Zhou Chunxiu

Zhou Chunxiu (fødd 15. november 1978) er ein kinesisk tidlegare langdistanseløpar frå Jiangsu. Ho vann VM-sølv 2007 og OL-bronse 2008 i maratonløping. Både i 2006 og 2010 sigra ho i maratontevlinga under Asia-leikane.

Zhou Chunxiu

Zhou Chunxiu 6617.jpg

Statsborgarskap Folkerepublikken Kina
Fødd 15. november 1978
Sheqi
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Asialekene 2006, Asialekene 2010

AktivEndra

Zhou vann Xiamen maraton både i 2003, 2004 og 2005. I 2005 sigra ho òg i Seoul maraton, ein triumf ho gjentok året etter då ho sette løyperekord med verdsbestetida 2.19.51. Seinare i 2006 sprang ho inn til gull i maraton under Asia-leikane i Doha.

I 2007 vann Zhou London maraton på sterke 2.20.38. Ved verdsmeisterskapen i Ōsaka same året kom ho i mål til sølv, åtte sekundar bakom Catherine Ndereba frå Kenya og med eit forsprang på ti sekundar til bronsemedaljør Reiko Tosa frå Japan.

Under dei olympiske sommarleikane 2008 i heimlandet sikra Zhou seg bronsemedaljen i maratonløpet, eit løp Constantina Tomescu frå Romania vann framom Catherine Ndereba. Etter ein fjerdeplass i Berlin-VM 2009, lukkast Zhou å forsvare meistertittelen i maraton under Asia-leikane 2010 i Guangzhou.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskapEndra

KjelderEndra