Økland på Bømlo

Økland er ein gard i Bømlo kommune i Hordaland fylke. Garden har gardsnummer 100 i kommunen og ligg nordvest på Bømlo. Staden ligg ca 4 km frå kommunesenteret Svortland. Viktige bedrifter på Økland er Bremnes Seashore og Birger Økland og sønner.

Økland
stad
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Bømlo
Postnummer 5430 BREMNES

Gardsnamnet endre

 
Vegskilt mot Øklandsvågen (Foto: Marius Økland)

Gardsnamnet kan seie noko om garden sin historie, opphav og funksjon. Økland har hatt mange skrivemåtar bl.a Ockeland (1519), Ogland (1521), Oechlanndt (1601), Øchlannd (1646), Øgland (1686) og Økland (1716). Det finst to hovudtydingar av gardsnamnet, den eine er at namnet tidlegare har vore Aukland (altså: aukingsland, eller rydda utmark). Dette aukingslandet har etter kvart rive seg laus frå hovudgarden og blitt ein eigen gard. Den andre tydinga går på at ein tidlegare brukte ordet økl. Det tyder 'utvekst' og blir også brukt om små haugar. Dette kan vere ein grunn til gardsnamnet, då det finst ganske så mange haugar, hamrar og knausar i Øklandsvågen.

Fiske og landbruk endre

Fiske endre

Fiske har igjennom tidene vore svært viktig for gardsfolket, det står mellom anna i bygdaboka at: «Garden hadde ikkje annan næring enn avlinga og fiske». Det vil seie at øklandsfolket var typiske fiskarbønder. Øklansdsvågen var ein av dei første handelsstadane på Bømlo. Så tidleg som på 1500-talet var Øklandsvågen kjent lasteplass for utanlandske fartøy som kjøpte hummar og hummaren stod sentralt heilt fram til 1950-60-70-åra. «Hummarfisket var eit svært viktig fiske for folket rundt her. Eg veit ikkje kva dei skulle leve av, dersom dei ikkje hadde hatt hummaren. Den var trufast og godt betalt» uttalar Olav Svendsen i boka «... og eg fann på dette her».

 
Her er ein av dei eldste husa på garden. Det ligg i Øklandsvågen, og det var i dette huset landhandelen føregjekk. (Foto: Marius Økland)

Handel endre

I 1699 var der landhandel og gjestegjeveri. Ein kunne òg levere fisk, hummar og villaks og i periodar var det bakeri og brennevinsutsal her. Dette gjekk frå generasjon til generasjon fram til sommaren 1937, då det kom spørsmål frå Jens Eldøy frå Stord om ein kunne ta imot blæretang for han. Olav Svendsen, som den gongen var 14 år fekk ansvaret. Dette mottaket utvikla seg til den bedrifta som i dag er ein hjørnesteinsbedrift i kommunen, Bremnes Seashore.

Landbruk endre

I dag er blir det ikkje drive landbruk på Økland, ein kan berre sjå spor som fortida har sett ifrå seg. Løer og utefjøs står igjen som minnesmerke over historia til garden. Dersom ein tel kjem ein til fire-fem løer og eit par utefjøs. Det er enno sauer på garden, men det blir drive på hobby-basis. Dei største bakkane blir stort sett slått av bønder frå nabogardar og lagra i siloar som fôr til dyra.

Ein kan lesa i bygdeboka at i 1723 så hadde Økland ingen husmannsplass, ingen skog og heller ikkje seter, men her fanst ei lita kvern til eiga bruk, denne stod i Kvednavikbekken. Sidan det no ikkje var skog på garden måtte ein skaffa brensel på andre måtar, såleis blei torv viktig. Torv kunne ein henta på Rogøya som ligg like utanfor Økland. Før 1723 var dette var ein husmannsplass. Midtholmen, som ligg rett utanfor Kvednavikjo, blei òg nytta som husmannsplass. Dersom ein køyrer ut til desse plassane i dag vil ein undrast over om det i det heile var mogleg å bruke holmen til noko ting som helst. Det er ingen gode jordbruksstadar, men det var det ein hadde å ta med takke til. Løene i dag blir stort sett nytta til å lagre diverse utstyr (akebrett, bildekk, ved, tilhengarar etc.) i, eller dei står tomme. Ein av løene er riven for å utbetra vegen.

Heilt nord i garden har ein ei utmark som dyra har gått på i sommarhalvåret. Elles slapp ein saueneholmar og små-øyar om sommaren. I krigstid var det derimot forbod mot å ha sauer på øyane, dette for at fienden ikkje skulle få tak i mat.

Kjelder endre

  • Bømlo Bygdebok bind 1, Simon Steinsbø
  • ...Og eg fann på dette her, Kristine Sele