Andreas R. Garnes

norsk politikar og gardbrukar

Andreas Johan Rasmusson Garnes (7. juni 187826. januar 1941) var ein norsk gardbrukar frå Arna i dåverande Haus herad i Hordaland. Han representerte BondepartietStortinget 1928-33.

Andreas R. Garnes
Fødd7. juni 1878
Arna
Død26. januar 1941 (62 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar, bonde

Garnes gjekk folkehøgskule heime på Garnes to vintrar, 1894-96, og var elev 1898-1900 på Stend landbruksskule i Fana 1898-1900. Han reiste over til Nord-Amerika der han arbeidde på gardsbruk og i skogbruket i såvel Minnesota, som i Nord-Dakota, Montana, Washington og British Columbia, han arbeidde også på teglverk.

Frå 1904 dreiv han farsgarden på Garnes, eit bruk han tok over i 1908. Den lange perioden 1913 til 1940 var han medlem i heradsstyret i Haus, varaordførar 1922-28 og ordførar 1934-37. Han var elles formann i jordstyret i Haus, styreformann i Vestlandske Kjøpelag og ei tid medlem i landsstyret til Norges Bondelag. Frå 1939 var han styrar for Noregs Bank si avdeling i Bergen.

Dei to tingbolkane 1928-20 og 1931-33 var Garnes stortingsmann for Hordaland og Bondepartiet. Han var i den fyrste bolken medlem i Protokollkomiteen, i den andre sekretær i same komiteen.

KjelderEndra