Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 29, 2020
Bygland er ein kommune i Setesdalen i Agder fylke. Det meste av busetnaden i kommunen følgjer innsjøen Byglandsfjorden, og elva Otra nordanfor. Kommunen har to tettstader: Byglandsfjord og administrasjonssenteret Bygland. Skogbruk og jordbruk er viktige næringsvegar, attåt turisme, der kommunen i nyare tid har satsa på kulturliv og aktivitetar. Den vidaregåande skulen KVS-Bygland har linjefag innan bygg, skogbruk og reiseliv. Riksveg 9, frå Kristiansand til Haukeli, går nord-sør gjennom kommunen.
Bygland er den einaste kommunen i tidlegare Aust-Agder fylke som har hatt uendra grenser sidan det kommunale sjølvstyret vart innført i Noreg i 1837. Kommunen grensar i nord til Valle, i aust til Fyrsdal og Åmli, i sør til Froland og Evje og Hornnes, og i vest til Åseral, Kvinesdal og Sirdal.
Kommunevåpenet viser ei oppspringande gull gaupe på grøn grunn. Gaupa symboliserer det bratte, ville og skoglendte terrenget i kommunen. Les meir …