Assal al-Ward (arabisk skrift عسال الورد; òg skrive Asal el-Ward) er ein by sør i Syria i Rif Dimashq guvernement, nordaust for Damaskus langs grensa til Libanon. Av stader i nærleiken finn ein Hillah, Hawsh Arab og al-Qutayfah i søraust, Rankus, Saidnaya, Douma og al-Tawani i sør. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde Assal al-Ward eit folketal på 5 812 i 2004.[1] Byen er òg det administrative senteret i Assal al-Ward nahiyah som består av tre stader med eit samla folketal på 8 766.[1]

Assal al-Ward
عسال الورد
by
Land  Syria
Guvernement Rif Dimashq guvernement
Distrikt Yabrud-distriktet
Nahiyah Assal al-Ward
Høgd 1 850 moh.
Koordinatar 33°51′57″N 36°24′48″E / 33.86583°N 36.41333°E / 33.86583; 36.41333
Folketal 5 812  (2004)[1]
Tidssone EET (UTC+2)
Retningsnummer 11
Kart
Assal al-Ward
33°51′57″N 36°24′48″E / 33.86583333°N 36.41333333°E / 33.86583333; 36.41333333

Historie endre

Assal al-Ward («Rosemakarane») var lenge kjend for blomsterproduksjonen. Blomane frå byen vart sende til attar-makarane i Damaskus.[2] Uhemma beiting reduserte dei ein gong store avlingane i byen på seksti til sytti kantar (hundredweight) til ein eller ein og ein halv mot slutten av 1800-talet.[2] Tidleg i 1870-åra, vart landsbyen skildra som ein «velståande stad» med ein shafi'i-muslimsk folkesetnad. Væpna menn frå landsbyen hadde kring 250 skytevåpen, leia av ein lokal leiar, Shaykh Salih. Innbyggjarar var kjend for gjestfridomen, intelligensen og viljen til å sloss.[3] I 1874 vart byen vitja av den britiske geografen sir Richard Francis Burton, og han noterte at byen var velståande, med kjølig, frisk luft og friske innbyggjarar.[2] I Quarterly Statement frå 1892, skildra Palestine Exploration Fund Assal al-Ward som «ein landsby med nokre få hundre innbyggjarar» og ei kjelde med kjølig vatn.[4]

Geografi endre

Assal al-Ward ligg på eit høgt platå som byrjar på 1600 moh mellom Qalamoun- og Anti-Libanonfjella.[5] Assal al-Ward får vatn frå fleire kjelder, og drenerer nordover til byane Jayrud og al-Nabk.[5] Skogen i området er dominert av einer (greske einer) som finst mellom 1800 til 2200 moh.[6]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Folketeljing 2004 Arkivert 2020-09-25 ved Wayback Machine.. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Rif Dimashq guvernement. (arabisk)
  2. 2,0 2,1 2,2 Burton; Drake, 1872, s. 45.
  3. Royal Geographic Society, 1872, s. 415.
  4. Palestine Exploration Fund, 1892, s. 167.
  5. 5,0 5,1 Hastings, 2004, s. 92.
  6. Merlo; Croitory, ed., 2005, s. 183.