Orkdal vidaregåande skole

63°16′58.001″N 9°50′40.938″E / 63.28277806°N 9.84470500°E / 63.28277806; 9.84470500

Orkdal vidaregåande skole
SkuletypeVidaregåande skole
Grunnlagd1923
Region/fylkeTrøndelag
KommuneOrkdal
StadOrkanger
AdresseFollo, 7300 Orkanger
RektorKristoffer Uppheim
Elevar480
Kart
Orkdal vidaregåande skole
63°16′58″N 9°50′41″E / 63.28277806°N 9.844705°E / 63.28277806; 9.844705

Orkdal vidaregåande skole er ein vidaregåande skole i Orkdal kommune i Trøndelag fylke. Skolen vart etablert i 1923 som landsgymnas.

Orkdal vgs. ligg sør for Orkanger sentrum, og ligg i dag på staden der garden Follo låg. Skolen blir til dagleg kalla «Follo» eller «Phollo».

Skolen si historie endre

 
Stabburet frå garden Follo er bevart, og har ofte vore nytta som skolen sitt «varemerke».

Orkdal vidaregåande skole har tradisjonelt hatt eit godt rykte på seg i Trondheimsregionen for å vere ein generelt god skole etter den tidlegare statusen som landsgymnas.

Orkdal landsgymnas endre

Orkdal Landsgymnas vart etablert i 1923, etter at Orkdal heradsstyre same år hadde vedtatt å kjøpe Follo gård til skoleformål. Skolen ligg framleis på same stad, og nokre av dei gamle gardsbygningane er bevart. Hovudbygget på Orkdal vidaregåande skole var sorenskrivarbustad på Follo gård frå ca. 1695 og vart bygd om til sveitserstil midt på 1880-talet. Det er det eldste skolebygget som er i bruk i Sør-Trøndelag. Bygningen inneheld no administrasjon og bibliotek. Follogarden sitt gamle stabbur finst framleis på skoleområdet. Bevart er òg D- og A-bygget, som no rommar avdelingane for musikk, dans og drama og samfunnsfag og økonomi.[1]

Skolen sin første rektor var Asbjørn Øverås. Det første elevkullet talte 31, av dei 28 tok examen artium i 1928. Av dei første artianarane var fire kvinnelege. Då Øverås i 1938 gjekk over i ei stilling som rektor ved Trondheim katedralskole hadde elevmassen vakse til 350. Skolen var då landets største landsgymnas.

Øverås vart etterfølgt av rektor Arne Salveson. Han vart i 1942 avsett og send til Falstad fangeleir for å ha motarbeidd nazifiseringa av skolen. NS-laget ved skolen hadde da skrumpa frå 44 medlem i 1940 til 2 hausten 1941. I Salveson sin stad vart det innsett ein kommisarisk rektor, teolog og framhaldsskolelærar J.B. Strand. Landsgymnaset vart flytt til Orkanger folkeskole og Follo overtatt som leirområde for tyske soldatar. Ved krigens slutt var 600 soldatar innkvarterte i skolebygningane.[2]

Salveson kom att som rektor straks etter frigjeringa i 1945. Skolebygningane var no ikkje eigna for undervisning. Tildels var den gamle bygningsmassen nedsliten, tildels var det gjort bygningsmessige endringar og tilbygg. Det var dessutan grave løpegraver og oppført bunkerar. Rektor Salveson klarte å få til eit samarbeid med den tyske kommandanten Otto Stopat, som førte til at gymnaset med stor arbeidsinnsats og velvillig tilførsle av materiale frå tysk side kunne flytte attende til Follo hausten 1945.[3]

I 1946 vart Salveson etterfølgt som rektor av Trygve Ræder. Seinare har Torgeir Slåstad, Kjell Viken, Finn Sæther, Steinar Høynes og Kristoffer Uppheim vore rektorar.

I 1936 hadde ein store planar for å bygge ut Follo. Det skulle mellom anna byggast eit utandørs symjebasseng i sørenden av skoleområdet. Det vart det ikkje noko av.

Orkdal gymnas endre

Orkdal vidaregåande skole og Meldal videregående skole har i lang tid hatt eit tett samarbeid for å ivareta og utvikle studietilbodet i regionen.

Skolen si framtid endre

Skolen si framtid er lenge blitt diskutert på lokalpolitisk nivå. Det er fleire gonger lagt fram forslag om å flytte heile skolen til Orkanger sentrum der det alt ligg tilbod som treningssenter, idrettshall, utandørs idrettsanlegg og fleire fotballbanar i Idrettsparken, mellom dei ein oppvarma kunstgrasbane.

Desse planane er til no sett på som uaktuelle, og ein vurderer i staden rehabilitering av skolen der den ligg i dag.

Kunstfrosen skøytebane endre

Idrettslaga i Orkdal samarbeider med Orkdal vidaregåande skole om å lage ein bane som kan tene idretten i hele regionen med isleik for barn i nærområdet og idrettslinja ved Follo. Banen er planlagt i samarbeid med skeisekrinsen i Sør-Trøndelag og er alt teknisk godkjent av departementet. Ismaskineriet trekker varme ut av banen for å lage is og leverer 25 °C varme.

Utdanningsprogram endre

Orkdal vidaregåande skole tilbyr desse utdanningsprogramma:

Kjende elevar endre

Litteratur endre

  • Trygve Ræder, Anton Gerhard Nødtvedt, Birger Eftedal og Ottar Nygaard (red.): Orkdal offentlege landsgymnas gjennom 25 år. Orkdal 1948.
  • Jon Asphjell, Birger Eftedal (red.): Orkdal landsgymnas, Orkdal offentlege landsgymnas, Orkdal gymnas 1923-1973. Orkdal 1973.
  • Audun Eftedal: 75 år på Follo. Orkdal 1998.

Referansar endre

  1. orkdal.vgs.no Arkivert 2011-01-09 ved Wayback Machine. (besøkt 2010.09.10)
  2. Fritjov Øverland: «Gildt å vera follotræl», i Gudleiv Forr og Helge Vold: Landsgymnaset, Det norske samlaget, 2007, ISBN 978-82-521-7138-9 (ss 149-151 og 163)
  3. Jon Asphjell: «Skolen og bygda» i Jon Asphjell og Birger Eftedal: Orkdal landsgymnas / Orkdal offentlege landsgymnas / Orkdal gymnas : 1923-1973, Orkdal gymnas, 1973 (ss 12-13)

Bakgrunnsstoff endre