Arne Barhaugen (11. januar 193210. februar 2008) var ein kombinertrennar frå Oslo, der han også døydde. Han representerte Nydalens Skiklub.

Arne Barhaugen
Fødd 11. januar 1932
Oslo
Død

10. februar 2008
Oslo

Yrke kombinertløpar

Barhaugen deltok for Noreg i kombinerttevlinga under ski-VM 1954, vinter-OL 1956, ski-VM 1958 og vinter-OL 1964. Beste plasseringane kom i Cortina d'Ampezzo i 1956 med femteplass, og ein noko overraskande sjetteplass i Innsbruck 1964. Gjennom sine tolv sesongar i noregseliten vann han ei einaste NM-medalje, bronsemedaljen i Rælingen i 1963. Åtte år tidlegare tok han sin einaste pallplass i eit større, internasjonalt renn; han vart då nummer tre i Svenska skidspelen i Nässjö.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og rennEndra

  • 1953: Nr 8 i Holmenkollen
  • 1954: Nr 4 i Lahti og nr 8 under VM i Falun
  • 1955: Nr 3 i Svenska Skidspelen i Nässjö
  • 1956: Nr 5 OL i Cortina d'Ampezzo
  • 1957: Nr 6 i Holmenkollen og i Lahti
  • 1958: Nr 11 i VM i Lahti, og nr 7 i Holmenkollen
  • 1959: Nr 9 i Lahti
  • 1960: Nr 10 i Holmenkollen
  • 1962: Nr 8 i Holmenkollen
  • 1963: Nr 7 i Holmenkollen
  • 1964: Nr 6 i OL i Innsbruck og i Svenska Skidspelen i Kiruna

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskapEndra

KjelderEndra

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

BakgrunnsstoffEndra