Opna hovudmenyen

Mister, You're a Better Man Than I

(Omdirigert frå You're a Better Man Than I)
You're a Better Man Than I
Singel av The Yardbirds
frå albumet Having a Rave Up with The Yardbirds
A-side «Shapes of Things»
Utgjeve 15. november 1965 (USA), 25. februar 1966 (Storbritannia)
Innspelt September 1965
Studio Phillips Recording i Memphis, Columbia Recording i New York City
Sjanger Rock, folkrock, psykedelisk rock
Lengd 3:15
Selskap Epic (USA), Columbia (Storbritannia)
Låtskrivar(ar) Mike Hugg, Brian Hugg
Produsent Giorgio Gomelsky
Britisk Yardbirds-kronologi
Evil Hearted You
(1965)
You're a Better Man Than I Over Under Sideways Down
(1966)


«Mister, You're a Better Man Than I» eller «Mr. You're a Better Man Than I» og berre «You're a Better Man Than I», er ein song først spelt inn av den engelske rockegruppa The Yardbirds. Han vart skriven av brørne Mike og Brian Hugg, og vart opningssporet på det andre amerikanske albumet deira, Having a Rave Up with The Yardbirds (1965).[1] Tre månader seinare, i februar 1966, vart han gjeven ut i Storbritannia som B-sida til singelen «Shapes of Things».[2] Med ein politisk tekst og fengande melodi vart songen spelt inn av mange andre artistar. Den mest suksessrike versjonen vart spelt inn av den amerikanske garasjerockgruppa Terry Knight and the Pack, som fekk ein mindre nasjonal hit med songen.

Medn unntak av «Still I'm Sad», vart ikkje songen, som dei fleste andre songane på Having a Rave Up with The Yardbirds, skriven av eit bandmedlem. Uansett er «Mister, You're a Better Man Than I», i lag med «Shapes of Things», kanskje det beste dømet på Jeff Beck si eksperimentering med forvrengd gitar og bruk av feedback på ei Yardbirds-innspeling.[3] Som med «Shapes of Things» brukar songen element av psykedelisk rock.[3] Teksten omhandlar problemstillingar på denne tida som at ein vart bedømd etter rase, statsinngrep og valdsbruk.[4]

I februar 1966 spelte Terry Knight and the Pack inn sin eigen versjon av «Mister, You're a Better Man Than I» (forkorta til «You're a Better Man Than I») etter å ha høyrt The Yardbirds spele songen på ein konsert i Michigan.[5] Songen var den første innspelinga til gruppa som gjekk inn på den nasjonale singellista, men nådde berre 125. plassen. Regionalt gjorde songen det langt betre og nådde Topp 10 på fleire radiolister og selde i alt kring 150 000 eksemplar.[5]

Andre artistar har òg tolka «Mister, You're a Better Man Than I». Chicago-bandet New Colony Six spelte inn songen for debutalbumet Breakthrough i juni 1966.[6] I 1969 gav Manfred Mann Chapter Three, med Mike Hugg på solovokal, ut songen på deira debutalbum.[7] Songen vart særleg populær blant tenåringar i Fort Worth i Texas, og vart spelt av The Cynics and Jinx.[8]

MedverkandeEndra

KjelderEndra

  1. «500 Greatest Albums of All Time». Rolling Stone. Henta 31. mars 2018. 
  2. Carson, Annette (2001). Jeff Beck: Crazy Fingers. Backbeat Books. ISBN 0-87930-632-7. 
  3. 3,0 3,1 Nave, Connie (2009). «Having a Rave Up with the Yardbirds (CD booklet)». Victor Records. 
  4. Clayson, Alan (2002). The Yardbirds: The Band that Launched Eric Clapton, Jeff Beck, Jimmy Page. Hal Leonard Publishing. s. 84. ISBN 0-87930-724-2. 
  5. 5,0 5,1 «Terry Knight and the Pack». michiganrockandrolllegends.com. Henta 31. mars 2018. 
  6. Unterberger, Richie. «Breakthrough - Review». allmusic.com. Henta 31. mars 2018. 
  7. Allen, Mark. «Manfred Mann Chapter Three - Review». allmusic.com. Henta 31. mars 2018. 
  8. Morthland, John. «Fort Worth Teen Scene Vol. 1, Fort Worth Teen Scene Vol. 2, Fort Worth Teen Scene Vol. 3». austinchronicle.com. Henta 31. mars 2018.