Ana Gabriela Guevara Espinoza (fødd 4. mars 1977) er ein meksikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Nogales i Sonora. Ho vart verdsmeister på 400 meter i 2003 og vann i tillegg to sølvmedaljar og ein bronsemedalje i verdsmeisterskap/olympiske leikar.

Ana Guevara


Statsborgarskap Mexico
Fødd 4. mars 1977 (47 år)
Nogales
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000

Aktiv endre

Guevara tevla i yngre år både på 400 m og 800 m, etter kvart spesialiserte ho seg på 400-meteren. I 1999 vann ho 400 m ved dei panamerikanske leikane i Winnipeg på tida 51,21 sekundar. Frå 2000-sesongen høyrde ho til verdseliten på 400 m og kom på femteplass i OL-finalen 2000 i Sydney, der ho vart klokka inn på 49,96 sekundar.

I VM-finalen 2001 i Edmonton leia Guevara ut på oppløpssida, men vart på dei siste meterane passert av Amy Mbacké Thiam frå Senegal og Lorraine Fenton frå Jamaica. Vinnaren Thiam gjorde sitt livs løp og vann på 49,86 sekundar, 0,09 sekund framom Guevara på tredjeplass. Like etter verdsmeisterskapen revansjerte Guevara seg og vann i Brisbane med sluttida 50,32 ein klar siger i dei såkalla Goodwill-leikane, framom nettopp Fenton og Thiam.

Gjennom 2002-sesongen var Guevara den suverent beste 400-meterløparen. Ho vann samtlege sju tevlingar i gullserien (Golden League) og IAAF-finalen i Paris. I verdscupen i Madrid i september vann ho på tida 49,56 sekundar og slo toaren Jearl Miles Clark med over sju tidels sekund.

 
Ana Guevara, i kvitt, under VM 2007

Sommaren 2003 forsvarte Guevara meistertittelen på 400 m då dei panamerikanske leikane fann stad i Santo Domingo. Under verdsmeisterskapen i Paris i slutten av august sprang Guevara sitt livs beste 400-meterløp. Med tida 48,89 sekundar slo ho sølvmedaljør Lorraine Fenton med over eit halvt sekund og bronsemedaljør Amy Mbacké Thiam med over eitt skund. Til sist i 2003-sesongen var Guevara heilt utilnærmeleg i IAAF-finalen i Monaco, der ho kom i mål på 49,34 sekundar.

Under dei olympiske leikane 2004 i Aten tok Guevara sølvmedaljen på 400 m med eit godt løp på 49,56 sekundar, 0,14 sekund bakom Tonique Williams-Darling frå Bahamas. Derimot vann Guevara IAAF-finalen i Monaco på meir ordinære 50,13. Året etter kom Guevara inn som bronsevinnar då verdsmeisterskapen 2005 fann stad i Helsinki, i eit sterkt felt enda ho opp 0,26 sekund bak Williams-Darling og 0,07 etter Sanya Richards frå USA. I VM 2007 kneip Guevara fjerdeplassen på 400 m, over halvsekundet bak dei tre medaljetakarane.

Guevara la opp tidleg i 2008, grunna ein konflikt med presidenten i det meksikanske friidrettsforbundet.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Politikk endre

Guevara er meksikansk senator for perioden 2012-18, vald på ei plattform beståande av sosialdemokratiske PRD, arbeidarpartiet PT og Borgarrørsla. Den 13. desember 2016 vart ho banka opp av fire karar, etter dei velta motorsykkelen hennar med ein bil.

Kjelder endre