Baise i Guangxi

Baise (hanzi 百色, pinyin Bǎi Sè, tidlegare Bósè) er eit byprefektur i den autonome regionen Guangxi i Folkerepublikken Kina.

Baise
prefektur
BaiSe.JPG
Land Flag of the People's Republic of China.svg Folkerepublikken Kina

Baise i Guangxi
23°54′4″ N 106°37′10″ E
Wikimedia Commons: Baise
Baise i Guangxi

Baise ligg nordvest i Guangxi og grensar til provinsane Guizhou og Yunnan, og til Vietnam. Prefekturet ligg midt mellom tre sørvestkinesiske administrasjonshovudstadar, Nanning, Kunming og Guiyang. Av arealet på 3 726 km² er meir enn 55 % skog.

Klimaet i Baise er tropisk, og det ligg i monsunområdet. Den årlege nedbøren er gjennomsnittleg på 1115 mm, og snittemperaturen er 22 °C.

Byen Baise vart grunnlagt som ein han-kinesisk garnison i 1730. Han var rekna som eit stammeområde, og hadde historisk lite sentral kontroll. På 1800-talet byrja kjøpmenn frå Guangzhou (Canton) å slå seg ned der, og i 1875 kom staden under vanleg sivil administrasjon.[1]

Administrative einingarEndra

Baise omfattar eitt bydistrikt, 11 fylke og eitt autonomt fylke.

Bydistrikt:

Fylke:

Autonomt fylke:

FolkesetnadEndra

Folkegruppene zhuang, han, yao, hui og miao er dei mest talrike i prefekturet. I 2019 hadde Baise 4 226 800 innbyggjarar, av desse budde 1,383,400 i byområdet.[2] 80 % av innbyggjarane var zhuangfolk.[3]

ØkonomiEndra

Baise er ein av dei viktigaste produsentane av aluminium i Kina, med både gruvedrift, foredling og produksjon av aluminiumsprodukt. Det tropiske klimaet legg til rette for stor fruktproduksjon. Ellers er trevirke og treprodukt viktige og der er også petroleum, naturgass, kopar og kvarts. Baise er også den tredje største vasskraftprodusenten i Guangxi med ein årleg produksjon på fem millionar kilowatt.

TurismeEndra

Området er rekna for å ha ven natur.[4] Dei skogdekte fjellområda i Baise har mange plante- og dyreslag. Grensetraktene er blant dei minst utvikla delane av Kina. Dette, saman med det etniske mangfaldet, har vore gunstig for utviklinga av turistnæringa.

KjelderEndra

  1. «Baise | China», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 30. juli 2021 
  2. «百色市人口数据». 
  3. Official website of Baise Government Arkivert 2013-01-02 ved Wayback Machine.
  4. «Baise Guangxi: Non-ferrous Metal Mining City Bordering with Vietnam», www.travelchinaguide.com, henta 30. juli 2021 

BakgrunnsstoffEndra