Abantsjøen
Abantsjøen (tyrkisk Abant Gölü) er ein innsjø i provinsen Bolu nordvest i Anatolia i Tyrkia, danna etter eit stort jordras. Innsjøen ligg 1328 meter over havet, 32 km frå byen Bolu. Det er eit populært fritidsområde og ligg 21 km frå vegen mellom İstanbul og Ankara ved Bolufjellet. Abantsjøen er ein naturpark.
Abantsjøen | |||
Abant Gölü | |||
innsjø | |||
Land | Tyrkia | ||
---|---|---|---|
Provins | provinsen Bolu | ||
Del av | Lake Abant National Park | ||
Høgd | 1 328 moh. | ||
Koordinatar | 40°36′N 31°16′E / 40.600°N 31.267°E | ||
Areal | 1,28 km² | ||
Abantsjøen 40°36′20″N 31°16′49″E / 40.60545°N 31.28033°E | |||
Kart som viser Abantsjøen.
| |||
Wikimedia Commons: Lake Abant |
Innsjøen har eit areal på 1,28 km2 og er på det djupate 18 meter. Det ligg to store hotell ved innsjøen. Det veks svartfuru, furu, eik, ask, agnbøk, piletre, einebærbusk, tamarisk, hassel, mispel og jordbærtre er av tre som veks i skogen kring innsjøen. Her finn ein òg villsvin, dåhjort, rådyr, brunbjørn, gråulv, raudrev, sjakal og kanin.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lake Abant Nature Park» frå Wikipedia på engelsk, den 13. august 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
endre Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Abantsjøen
- Reiseguide Arkivert 2009-05-30 ved Wayback Machine.
- Om Abantsjøen Arkivert 2018-08-05 ved Wayback Machine.