Wikipedia:Nynorsk innhald på Internett/rapport

4. - 5. november 2004 vart det halde eit seminar av Nynorsk kultursentrumIvar Aasen-tunet i Ørsta kalla Nynorsk innhald på Internett. Eg vart beden om å reisa dit for å representera nynorsk Wikipedia. Kort tid føre vart det også gjeve taletid til meg.

Dette er eit forsøk på ein "rapport"/"referat" frå seminaret. Sidan eg har snakka med mange ulike personar både under seminaret og uformelt utanfor vil ikkje alt komma med her og det er ikkje sikkert eg formidlar det objektivt.

Eg kom 1 time tidleg fram på første dagen og fekk difor tid til å snakka litt med tilsette, sjå meg litt rundt på Aasen-tunet og lesa litt på en:Wikipedia:Replies to common objections. Den første veldig gode overraskinga eg fekk var at Nynorsk kultursentrum kom til å dekkje både seminaravgift, seminarpakke og reiseutgifter. Ikkje nok med det, eg vil også få eit honorar for innlegget.

Referat av innlegga endre

I det fylgjande vil eg prøva å gi eit kort referat av dei ulike innlegga, mitt (diplomatiske, håpar eg) syn på dei, og ev. vinkling mot Wikipedia. Der eg ikkje har sett det som naudsynt har eg ikkje notert, det vert difor kort teke frå hovudet og ev. frå papirar eg har fått med meg. Det var fleire deltakarar som måtte melda fråfall pga. sjukdom (influensa), programmet er refererer vil difor vera noko kortare enn det som vart annonsert på aasentunet.no.

Dag 1 endre

Ottar Grepstad, Nynorsk kultursentrum: Den gode teksten og det ubrukte språket
Sidan Jon Bing hadde meldt fråfall prøvde Grepstad å baka inn litt av det han trudde Bing ville seia (ikkje noko lett oppgåve:). Han snakka difor om kvifor internett er så viktig, at eit nytt nynorsk leksikon kjem ut på internett frå byrjinga gjev det ein fordel ved å vera tilpassa dette formatet frå byrjinga. Han forsette med:

  • Internett som eit demokratisk styrkande verkty: "demokrati er å delta" (her tenkte eg på Wikipedia, der "alle kan delta"). Gjekk over til å visa kor vanskeleg det har blitt å finna påliteleg informasjon, kor mange databasar som var på Internett i byrjinga og kor mange det er no. Påpeika også at pengar styrer kva ein finn i søkemotorane. Internettleksikonet er difor eit svar som gjev "store, systematiske, pålitelege og velredigerte kunnskapsbasar" (sitat frå programmet) på ein del av befolkninga sitt eige språk -- nynorsk.
  • Litt orientering om kva politikarane har sagt/vedteke om nynorsk generellt, nynorsk på internett og kunnskapsbase. Eg har eit skriv om dette ("Nynorsk leksikon i regjering og i Stortinget"), men eg trur ikkje dette er tilgjengeleg på Internett.
  • Han gav 4 klassiske trekk for leksikon: påliteleg, oppdatert, tilpassa og velskrive til dette la han til nynorsk. Eg kommenterte etter innlegget at Wikipedia og sikkert andre leksikon brukar "NPOV", sa feilaktig at dette også betyr att alle stemmer skal bli høyrd, noko eg vart arrestert på av Haavard Nordlie, som ellers sa seg einig i NPOV. Eg poengterte også at Wikipedia prøver å vera så nøytral at ein ikkje har noko reklame i det heile, noko andre leksikon på nett brukar.
  • Han viste "journalistisk" undersøking av "Språk og målformer på 73 offentlege nettstader" (skriv frå Nynorsk kultursentrum) som synte at veldig få offentlege nettstader held seg innanfor lovene for språkleg jamstilling.
  • Me fekk eit skriv med eksempel frå ulike oppslagsverk om Kristofer Janson som viste korleis noko som var etablert frå byrjinga kom at i sienare artiklar, og viste korleis ein artikkel kunne utvikla seg med åra. Sitat (slik eg hugsar det) "alle kan jo ikkje settje seg ned for å grave for å finne informasjon til ein tekst på 10 linjer", her tenkte eg for meg sjølv at på Wikipedia så vil dette skje.
  • Han snakka litt om Norsk Alkunnebok og andre nynorskleksikon (tre stk.). Alkunneboka var ganske god fram t.o.m. bind 8, men etter det vart økonomien dårleg og dei siste x binda vart pressa inn i dei 2 siste binda som difor visstnok ikkje er av så god kvalitet. Han nemnde også at ein ikkje berre kunne ta eit eksisterande verk og "oppgradere" det.

Rolf Driveklepp og Vidar Egset, http://www.sparebanken.no/: Nettbank på nynorsk?
To representantar frå Sparebanken Volda Ørsta (inkl. IT ansvarleg) snakka om nynorsk og banken deira og meir spesifikt om nynorsk og nettbanken deira. Dei fleste nettbankar i Noreg brukar ei løysing frå EDB-konsernet (veit ikkje kva del av det). Løysinga til EDB var ikkje fleirspråkleg frå byrjinga (!) og vart det ikkje før no med hjelp frå Sparebanken Ørsta Volda, Voss sparebank, Voss mållag og Nynorsk kultursentrum. Det er ei pressemelding ute om dette på aasentunet.no. Sjølv var eg ikkje spesielt imponert at det skal ta så lang tid å få til ein fleirspråkleg nettbank frå EDB, dersom programvaren hadde ein fri lisens slik som det me brukar her, ville dette vore gjort heilt frå byrjinga (om nettbankprogramvaren bør ha fri lisens er eg ellers ikkje heilt sikker på).

Kristin Bakken, http://no2014.uio.no/: Norsk Ordbok og andre digitale ordbøker
Dette var eit interresant innlegg som viste kva ressursar som ein kan finne på websida og korleis Norsk Ordbok vert laga. Slik eg forstod det så var alle ressursane som Norsk Ordbok brukar tilgjengelege for ålmenna frå websidene deira, ev. utanom oppdatert nynorsk ordbok (versjonen på internett er frå 1992) og Norsk Ordbok sjølv. Kristin Bakken er leiar for prosjektet som skal ha ferdig ei mangebinds ordbok over det norske språket (på nynorsk) innan 2014. Det er eit prosjekt under Universitet i Oslo betalt av staten. Dersom dei får større kjelder inngår dei eigne opphavsrettskontrakter for bruk av desse. Føremålet med prosjektet er å laga papirutgåve, men dei har lyst å laga nettversjon slik som i Sverige. Her også tenkte eg at alt ville vore så mykje betre med fri lisens. Eg kommenterte at Wikimedia familien også inkluderar ei ordbok (Wikitionary), Bakken meinte ho hadde høyrd om den, men det var alt. Ho fortalde også om korleis prosjektet byrja med at folk sendte inn tusenvis av ord på sedlar som no er samla i seddelarkivet deira, dette var ein dugnadsinsats som ho gjerne såg at dei kunne dra nytte av no også. Wiktionary gjer slik dugnad mykje enklare (tenkte eg).

Ragnhild Bjørge, http://www.nynorsk.no/: Digitale kunnskapskjelder om og på nynorsk
Ragnhild Bjørge er ansvarleg for nynorsk.no og hadde ei ganske komplett oversikt det som er beskrive i tittelen. Ho hadde også ein del om Wikipedia som ho korta ned sidan eg skulle halda innlegg om dette. I sin "ulemper"-del av omtalen av Wikipedia nemnde ho at artiklar ikkje er signerte, dette er vanleg for å påpeika at ein "ikkje kan halda nokon ansvarlege", i den samanheng kan det vera viktig å visa til historikken til kvar side.

Karin Marie Loge, http://www.bergen.folkebibl.no/: Vestlandsforfattarar og annan litteratur på Internett
Loge presenterte heimesida til Bergen Folkebibliotek, det som var interessant og der dei skilde seg frå andre bibliotek er at dei har eigeprodusert stoff i form av Vestlandsforfattarbiografiar og intervju. Dette vart gjort "innimellom" på arbeid av ulike tilsette ved biblioteket. Eg trur dette kunne vera fine bidrag til Wikipedia, men vil vera vanskeleg og tidkrevjande å få til. Ho fortalde korleis artiklane måtte oppdaterast ettersom bøker kom ut (dei førespurnader om dette), dette kan vera eit argument for å leggja det på Wikipedia.

Arild Nybø, www.nrk.no/sfj/leksikon: Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Nybø presenterte noko som er eit imponerande prosjekt og som sikkert kan brukast som kjelde for Wikipedianarar. Eg har sett at dette ikkje er synleg på Google og kan difor vera ukjend for mange (meg inkl.). Storparten av innhaldet vart laga av ein pensjonert NRK tilsett og er me heldige er det difor kanskje mogleg å få bruka innhaldet. Mykje bilete og video er ikkje brukande for Wikipedia ettersom det er kompliserte opphavsrettslege krav på dei (NRK produksjonar, bilete frå USA med opphavsrettslege skjema på 3 sider). Nybø peika på at det no ikkje såg ut til å bli pengar til oppdateringar og vedlikehald (t.d. av forsida) og eg tenkte for meg sjølv at dette ville Wikipedia og fri lisens løyst. Dersom ein er rettleg uheldige kan denne sida bli teken frå nettet i ei omorganisering eller eit eller anna etter at dei ikkje har blitt oppdatert nokon år pga. pengemangel. Fri lisens ville sikra spreiding, tilgjenge og oppdateringar (Wikipedia).

Dag 2 endre

Yngve Nedrebø, http://digitalarkivet.uib.no/: Arkiverte, men ikkje bortkomne kjelder
Presentasjon av eit veldig imponerande prosjekt. Derom se treng fakta frå kyrkjebøker, loggar osb. så ta ein kikk på denne sida. Dei legg til nye data heile tida. Sida er utruleg populær og mange av kjeldene blir samla inn på dugnad og digitalisert på dugnad. Både dette prosjektet og norsk ordbok viser kor stort dugnadspotensialt det er der ute som Wikipedia også kan nytta seg av.

Haavard Nordlie, http://www.caplex.no/: Caplex
Sidan eg byrja seminaret denne dagen med mitt innlegg kunne Nordlie referera til Wikipedia. Dette gjorde han veldig sympatisk og diplomatisk. Presentasjonen la vekt på kostnader med Caplex (for å vise kva nynorskversjon ville kosta), størrelse og popularitet (det veks of blir meir populært). Han nemnde:

  • Caplex er "papir på nett", på spørsmål om kva dei vil gjera med det, var han ikkje heilt klar (/sikker(?)), men sa at dei kom til å legga vekt på "aktuelle" "feature" artiklar (mine ord) som er laga berre for nettversjonen.
  • Caplex kjem til å få meir reklame til høgre på sida deira klart skild frå resten av innhaldet.
  • Caplex på nett har neppe minka salet av papirutgåve, heller auka det.
  • Ingen leksikon er feilfri.
  • Nettversjonen har 64 000 artiklar.
  • Tekst er viktig, caplex fokuserar på tekst og eit enkelt design.
  • Artiklane er tilsaman 12 millionar teikn (ikkje meir?) som kostar 4,5 millionar kr etter (opphavsretts)takst pr. line.

Olav Stokkmo, http://www.samlaget.no/: Frå bok til leksikon
Stokkmo presenterte Samlaget og deira ambisjonar om eit nettbibliotek med leksikon og ulike oppslagsverk frå Samlaget kunne vera samla. Presenterte kostnader (store) og repeterte kvifor det er så viktig informasjon ein kan stola på. Presentasjonen hadde litt mykje seljarform og eg trur ikkje han refererte til Wikipedia i det heile.

Ottar Grepstad og Eirik Helleve, www.aasentunet.no: Nynorskbasen
Dette vart ein kort presentasjon, men eg føreslår at de tek ein titt på aasentunet.no (Nynorsk kunnskapsbase --> nettbibliotek) der det er eit vell av bøker som ikkje er verna av opphavsrett lenger, andre tekstar og også forfattabiografiar av Jon Grepstad, slik eg forstår det blir det lagt ut nye tekstar heile året. Eit samarbeid om å få dette inn på Wikipedia ville vore kjempeflott.

NYNORSK PÅ INTERNETT 2005-2014: KVEN GJER KVA - OG KVA MED PENGANE? Paneldebatt
I denne paneldebatten vart Trine Skei Grande (Venstre, kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen) og Rune Skjælaaen (Senterpartiet) floge inn rett før og floge ut med ein gong etterpå. Dei hadde altså ikkje delteke på seminaret før og hadde lite tid til slutt. I tilleg til desse to deltok Audun Heskestad (Det Norske Samlaget) og Ottar Grepstad styrde debatten. Det vart litt politisk prat, alle var eigentleg eininge om kva ein ville, pengane kjem ikkje no med Høgre / Frp som styrarar av budsjettet, men truleg dersom Senterpartiet kjem til makta. Det vart konkludert med at ein skulle oppretta ein komité som vil jobba med korleis ting bør gjerast. Eg kjem til å haldast oppdatert om dette.

Wikipedia innlegg endre

Sjølv heldt eg innlegg på fredagen kl. 0915. Det var det første innlegget den dagen og varte 20-30 min med 10-20 min spørsmål/diskusjon i etterkant (eg såg på klokka ein einaste gong). Sjølv om det kom fram dagen på førehand at publikum truleg var meir oppmerksam på Wikipedia enne eg hadde rekna med, og eg hadde fått nokre spørsmål og kommentarar, heldt eg innlegget omtrent slik som det er å finna på Brukar:Dittaeva/Wikipedia-presentasjon. Under demonstrasjondelen la eg inn ein ferdig kladd av Sverre Fehn med utgangspunkt i den raude lenkja på Ivar Aasen-tunet. Publikum var i denne fasen ikkje like entusiastiske med å komma med rettingar som eg opplevde på Leikanger Næringshage.

Som ein kan sjå frå skriptet til presentasjonen, la eg lite vekt på innhaldet i nynorsk Wikipedia og fokuserte meir på å overbevisa publikum om at nynorsk Wikipedia kunne bli like god som tysk Wikipedia (med undersøkingar til å bevisa at tysk Wikipedia er bra). Eg kunne (burde nok også) lagt meir vekt på å visa korleis Wikipedia og programvaren som ligg bak fungerar, men noko av dette (historie, brukarsider) fekk eg vist i spørsmålsdelen.

Det kom mange spørsmål i etterkant, "kva om nokon øydelegger" (viste historikk og at ein kan hente tilbake), "kven er ansvarleg", osb. eg prøvde så godt eg kunne å svara på alle og visa på lerretet (hadde pc m. Internett kopla til videokanon), men kunne nok komme betre ut av det på mange spørsmål. Haavard Nordlie hadde fleire spørsmål og kommentarar; han meinte han hadde lest lisensen og funnet ut at ein ikkje kunne driva kommersielt med dette, altså selja det, eg veit ikkje om han har misforstått, lest ein annan lisens eller rett og slett komme til at det ikkje er mogleg å driva business på hans måte med ein slik lisens; han meinte at ein ville få problem med konsistens (her gløymde eg å nemna at etterkvart blir det utviklar retningsliner); det vart også ein liten "krangel" av at eg påsto at Britannica ikkje garanterar noko (dei har disclaimer slik som Wikipedia) utan å framheve at Britannica seg kvaliteten sin veldig høgt og har eit rykte, kvalitetsystem osb.. Olav Stokkmo var misnøgd med at han ikkje hadde fått vita før at eg kom til å presentera Wikipedia, at eg ikkje sa meir om korleis dei tyske vuderingane vart gjort (eller at han ikkje kunne finna ut dette på førehand) og at eg ikkje sa noko om artikkelen i Aftenposten som han meinte konkluderte med at wikipedia omtrent var fullstendig ubruklig. Dette fekk eg tilbakevist med at det ikkje var ein slik konklusjon i den artikkelen, at det var ei heller lita vurdering og at dei hadde vald litt mykje norsk vinkla artiklar. Eg burde nok ha nemnt artikkelen i presentasjonen for å unngå dette.

Alt i alt virka det som eg traff ei nerve hjå forlaga, men eg vil seie at eg kom godt ut av det med Nordlie frå Cappelen. Ottar Grepstad noterte seg kven som var dei mest aktive identifiserte bidragsytarane på nynorsk Wikipedia, men eg trur ikkje han såg på det som noko reelt alternativ. Eg fekk mykje skryt frå fleire av tilhøyrarane og tykkjer sjølv at det var vellukka sjølv om eg sikkert kunne hatt betre svar og betre presentasjon. Uansett er det framleis ikkje pengar sett av til dette frå nokon partar og den dagen det er det vil nynorsk Wikipedia framstå som eit enno betre alternativ enn det gjer i dag.

  • Jon Grepstad lurte på om me hadde tenkt på å bruka Nyno til å automatisk omsetja artiklar frå no.wikipedia og bruka det som utgangspunkt for artiklar på nynorsk Wikipedia. Sjølv tykkjer eg heilt klart at dette kan vera verdt å tenkja på.
  • Svenn fosseng frå Samlaget virka veldig positiv til og såg ut til å forstå Wikipedia veldig godt.
  • Eg vart oppringt av NRK Sogn og fjordane under konferansen og tok difor ikkje telefonen, ringte dei opp att men då var dei ikkje tilgjengelege og no ser det ut til å vera for seint.
  • Det er ein fordel om viktige bidragsytarar identifiserar seg med namn slik at dei som treng det kan få sine "ansvarlege", sidan fleire har gjort dette allereie på nynorsk Wikipedia var dette noko som vart bemerka positivt i forhold til no.wikipedia.
  • nynorsk.no brukar sikkert ei pressemelding dersom me skriv den, dette vil sikkert andre nynorsksider gjera også. Det vil vera ein fordel om me allereie no finn ut kva neste pressemelding skal handla om og set i gang med å skriva den. 1000 artiklar byrjar å bli eit gamalt emne no, dersom det blir noko "komité"møte om nynorsk leksikon kan me kanskje gjera noko i samband med det?
  • Eg trur det vil hjelpa arbeidet vårt veldig mykje å spre forståing om fordelane med frie lisensar.
  • For å rekruttera nye bidragsytarar er det veldig viktig å få fram at kven som helst kan bidra at det er veldig enkelt og at ein må vera modig. Sjølv om ein seier at kven som helst kan redigera trur eg ikkje det er så mange som skjønar kor enkelt det faktisk er.
  • Takk til Leikanger næringshage som ville dekkja utgiftene mine, og Brukar:BjarteSorensen og Brukar:Ranveig som også ville bidra.

--Guttorm 10. nov 2004 kl. 14:12 (UTC)