Astrid S

norsk vokalist og songskrivar
(Omdirigert frå Astrid Smeplass)

Astrid Smeplass (fødd 29. oktober 1996), betre kjend under artistnamnet Astrid S (ofte styla som Astrid_S), er ein norsk musikar og låtskrivar frå Berkåk i Trøndelag fylke.[1][2] Ho kom på femteplass i Idol i 2013. Ho har utgjeve låt som «Shattered» (i samband med deltakinga i Idol), «2AM», «Such a Boy», «Think Before I Talk», «Emotion», og samarbeidd med Shawn Mendes på debutalbumet hans Handwritten, som toppa den amerikanske Billboard-lista i 2015.

Astrid S

Fødd29. oktober 1996 (28 år)
FødestadBerkåk
FødenamnAstrid Smeplass
AliasAstrid, Astrid S
OpphavNoreg
Aktiv2013–
Sjangerrhythm and blues, pop, elektropop, Tropical house
Instrumentgitar, piano, fløyte, vokal
PlateselskapUniversal Music Group
Verka somplateartist, låtskrivar, songar, songar-låtskrivar, skodespelar
Sambuar medPer Christian Wessel
PrisarÅrets spellemann, Årets trønder, P3 Gull for årets nykommer, P3 Gull for årets låt

Biografi

endre

Astrid Smeplass byrja med musikk i ung alder og var berre seks år då ho byrja med pianotimar. Som sjuåring byrja ho i Rennebu Skulekorps, der ho spelte fløyte. Seinare tok ho songtimar. Ho er sjølvlærd på gitar. Ho har delteke i UKM og gjekk på fotballinja ved Orkdal vidaregåande skule i Orkdal kommune. Astrid var òg «bestevennen» i Celine Helgemos låt «Bæstevænna» som vann Melodi Grand Prix junior i 2007, og ho medverka i låten «Suveren» frå Celine sitt album Bæstevænna. I 2008 vann ho Drømmestipendiet frå Norsk Tipping for sin versjon av «All By Myself».

I 2013 deltok ho i den norske versjonen av songprogrammet Idol, der ho enda på ein femteplass. Ho opptredde òg under Idol gir tilbake, der ho framførte «Bright Eyes» av Art Garfunkel saman med Kura Nilsen. «Shattered», som vart skrive av ho sjølv, Lars K. Hushoft og Melanie Fontana, selde til gull i Noreg. Den låg på VG-lista i åtte veker med fjerdeplass som beste plassering.[3] Same år signerte ho med Sony/ATV som låtskriver og ein global platekontrakt med plateselskapet Universal Music.[4]

I 2013 vart ho nominert til «Årets nykommer» og «Årets artist» under NRJ-Awards. I 2014 vart ho nominert til «Årets mest lovende artist» i Adresseavisa si UtAwards. Sommaren 2014 deltok ho òg på Allsang på Grensen med «Flytta på dej» og «Jolene». I 2015 song ho med Shawn Mendes på låten «Air» på debutalbumet hans Handwritten. Ho vann to prisar under P3 Gull i 2015: årets nykommer og årets låt for «2 AM».[5] Under Spellemannprisen 2016 vart ho kåra til årets nykommer med Gramostipend for Astrid S 2016 og var i tillegg nominert i klassa årets låt for «Hurts So Good». Ho vart kåra til årets spellemann under Spellemannprisen 2017.[6] I tillegg var ho nominert i klassa årets låt for «Think Before I Talk».[7]

I 2017 song Astrid backing vokal på Katy Perry-låten «Hey Hey Hey» frå albumet Witness.[8] Under P3 Gull 2017 song ho cover av Cezinandos «Vi er perfekt men verden er ikke det» på taket av Skur 13, og hennar cover vart meir populær enn originallåta.[9]

30. juni 2017 gav Astrid S ut sin andre EP, «Party's Over», som mellom anna inneheldt singelen «Breathe» og «Such a Boy». To veker etterpå kom ein akustisk versjon av EP-en med bonussporet «Mexico».

I september 2017 gjekk singelen «Think Before I Talk» til topp på VG-lista Topp 20,[10]

I 2018 hadde ho mindre turneaktivitet, men 12. oktober gav ho ut singelen «Emotion», som ho seinare opptredde med på avslutninga av P3 Gull 2018 på NRK.[11] For songen vart ho nominert til Spellemannprisen 2018 i klassa årets låt.[12] Same år var ho gjestedommer på Idol. 4. desember gav ho ut singelen «Closer».[13][14] Ho fekk òg hjelp av over 5000 fans til å laga ein låt, som til slutt vart til låten «Relevant» Ho vart nominert i klassa årets artist ved P3 Gull 2020.[15][16] Smestad vart årets trøndar i 2019.[17]

Diskografi

endre

Studioalbum

endre

Singlar

endre

Som hovudartist

endre
Sang År Listeplassering Album
NOR[19][20]
«Shattered» 2013 4 N/A
«2AM» 2014
«2AM (Matoma Remix)» 2015 13
«Hyde» 8
«Paper Thin (Live From Studio)» 20
«Paper Thin» 2016 Astrid S
«Hurts So Good» 6
«Atic»
«Breathe» 2017 3 Party's Over
«Bloodstream»
«Party's Over»
«Such A Boy» 2
«Vi er perfekt men verden er ikke det» 23 N/A
«Think Before I Talk» 1
«Emotion» 2018 3 Trust Issues
«Closer» N/A
«Someone New» 2019 9 Trust Issues
«The First One» 5
«Doing To Me» 15
«Trust Issues» 32
«Down Low» Down Low
«Favorite Part Of Me» 9
«Years» 15
«I Do»

(featuring Brett Young)

2020 3 N/A
«Dance Dance Dance» 6 Leave It Beautiful
«Marilyn Monroe» 7
«It's OK If You Forget Me» 7
«Når snøen smelter» 2021 N/A

Som gjesteartist

endre
Sang År Listeplassering
NOR[19]
«Air»

(Shawn Mendes featuring Astrid)

2015 40
«Running Out»

(Matoma featuring Astrid S)

7
«Dust»

(CLMD featuring Astrid S)

2016 13
«Boys»

(Lars Vaular featuring Astrid S)

2017 39
«Just For One Night»

(Blonde featuring Astrid S)

«Only When It Rains»

(Frank Walker featuring Astrid S)

2019 31
«Sing It With Me»

(JP Cooper featuring Astrid S)

22
«I Don't Know Why»

(NOTD featuring Astrid S)

2020 16

Andre promosinglar

endre
Sang År
«Hurts So Good (Live from the Studio)» 2016
«Jump (Live from the Studio)»
«Breathe»

(Hedegaard Remix)

2017
«Breathe»

(Lauv Remix)

«Breathe»

(Shura remix)

«Breathe»

(TCTS Remix)

«Breathe»

(Basic Tape Remix)

«Think Before I Talk»

(Acoustic)

«Emotion»

(Acoustic)

2018
«The First One»

(Acoustic)

2019
«Favorite Part Of Me»

(R3HAB Remix)

«Dance Dance Dance»

(Acoustic)

2020

EP-ar

endre
Tittel År Generell informasjon Låter
2AM (Remixes) 2015
  • Utgitt: 12. mai 2015[21]
  • Plateselskap: Universal Music
  • Format: Digital
  • «2AM» (Matoma Remix) - 3:55
  • «2AM» (Dandy Lion Remix) – 3:32
  • «2AM» (Sevnthwonder Remix) – 3:32
  • «2AM» (Rootkit Remix) – 3:42
  • «2AM» (Loveless Remix) – 3:30
Astrid S 2016
  • Utgitt: 20. mai 2016[22]
  • Plateselskap: Universal Music
  • Format: Digital
  • «Paper Thin» – 3:28
  • «Hurts So Good» – 3:29
  • «Jump» – 3:14
  • «Atic» – 3:34
  • «I Don't Wanna Know» – 2:56
Party's Over 2017
  • Utgitt: 30. juni 2017[23]
  • Plateselskap: Universal Music
  • Format: Digital
  • «Breathe» – 3:32
  • «Such A Boy» – 3:31
  • «Sushi - Interlude» – 1:25
  • «Bloodstream» – 3:55
  • «Party's Over» – 3:17
  • «Does She Know» – 3:43
Party's Over (Akustisk) 2017
  • Utgitt: 14. juli 2017
  • Plateselskap: Universal Msuic
  • Format: Digital
  • «Breathe - Acoustic» – 3:39
  • «Such A Boy - Acoustic» – 3:30
  • «Bloodstream - Acoustic» – 3:49
  • «Party's Over - Acoustic» – 3:30
  • «Does She Know - Acoustic» – 2:58
  • «Mexico - Acoustic / Bonus Track» – 3:33
Trust Issues 2019
  • Utgitt: 30. august 2019[24]
  • Plateselskap: Universal Msuic
  • Format: Digital nedlasting og streaming
  • «Doing To Me» – 3:10
  • «Trust Issues» – 2:47
  • «Emotion» – 3:10
  • «Someone new» – 2:57
  • «The First One» – 3:09
Down Low 2019
  • Utgitt: 26. september 2019
  • Plateselskap: Universal Music
  • Format: Digital nedlasting og streaming
  • «Down Low» - 3:22
  • «Favorite Part Of Me» - 3:19
  • «Sidelove» - 2:52
  • «Years» - 3:10

Kjelder

endre
  1. «Astrid S Biography - Norwegian singer and songwriter (born 1996)», pantheon.world (på canon), henta 18. november 2021 
  2. «Astrid S» i Store norske leksikon, snl.no.
  3. «VG-lista - Astrid S / Shattered». Henta 28. august 2017. 
  4. ««Idol»-Astrid klar med ny singel: Astrid Smeplass til Universal Music» (på norsk). 
  5. «Slik var P3 Gull», NRK P3 (på norsk), 28. november 2015, henta 18. november 2021 
  6. Tolfsen, Caroline Bergli (25. februar 2018), «Se alle Spellemann-vinnerne her», NRK (på norsk bokmål), henta 18. november 2021 
  7. «Disse er nominerte til Spellemann». 9. januar 2018. Henta 1. februar 2018. 
  8. «Astrid Smeplass synger med Katy Perry» (på norsk). 8. juni 2017. Henta 9. januar 2019. 
  9. «Astrid Smeplass-cover mer populær enn Cezinandos original» (på norsk). 4. august 2017. Henta 9. januar 2019. 
  10. «Topp 20 Single 2017-35» (på norsk bokmål). Henta 9. januar 2019. 
  11. «Astrid Smeplass’ plateselskapssjef: - Måtte bremse» (på norsk). 
  12. «Spellemann-glipp – nominert artist falt ut av listen». 8. februar 2019. Henta 11. februar 2019. 
  13. «VG anmeldte «Idol» låt for låt» (på norsk). 
  14. «‎Closer - Single by Astrid S» (på engelsk). Henta 19. desember 2018. 
  15. Astrid S. «Astrid S makes a song using lyrics from 5000 fans». Henta 8. januar 2019. 
  16. «Nominerte årets artist 2020». 9. november 2020. Henta 21. november 2020. 
  17. Solheim (NRK), Karoline Ulvnes,Helene (10. januar 2020), «Astrid Smeplass er Årets trønder 2019», adressa.no (på norsk bokmål), henta 18. november 2021 
  18. https://www.instagram.com/p/CFKtUmGp_xZ/
  19. 19,0 19,1 «norwegiancharts.com - Norwegian charts portal». norwegiancharts.com. Henta 1. oktober 2020. 
  20. «Astrid S». VG-lista 2020 (på norsk bokmål). Henta 1. oktober 2020. 
  21. «‎2AM (Remixes) - EP by Astrid S» (på engelsk). 12. mai 2015. Henta 11. oktober 2018. 
  22. «‎Astrid S - EP by Astrid S» (på engelsk). 20. mai 2016. Henta 11. oktober 2018. 
  23. «» Astrid S Announces ‘Party’s Over’ EP, Drops The Emotional Title Track». www.idolator.com. Henta 11. oktober 2018. 
  24. Wass, Mike (17. juni 2019). «Astrid S announces 'Trust Issues' EP & 'Stripped Down Tour'». Idolator. Henta 27. juli 2019. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Astrid S