500-talet fvt.
hundreår
(Omdirigert frå 520 fvt.)
500-talet f.Kr. (fvt.) var åra frå 599 f.Kr. til 500 f.Kr. I den fyrste halvdelen dette hundreåret dominerte Det nybabylonske riket i Vest-Asia. Kongedømet Judea blei overvunne av det og dei fleste innbyggjarane i Jerusalem blei tvangsflytta dit. Akamenidedynastiet under Kyros den store tok over makta i området i andre halvdelen av hundreåret.
Kina var i Vår- og haustannaltida. I Europa heldt den keltiske ekspansjonen fram.
Hendingar
endre- Kina:
- Kon Fu Tse grunnla konfusianismen
- Tao Te Ching blei skriven (uviss dato)
- India: Buddha og Mahavira grunnla buddhismen og djainismen, i kontrast til den ritualistiske og kastebaserte hinduismen.
- Midtausten
- Zoroaster, også kalla Zarathustra, grunnla parsismen.
- Kyros den store skapte Persarriket.
- Babylonarriket fall.
- Kongeriket Judea fall og det første tempelet i Jerusalem blei lagt i ruinar.
- 525 f.Kr: Kambyses II av Persia erobra Egypt, tok farao Psamtik III til fange og avretta han. Dette blir sett på som slutten av det tjuesjette dynastiet i Egypt og byrjinga på det tjuesjuande.
- 513 f.Kr: Dareios den store overvann Dakia og austre Thrakia, og Amyntas I av Makedonia underkasta seg Persarriket. Han blei derimot driven tilbake frå Ukraina av skytharane.
- Middelhavslanda
- Ein klassisk gresk filosofi som skulle blomstra i det nestre århundret tok til.
- Det kartagenske handelsriket fekk sakte herredømet over det vestre middelhavsområdet.
- Den romerske republikken blei grunnlagd.
- 585 f.Kr: Ei solformørking fann stad, som Thales hadde berekna og sagt på førehand. Dette er ein av kardinaldatoane, eit utgangspunkt for kalkulering av andre datoar.
- 585 f.Kr: Den forviste greske diktaren Sapfo fekk amnesti, og vende attende åt Lésvos.
- Amerika
- Olmecsivilisasjonen tok til å veiknast.
Viktige personar
endre- Thales frå Milet, gresk matematikar (635–543 f.Kr.)
- Anaksimander, gresk tenkjar (610–546 f.Kr.)
- Solon av Aten, gresk tenkar og forfattar (ca. 638–558 f.Kr.)
- Mahavira Vardhamana, indisk asket og religionsstiftar (ca. 599–527 f.Kr.).
- Pythagoras frå Sámos, gresk matematikar (582–496 f.Kr.)
- Kyros den store av Persarriket (576–529 f.Kr.)
- Gautama Buddha, indisk religionsstiftar (ca. 563–483 f.Kr.)
- Kon Fu Tse, kinesisk religionsstiftar (551–479 f.Kr.)
- Anaximenes frå Milet, gresk filosof (d. om lag 525 f.Kr.)
- Aiskylos, gresk tragedieforfattar (ca. 525-456 f.Kr.)
- Dareios I av Persarriket, (regjerte 521–485 f.Kr.).
Bakgrunnsstoff
endre