All the Girls in the World Beware!!!
All the Girls in the World Beware!!! Studioalbum av Grand Funk Railroad | ||
Utgjeve | Desember 1974[1] | |
Innspelt | 1974 i the Swamp,[2] Parshallville, MI. | |
Sjanger | Hardrock | |
Lengd | 39:17 | |
Selskap | Capitol 11356 | |
Produsent | Jimmy Ienner[2] | |
Grand Funk Railroad-kronologi | ||
---|---|---|
Shinin' On (mars 1974) |
All the Girls in the World Beware!!! | Caught in the Act (August 1975) |
Singlar frå All the Girls in the World Beware!!! | ||
|
All the Girls in the World Beware!!! er det niande studioalbumet av det amerikanske hardrockbandet Grand Funk Railroad. Albumet vart gjeve ut på Capitol Records i desember 1974[1] og vart det andre albumet til gruppa det året. Den første singelen frå albumet, «Some Kind of Wonderful», kom ut 16. desember 1974, og oppfølgjaren, «Bad Time», kom ut 24. mars 1975.[3] Ein kvadrofonisk miks av albumet kom ut på 8-spors lydband.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | link |
Innspeling og produksjon
endreAll the Girls in the World Beware!!! vart spelt inn i the Swamp, eit studio som tilhøyrde Mark Farner og låg på farmen hans i Parshallville i Michigan.[4] Lydteknikar på innspelinga var Shelly Yakus med assistanse frå Kevin Ayers og Rod O'Brien. Produsent på albumet var Jimmy Ienner.[2] Ienner arbeidde med mange pop- og rockeartistar, som Three Dog Night, Raspberries og Bay City Rollers. Ienner arbeidde seinare på filmen Dirty Dancing i 1987.
Alle utanom om to songar på albumet vart skrivne av bandmedlemmane, og dei fleste var skrivne av Mark Farner. På fleire av songane var òg Craig Frost medlåtskrivar.
Plateomslaget bestod av andleta til bandmedlemmane manipulert over kroppane til dei kjende kroppsbyggarane Arnold Schwarzenegger og Franco Columbu.
Innhald
endreAlle songar er skrivne av Mark Farner, utanom der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Responsibility» | 3:50 |
2. | «Runnin'» (Don Brewer, Craig Frost) | 4:19 |
3. | «Life» | 4:58 |
4. | «Look at Granny Run Run» (Jerry Ragovoy, Mort Shuman) | 2:29 |
5. | «Memories» | 3:31 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
6. | «All the Girls in the World Beware» (Farner, Frost) | 3:29 |
7. | «Wild» | 2:53 |
8. | «Good & Evil» (Brewer, Frost) | 7:32 |
9. | «Bad Time» | 2:54 |
10. | «Some Kind of Wonderful» (John Ellison) | 3:22 |
Medverkande
endre- Mark Farner – vokal, gitar, perkusjon
- Craig Frost – orgel, klaverinstrument, perkusjon, korvokal
- Mel Schacher – bass
- Don Brewer – vokal, trommer, perkusjon
- Jimmy Ienner – produsent
- Shelly Yakus – lydteknikar
- Kevin Ayers – assisterande lydteknikar
- Rod O'Brien – assisterande lydteknikar
- Tony Camillo – stryke- og blåsearrangement
Lister
endreAlbum
År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1974 | Billboard 200 | 10[5] |
Canada | 20[6] |
Singlar
År | Singel | Liste | Plassering |
---|---|---|---|
1974 | «Some Kind of Wonderful» |
Billboard Hot 100 | 3 |
US R&B | 85[7] | ||
Canada | 6 | ||
Australia | 39 | ||
1975 | «Bad Time» | Billboard Hot 100 | 4[8] |
Canada | 3 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «All the Girls in the World Beware!!!» frå Wikipedia på engelsk, den 4. august 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «Billboard's Top Album Picks: Spotlight». Billboard 86 (50): 64. December 14, 1974. ISSN 0006-2510. Henta 3. august 2016.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 All the Girls in the World Beware!!! (Vinyl sleeve). Grand Funk. Capitol Records. 1974. SO-11356.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 Tedds, David K. (2006). Greatest Hits (CD liner). Grand Funk Railroad. Hollywood, California, United States: Capitol Records. 509992-34915-26.
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 29. mars 2016, henta 4. august 2016
- ↑ Grand Funk Railroad, All the Girls in the World Beware!!! US Chart Position Henta March 25, 2015
- ↑ Grand Funk Railroad, All the Girls in the World Beware!!! Canadian Chart Position Henta March 25, 2015
- ↑ Grand Funk Railroad, «Some Kind of Wonderful" US Chart Positions Henta March 25, 2015
- ↑ Grand Funk Railroad, «Bad Time" Chart Position Henta March 25, 2015