Øystein Øvretveit

norsk fotballspelar

Øystein Øvretveit (fødd 25. juni 1994) er ein norsk fotballmålvakt. Øvretveit er oppvaksen i Sund kommuneSotra og spelar på Fotballklubben Jerv (2020).

Øystein Øvretveit
Personleg informasjon
Full namnØystein Øvretveit
Fødd25. juni 1994
FødestadBergen
Høgd193 cm
SpelarposisjonMålvakt
Klubbinformasjon
Noverande klubbBrann
Draktnummer12
Ungdomskarriere
-2009Noreg Telavåg, Noreg Skogsvåg
Seniorspelar*
ÅrLagKmp (mål)
2011Noreg Åsane (lån)-
2012-Noreg Brann5 (0)
Landslag
2009Noreg Noreg G151 (0)
2010Noreg Noreg G167 (0)
2011Noreg Noreg G179 (0)
2012Noreg Noreg G186 (0)
2012Noreg Noreg G193 (0)
* Kampar og mål for klubblag er berre rekna for den heimlege ligaen og oppdatert 17. mai 2013.
† Kampar (mål).

Han spela i Brann.[1]

Øvretveit var viktig på gutelaget til Brann som vann NM hausten 2010. Han kom til Brann som 15-åring etter å ha spelt ein periode for Skogsvåg, men spelte dei første åra sine for Telavåg. Øvretveit spelte dei fleste kampane for Brann 2 i tredjedivisjon våren 2011, i tillegg til kampane til juniorlaget.[2]

Øvretveit vart tekne ut av trening i fleire månader vinteren 2011-2012 på grunn av uregelmessige hjarteslag, men vart friskmeldt og rykte opp som tredjekeeper for laget i 2012, bak Jørgen Mohus og Piotr Leciejewski.[2]

Øvretveit blei tredjemålvakt for A-laget til SK Brann i 2012-sesongen. Men då andremålvakt Jørgen Mohus skadde fingeren ei veke før start, og fyrstemålvakt Piotr Leciejewski skadde skuldra i kampen mot Rosenborg 25. mars, debuterte Øvretveit som Brann-målvakt i Tippeligaen då han kom inn innbyttar i denne kampen, 17 år gammal.[3] Leciejewski kom attende frå skaden to veker seinare, og i mellomtida vart Hannes Halldorsson vart henta inn som andreval ut april. Leciejewski vart skadd igjen på 16. mai-kampen dette året, og igjen vart Øvretveit bytta inn. Leciejewski vart ute ei stund, og Øvretveit fekk dermed tre kampar frå start mot Aalesund, Fredrikstad og Tromsø. Som 17 åring hadde han dermed fått fem kampar i Tippeligaen.[2]

Øvretveit har spelt for alle aldersklassane av landslaget frå G15 opp til G19. Han debuterte for G15 22. september 2009 i ein kamp mot Sverige. Året etter spelte han sju kampar for G16 og i 2011 ni kampar for G17. Same året debuterte han for G18, som han spelte seks kampar før, før han i april 2012 debuterte for G19.[4]

I januar 2013 forlenga Øvretveit avtalen sin med Brann og har kontrakt fram til og med sesongen 2015.

Sesong Lag Turn. Kmp Min Ins.m. Ass. Sm G.k. R.k. Resultat
V U T
2013 Brann Tippeligaen 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0
2012 Brann Tippeligaen 5 385 7 0 0 0 0 2 0 3
Totalt 5 385 7 0 0 0 0 2 0 3

[5]

Kjelder endre

  1. Fotball.bt.no, 26.03.12: Brann snakker med Opdal, arkivert frå originalen 29. mars 2012, henta 11. april 2012 
  2. 2,0 2,1 2,2 Spelarprofil på brann.no, arkivert frå originalen 21. juli 2013, henta 17. mai 2013 
  3. Fotball.bt.no, 26.03.12: Brann snakker med Opdal, arkivert frå originalen 29. mars 2012, henta 11. april 2012 
  4. Spelarfakta er henta frå Altomfotball.no
  5. Spelarfakta er henta frå Altomfotball.no
Brann – spelarstallen 2013
Målmenn
  1 Jørgen Mohus
  12 Øystein Øvretveit
  24 Piotr Leciejewski
Forsvarsspelarar
  2 Birkir Már Sævarsson
  4 Simen Wangberg
  7 Hassan El Fakiri
  18 Markus Jonsson
  21 Zsolt Korcsmár
  27 Erdin Demir
  30 Jonas Grønner
Midtbanespelarar
  8 Fredrik Haugen
  9 Martin Pusic
  14 Fredrik Nordkvelle
  17 Stéphane Badji
  26 Kasper Skaanes
  29 Kristoffer Barmen
  32 Tomasz Sokolowski
Angrepsspelarar
  11 Vasilij Pavlov
  19 Kristoffer Larsen
  22 Amin Askar
  23 Erik Huseklepp
  28 Bård Finne