Norsk ytre språkhistorie

Norsk ytre språkhistorie er historia til det norske språket og språksamfunnet ut frå eit sosialt synspunkt.

Norrønt språkEndra

Norrønt er ei samnemning for det språket som vart snakka i Noreg, på Island, Shetland, Færøyane og Grønland i perioden frå ca. år 700 til ca. år 1370. I Noreg endra norrønt, eller gammalnorsk, seg kraftig frå og med midten av 1300-talet, og målet gjekk inn i den mellomnorske perioden.

Union med DanmarkEndra

Frå 1389 til 1450 var Noreg i union med Sverige og Danmark, og frå 1450 til 1814 med Danmark. Då blei det norske språket lite påverka av dansk, sjølv om dansk blei bruka i skulen og i konfirmasjonsundervisninga. Skriftspråket som blei bruka var reint dansk frå 1530-åra. Men framleis snakka dei fleste norsk i Noreg. Under reformasjonen frå år 1536 blei det spreidd reformasjonslitteratur som Bibelen og salmebøker. Her i Noreg blei dette spreidd på dansk, ikkje på norsk. Mot slutten av dansketida oppstod den dansk-norske danna daglegtala i Christiania som seinare skulle bli normeringsgrunnlaget for riksmål.

Språkstoda 1814-1900Endra

I 1814 kom Noreg ut av unionen med Danmark og inn i ein friare union med Sverige. Landet fekk òg ei eiga grunnlov. No ynskte mange nordmenn å framheve det som var norsk. Somme ville òg forandre språket. Talespråket blant embetsmenn og overklassen i byane på den tida, såkalla "danna daglegtale", var dansk med norsk uttale. I distrikta brukte dei sine eigne dialektar, og det same gjorde vanlege folk i byane. Skriftspråket i Noreg var framleis dansk.

Somme ville fornorske skriftspråket, endre skriftspråket i norsk retning ved å ta inn norske ord, lydar og bøyingsformer. Det var òg folk som ville behalde det danske skriftspråket slik det var. Andre ville ha ei målreising, det vil seie å skape eit nytt norsk skriftspråk på grunnlag av dialektane. Alt dette førte frå 1830-åra til ein hissig språkdebatt. Dei viktigaste personane under denne diskusjonen var Henrik Wergeland, Johan Sebastian Welhaven, Knud Knudsen, Peter Andreas Munch og Ivar Aasen.

Henrik Wergeland og Johan Sebastian Welhaven var bitre fiendar under debatten. Wergeland gjekk inn for å fornorske språket. Han stod for at eit sjølvstendig folk måtte ha sitt eige språk, at nordmenn måtte skrive slik det var naturleg for dei og at dette ville gjere det lettare å lære å lese og skrive. Sjølv brukte han mange særnorske ord i diktinga si. Welhaven ville derimot bevare det danske skriftspråket slik det var. Han meinte det ville vere sunt å behalde den danske kulturen.

Knud Knudsen stod, som Wergeland, for fornorsking. Han meinte at skriftspråket skulle vere så likt det munnlege språket som mogleg. I 1845 gav han ut ein artikkel om rettskrivinga i det norske språk. Ei viktig sak for han var å innføre harde konsonantar, «p», «t» og «k» i staden for «b», «d» og «g» som i dansk. For eksempel ville «tab» bli til «tap» og «mad» til «mat». Knudsen døydde i 1895, så han fekk ikkje oppleve at dansk i Noreg fekk blant anna desse forandringane, i 1907.

Språkforskaren og historikaren Peter Andreas Munch meinte at to språk aldri kunne blandast, og at dansk med norske ord aldri kunne bli norsk. Han ville ha det danske skriftspråket slik det var, og han ville at eit nytt, norsk språk skulle lagast frå den dialekta som var mest lik norrønt.

Ivar Aasen var einig med Munch i at Noreg skulle ha sitt eige skriftspråk, og at dette måtte skje ved målreising. Han meinte derimot at det måtte byggje på fleire av dei norske dialektane, ikkje berre éin. Han reiste rundt i 250 kommunar i Noreg for å undersøkje korleis folk snakka, og han samla inn ord og grammatikk frå dei ulike dialektane. Stoffet han samla, arbeidde han vidare med. Dette resulterte i ei grammatikkbok og ei ordbok. Desse bøkene heitte begge Det norske Folkesprog. I byrjinga av 1850-åra føreslo han at landsmål, som han kalla språket han hadde utforma, skulle bli eit offisielt språk. I 1864 gav han ut Norsk grammatikk, og i 1873 Norsk Ordbog. Dette var byrjinga til det som i dag blir kalla nynorsk. Landsmål, dagens nynorsk, blei i 1885 sidestilt med det almindelige skrift- og bogsprog, som var det same som dansk. Aasen døydde i 1896.

Gjennom 1870- og 80-åra skjedde mykje viktig innanfor skriftspråkutviklinga i Noreg. Fleirtals-endinga for verb blei endra. Før heitte det: «jeg er», men «vi ere». No skulle det heite: «jeg er» og «vi er». Store forbokstavar i substantiv blei borte, og dei latinske bokstavane som blir bruka i dag, kom inn for dei gotiske trykkbokstavane. Frå 1879 fekk elevar og lærarar snakke daglegmålet sitt på skulen. Elevane måtte framleis skrive skriftspråket, men dei var ikkje lenger nøydde til å prøve å snakke det. Lærarane skjønte at det blei ein for stor skilnad mellom tale- og skriftspråket, og kravde at noko måtte gjerast.

I 1885 blei altså landsmål likestilt med det almindelige skrift- og bogsprog. I 1892 vedtok Skulestyret at opplæringa i skulen kunne skje på anten det almindelige boksprog, eller på landsmål. Alle elevar måtte lære å lese begge språka. Frå då av hadde Noreg to offisielle skriftspråk. Året etter kom valformer som «bold» – «ball» og «raabe» – «rope». Mange meinte at slike valfrie former skapte rot i rettskrivinga.

Språkstoda etter 1900Endra

I 1901 fekk landsmål for fyrste gong ei offisiell rettskriving, med di det vart turvande etter som alt fleire skular tok det i bruk. Denne rettskrivinga fekk namnet Hægstadnormalen, og midlandsnormalen var sideform. Ved dette høvet fall òg store bokstavar i substantiv og fleirtalsendingar i verb bort. I tillegg fekk a-verb a-ending i fortid. Til dømes vart «kastade» til «kasta».

I 1905 blei den 91 år gamle unionen med Sverige oppløyst. Frå 1800-talet hadde dansk i Noreg vorte kalla både "det almindelige bogsprog" og "rigsmaal". For etter at Aasen hadde sett opp eit alternativ til dansk, ottast tilhengjarane av dansk at norsk landsmål skulle ta over. Difor organiserte dei seg i riksmålsforeningar frå 1899. Slik vart namnet rigsmaal til (seinare vart namnet, som fylgje av språkendringar riksmålsfolket ikkje klarte å hindre, endra til riksmål), og i 1907 vart dette namnet offisielt. Dei to skriftspråka i Noreg skulle frå då av heite rigsmaal og landsmål. 1907 var også den fyrste språkendringa som gjorde at det dominerande skriftspråket i Noreg fjerna seg frå dansk. Fordi Noreg hadde vorte ein sjøvstendig stat i 1905 skulle det særnorske igjen framhevast. Reforma som kom i 1907 møtte derfor ingen stor motstand. Den kanskje mest synlege endringa var at «p», «t» og «k» vart innført der danske ord hadde hatt «b», «d» og «g», men viktigare var det at bøyingsklassene for både substantiv og verb vart endra frå dansk til austnorsk mønster. Det vart òg valfri skrivemåte i fleire ord, kortformer som «fjær» i staden for «fjeder», og valfrie kortformer.

Reforma i 1907 slo fast at skriftspråket i Noreg skulle byggje på norsk tale. Samstundes byrja ein å nærme riksmål og landsmål til einannan. Dette var det ulike syn på. Somme meinte at riksmål og landsmål saman skulle danne eitt språk etter kvart, medan andre ville ha større skilnader.

Ei ny rettskrivingsreform kom i 1917, rettskrivinga av 1917. Denne galdt både riksmål og landsmål. Etter reforma blei avstanden mellom skriftspråka endå mindre, difor blir reforma kalla ei samnorsk-reform. Reforma møtte stor motstand blant både riksmåls- og landsmålstilhengjarar. Landsmålet stod faktisk i fare for å bli kløyvd i fleire landsdels-skriftspråk. Dei viktigaste endringane i riksmål var at bokstaven «å» erstatta «aa», og at det blei dobbelkonsontantar i ord med kort vokal, for eksempel blei «tak» til «takk». Bokstaven «æ» forsvann òg i ord søraustnorsk bymål delvis uttala med «e», for eksempel blei «trætt» til «trett». Landsmål hadde òg nokre forandringar. Blant anna kom det nye valfrie former i samnorsk leid.

I 1929 fekk dei to språka nye namn. Landsmål blei til nynorsk og riksmål blei til bokmål. Nynorsk og bokmål er namna som blir bruka den dag i dag.

Deretter følgde rettskrivingsreforma i 1938, rettskrivinga av 1938. Her blei det innført sidestilte former, som er to former av same ordet som ein fritt kunne velje mellom, og formelle hovudformer og sideformer. Bokmål fekk nokre diftongformer, og somme verb i preteritum og substantiv i inkjekjønn fleirtal fekk a-endingar.

Dei viktigaste endringane i nynorsken i 1938 var at somme tidlegare reelle hovudformer vart sideformer eller heilt uttekne, og tidlegare sideformer vart hovudformer, attåt at nye samnorskformer kom inn. Mange målfolk var lite nøgde med det, særleg med at det såkalla i-målet etter dette ikkje lenger var tillate i lærebøker.

Samnorskvennlege bokmålsfolk godtok reforma i 1938, medan tilhengjarar av riksmålet protesterte. Mange nynorsktilhengjarar var òg misnøgde med at tradisjonelle bøyingsformer forsvann. 1938-reglane gjaldt ikkje under andre verdskrigen, for då innførte Vidkun Quisling si regjering spesielle reglar, rettskrivinga av 1941.

1950-talet fekk samnorskformene fleire og fleire motstandarar. Riksmålsforbundet gav ut si eiga ordliste i 1952. Nokre av dei nye reglane som kom i bokmålet i 1938 blei forandra tilbake igjen. I 1951 blei det òg innført ein ny teljemåte. No skulle det heite «tjueto» og «trettitre» i staden for «toogtjue» og «treogtredve».

Same året blei Norsk språknemnd oppretta av Stortinget. Denne nemnda skulle arbeide for tilnærming mellom nynorsk og bokmål. Den første oppgåva til nemnda var å fastsetje skrivemåten i lærebøkene i skulen.

Først i 1959 hadde Norsk språknemnd nye reglar for lærebokspråket klart. Dei viktigaste endringane i bokmål var sidestilte former som «dokke» og «dukke», «golv» og «gulv». Bokstaven «h» blei borte framfor bokstaven v i ord som «valp» og «verken». Regelen for bruk av a-endingar i hokjønnssubstantiv blei igjen endra. I nynorsk blei fleire former sidestilte, og somme vokalar blei endra med sikte på å nærme seg bokmål.

I 1981 kom ei reform som berre gjaldt bokmål. Nå fekk elevane velje mellom hokjønns- og hankjønnsbøying av hokjønnsord, til dømes «kua» og «kuen». Tidlegare former som «frem» og «syd» blei òg godtekne att. Desse endringane utgjorde ei tilnærming av bokmål i retning riksmål, og samnorskprosjektet var med dette i praksis over.

Seinare blei Norsk Språkråd oppretta. Det er det offentlege rådet som passar på språket i Noreg. Blant anna fornorskar dei framandord. I 1996 fekk fleire hundre framandord fornorska form som sidestilt eller einerådande norm. Eksempel på sidestilte former er «guide» ~ «gaid», «safe» ~ «seif».

Språket i Noreg har gått gjennom ei lang utvikling frå 1814 og fram til i dag. Det har alltid vore snakka norsk, men skriftspråket var i byrjinga dansk. Personar som Knud Knudsen og Ivar Aasen gjorde at landet enda opp med to ulike skriftspråk, nynorsk og bokmål. Fleire språkreformer har òg bidrege til utviklinga av språket. I løpet av dei siste åra har det også utvikla seg ein markant ungdomssjargong i storbyane.

Sjå ògEndra