforlaget 1996. Med bokmål til nynorsk-ordliste frå side 393. (Berre tilgjengeleg for dei med norsk IP.)

Gratistenester og fri programvare

endre

Frå andre språk til norsk

endre

Kommersielle produkt

endre
  • Med andre ord - Synonymordboka frå Samlaget har omsetjingar til nynorsk og finst i elektronisk utgåve (det finst au ei mindre utgåve, På godt norsk).
  • Ordrik - Nynorsk synonymordbok for Microsoft Office, med omsetjingsfunksjon frå bokmål til nynorsk.
  • Clue Lookup kan vera eit nyttig verktøy ved omsetjing av artiklar. Tenesta har ordbøker for norsk (bokmål), norsk-engelsk-norsk, norsk-tysk-norsk, engelsk-spansk-engelsk, fransk-engelsk-fransk, svensk-engelsk-svensk.
  • ordnett.no - Kunnskapsforlaget si blå språk- og ordbokteneste. Gratis frå universitetsnett.

Nynorsk tesaurus

endre

Referansar

endre