Anwar Sadat
Anwar Sadat (25. desember 1918–6. oktober 1981) var ein egyptisk offiser og politikar, og tok over som president av Egypt etter at Gamal Abdel Nasser døydde i 1970.
Anwar Sadat | |||
| |||
Fødd | 25. desember 1918 Mit Abu al-Kum | ||
---|---|---|---|
Død | 6. oktober 1981 (62 år) | ||
Statsborgar av | Sultanatet Egypt, Kongedømmet Egypt, Republikken Egypt, Den sameinte arabiske republikken, Egypt | ||
Yrke | politikar, offiser, statsmann, diplomat, militær leiar | ||
Utdanna ved | Egypts militærakademi | ||
Mor | Sitt-Al-Barrein | ||
Far | Mohammed Sadati | ||
Ektefelle | Eqbal Madi, Jehan Sadat | ||
Barn | Ruqayya Sadat, Rawya Sadat, Camelia Sadat, Lubna Sadat, Noha Sadat, Jamal Sadat, Jihan Anwar Sadat | ||
Medlem | De frie offiserer Egyptian Revolutionary Command Council | ||
Verv | President av Egypt 1970-1981 | ||
Føregangar | Gamal Abdel Nasser | ||
Etterfylgjar | Hosni Mubarak | ||
Alle verv |
|
Egypt under Sadat og Syria starta Jom kippur-krigen mot Israel i 1973. Det overraskande åtaket gav den egyptiske hæren eit fotfeste på Sinai-halvøya, og gjorde Sadat til ein helt i Egypt og den arabiske verda. Medan Israel prøvde å driva dei ut att, innførte Tryggingsrådet i SN våpenkvile. Egypt og Israel gjekk deretter inn i forhandlingar som til slutt førte til at dei to landa anerkjende kvarandre og inngjekk fred. I 1977 reiste han sensasjonelt til Israel, som den første egyptiske leiaren. Sadat vitja Jerusalem og heldt tale for den israelske folkeforsamlinga Knesset. For fredsavtalen fekk Sadat og den israelske statsministeren, Menachem Begin, Nobels fredspris.
Sadat fjerna seg frå Nasser-politikken gjennom å innføra fleirpartisystem og økonomisk liberalisering, noko som opna for privat investering, men også førte til folkeoppstand då priskontrollen på brød vart oppheva i 1977. Under Sadat braut Egypt med Sovjetunionen og knytte seg tettare til USA. Landet, som tidlegare hadde vore sett på som ein leiar av arabarverda, blei ekskludert frå Den arabiske ligaen.
I februar 1981 fekk egyptiske styresmakter nyss om planar frå Al-Jihad eller Egyptisk islamsk jihad om å utføra ein islamistisk revolusjon i landet. I september det året gav Sadat ordre om å arrestera over 1&nbso;500 menneske, både medlemmer av Al-Jihad og koptiske leiarar, aktivistar og intellektuelle med ulik ideologisk bakgrunn.
Sadat vart drepen den 6. oktober 1981 under ein militærparade i Kairo til minne om sigeren i 1973. Fleire attentatsmenn kasta granatar og skaut mot plattforma han stod på. Elleve andre blei drepne i åtaket og tjueåtte blei skadde. Drapsmennene var leidd av Al-jihad medlemmen Khalid Islambouli.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Anwar Sadat» frå Wikipedia på engelsk, den 28. oktober 2009.