Newfoundland
- For den kanadiske provinsen tidlegare kalla Newfoundland, sjå Newfoundland og Labrador.
Newfoundland (fransk Terre-Neuve, irsk Talamh an Éisc, latin Terra Nova) er ei stor øy utenfor nordaustkysten av Nord-Amerika og den tettast folkesette delen av den kanadiske provinsen Newfoundland og Labrador.
Newfoundland | |
---|---|
Tettstaden Twillingate på Newfoundland. | |
Geografi | |
Stad | Nord-Atlanteren |
Koordinatar | 49°00′N 56°00′W / 49.000°N 56.000°W
|
Areal | 111 390 km²
|
Høgaste punkt | The Cabox (814 m moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Canada |
Provins | Newfoundland og Labrador
|
Demografi | |
Folketal | 505 409 (2006)
|
Newfoundland er skild frå Labrador-halvøya av Belle Isle-stredet og frå Cape Breton Island av Cabot-stredet. Provinshovudstaden St. John's ligg på den søraustlege spissen av øya.
Historie
endreDei første innbyggjarane på Newfoundland var truleg forfedrane til beothukane som haldt til på øya då ho blei oppdaga av europearar. Dette urfolket og kulturen deira døydde ut på grunn av koloniseringa. Den siste beothuken, Shanawdithit, døydde i St. John's i 1829 av tuberkulose.
Det er funne restar etter vikingbustader på L'Anse aux Meadows nord på Newfoundland, som er rekna som staden vikingar leia av Leiv Eiriksson slo seg ned på i det dei kalla Vinland. Dette er det einaste arkeologiske beviset på europeisk kontakt med Nord-Amerika i før-kolumbisk tid.
Øya opplevde seinare innvandring frå fleire europeiske land, særleg fiskarar frå Irland og Frankrike på grunn av dei gode fiskebankane i havet utanfor.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Newfoundland» frå Wikipedia på bokmål, og «Newfoundland» frå Wikipedia på engelsk den 5. februar 2008.