Alf Lund

Alf Lund (18511918) var ein norsk offiser og ingeniør, son av Bernt og Hedevig Lund.

Alf Lund
Fødd1851
Død1918
Ranggeneral

Lund blei offiser i 1873, tilsett i Kristiansandske infanteribrigade, der han blei oberstløytnant i 1904. 1907—1910 var han oberst i Bergenske brigade og blei så generalmajor og leiar for Kristiansandske brigade, ved ny hærordning 1. januar 1911 blei han leiar for tredje (kombinerte) brigade.

Lund tenestegjorde 1882—1883 i den austerrikske hæren, 1889 i ein belgisk skyteskole og deltok i dei franske haustmanøvrrane i 1908. 1891—1893 var han sekretær i geværkomitéen og han var i fleire år lærar ved skyteskulen til infanteriet.

Som ingeniør arbeidde han i heimlandet ved undersøkinga av Vestlandsbanen og Setesdalsbanen og ved bygginga av Grevskabsbanen, Ofotbanen, Tyvold—Arvedalsbanen og Sulitjelmabanen med fleire. Dessutan var han verksam ved jernbaneanlegg i Sverige og Spania. Endeleg styrte han frå 1899 til 1904 saman med broren, oberstløytnant Ole Wilhelm Lund, Luossavarabolaget sitt store og mangearta anlegg i Narvik.

KjelderEndra