Auripigment
Auripigment eller orpiment, tidlegare også operment, er eit perlemorglinsande mineral (arsentrisulfid, kjemisk formel As2S3). Det opptrer på enkelte malmgangar saman med sølv- og blymineral, ofte assosiert med realgar.
Auripigment | |||
Auripigment frå Nevada. | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Sulfidmineral | ||
Kjemisk formel | As2S3 | ||
Strunz-klassifisering | 02.FA.30 | ||
Krystallsymmetri | Monoklint 2/m | ||
Einingscelle | a = 11.475(5) Å, b = 9.577(4) Å, c = 4.256(2) Å, β = 90.45(5)°; Z=4 | ||
Identifikasjon | |||
Farge | Sitrongult, oransjegult, brungult | ||
Krystallsystem | Monoklint prismatisk | ||
Kløyv | (010)perfekt | ||
Brot | Bøyeleg, skjerbart | ||
Mohs hardleiksskala | 1,5-2 | ||
Glans | Gjennomsiktig, gjennomskinneleg, harpiks, perle | ||
Transparens | Transparent | ||
Tettleik | 3,49-3,49 g/cm3 | ||
Optiske eigenskapar | |||
2V-vinkel | Målt 30° til 76°, utrekna 62° |
Auripigment kjem frå latin auripigmentum som er sett saman av aurum, 'gull', og pigmentum, 'pigment'. Det er typisk gulfarga og noko sjeldnare raudt. Det er eit tradisjonelt pigment i måling.
Stoffet er giftig.
Biletdøme
endre-
Auripigment (gult) med ein rest realgar (raudt)
-
Auripigment frå Henan
-
Raudfarga auripigment
Kjelder
endre- Auripigment (2009, 14. februar), Store norske leksikon. Henta 4. november 2013.
- Operment ved Lokalhistoriewiki, henta frå Norsk historisk leksikon 2. utgave, 3. opplag (2004).
- II/F.02-70 AURIPIGMENT Arkivert 2016-03-05 ved Wayback Machine., geolib.no
- Handbook of Mineralogy (oppgjeve av Engelsk Wikipedia)
- Mindat.org (oppgjeve av Engelsk Wikipedia)
- Webmineral data (oppgjeve av Engelsk Wikipedia)