After the Gold Rush

(Omdirigert frå After The Gold Rush)
After the Gold Rush
Studioalbum av Neil Young
Språk engelsk
Utgjeve 19. september 1970[1]
Innspelt Vinteren 1969 til juni 1970
Studio Sunset Sound i Hollywood
Sound City i Los Angeles
Redwood Studios i Topanga
Sjanger
Lengd 35:10
Selskap Reprise
Produsent Neil Young, David Briggs med Kendall Pacios
Neil Young-kronologi 
Everybody Knows This Is Nowhere
(1969)
After the Gold Rush Harvest
(1972)


Singlar frå After the Gold Rush
  1. «Only Love Can Break Your Heart»
    Utgjeve: 19. september 1970
  2. «When You Dance I Can Really Love»
    Utgjeve: 19. september 1970

After the Gold Rush er det tredje albumet til Neil Young og eit av fire høgprofilerte album som vart gjevne ut av kvar av bandmedlemmene i Crosby, Stills, Nash & Young etter den store suksessen med Déjà Vu i 1970. Det nådde åttandeplassen på Billboard-lista og to singlar frå albumet, «Only Love Can Break Your Heart» og «When You Dance I Can Really Love» nådde respektive 33. og 93. plass. I Noreg nådde albumet 17. plass.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 stars[4]
Pitchfork(10/10)[5]
Rolling Stone5/5 stars[6]
Robert ChristgauA+[7]

After the Gold Rush vart nymastra og gjeve ut på HDCD i 2009.

Historie endre

Det tredje soloalbumet til Neil Young vart gjeve ut i ein produktiv periode av karrieren hans. Han hadde spelt inn to soloalbum og Déjà Vu i lag med Crosby, Stills, Nash & Young på mindre enn eit år, og etter at han vart sett på sidelinja av ein ryggskade, venta han til 1972 før han gav ut det neste albumet sitt, Harvest, som gjorden Young til superstjerne. Sjølv om arbeidet hans med Buffalo Springfield hadde vist at han eksperimenterte med forskjellige musikkstilar, heldt Young fram blandinga av hardrock, og country- og folkrockinfluert musikk på Gold Rush, liknande det han hadde gjort med CSNY og på Everybody Knows This is Nowhere frå 1969.

Young-biografien Shakey[8] hevdar at han gjorde eit forsøk på å kombinere Crazy Horse og CSN på denne utgjevinga, der Crazy Horse spelte i lag med Stephen Stills og CSNY-bassisten Greg Reeves. Dei første innspelingane vart gjort med Crazy Horse i Sunset Sound Studios i Los Angeles under ein vinterturne som omfatta Steve Miller og Miles Davis på Fillmore East. Trass i den dårlegare helsa til rytmegitaristen Danny Whitten, gav innspelingane songane «I Believe In You», «Oh, Lonesome Me», «Birds» og «When You Dance I Can Really Love».

Det meste av albumet vart spelt inn i eit mellombels kjellarstudio i heimen til Young i Topanga Canyon våren 1970 med Greg Reeves, Ralph Molina frå Crazy Horse og det 18-år gamle vidunderbandet Nils Lofgren frå det Washington, DC-basert bandet Grin på piano. Dette var ei typisk avgjersle for Young, å la Lofgren som ikkje tidlegare hadde spelt så mykje piano før, gjere dette for heile innspelinga.[9] I lag med Jack Nitzsche vart han med Crazy Horse utan Young før han starta si eiga solokarriere og vart medlem av Bruce Springsteen sitt E Street Band.

Kritikarane var ikkje begeistra då albumet kom ut. Den opphavleg meldinga i Rolling Stone starta med «Neil Young-tilhengjarar vil truleg bruke dei neste par vekene på å overbevise seg sjølv om at After the Gold Rush er god musikk. Men dei vil berre lure seg sjølv. For trass i at albumet inneheld potensialet for noko førsteklasses musikk, stig ingen av songane her over den keisame overflata.»[10] Den kritiske reaksjonen har derimot betra seg med åra, noko som er typisk for Neil Young sine album. I 1975 hadde Rolling Stone endra synet sitt og kalla albumet eit «meisterverk», [11] og Gold Rush vert i dag rekna som ein klassikar frå den tidlege karrieren til Young.[12]

Ettermæle endre

After the Gold Rush har dukka opp på mange lister over dei største albuma. I 1998 stemnde lesarane av musikkmagasinet Q After the Gold Rush til det 89. beste gjennom tidene. Det vart rangert på 92. plass på ei liknande liste laga av britiske Channel 4 i 2005. I 2003 kåra Rolling Stone albumet til det 71. beste på lista deira over dei 500 beste albuma gjennom tidene, som var den høgaste plasseringa til Young på lista. Pitchfork Media hadde albumet på 99. plassen på si liste over dei 100 beste albuma i 1970-åra.[13] I 2006 hadde Time Magazine albumet blant sine 100 beste album gjennom tidene.[14] I boka til Bob Mersereau frå 2007 vart det rangert på tredjeplassen over dei 100 beste kanadiske albuma gjennom tidene, medan oppfølgjaren Harvest vart kåra til det beste. I 2005 kåra lesarane av Chart Magazine albumet til det femte beste kanadiske albumet, medan Blender Magazine i 2002 kåra det til det 86. beste «amerikanske» albumet. New Musical Express hadde albumet på 80. plass på deira liste over tidenes største album i 2003. På nettsida Acclaimedmusic.net er albumet øvst på lista over album frå 1970, 16. plass på lista over album frå 1970-åra og 43. plass på lista over beste album nokon gong, den høgaste plasseringa til Young.[15]

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Neil Young, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Tell Me Why»2:54
2.«After the Gold Rush»3:45
3.«Only Love Can Break Your Heart»3:05
4.«Southern Man»5:31
5.«Till the Morning Comes»1:17
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Oh, Lonesome Me»Don Gibson3:47
7.«Don't Let It Bring You Down» 2:56
8.«Birds» 2:34
9.«When You Dance I Can Really Love» 4:05
10.«I Believe in You» 3:24
11.«Cripple Creek Ferry» 1:34

Medverkande endre

Salslister endre

Vekeslister endre

År Liste Plassering
1970 Billboard Pop Albums 8

Singlar endre

År Singel Liste Plassering
1970 «Only Love Can Break Your Heart» Billboard Pop Singles 33
1971 «When You Dance I Can Really Love» Billboard Pop Singles 93

Salstrofé endre

Organisasjon Nivå Dato
RIAA – USA Gull 2. november 1970
RIAA – USA Platina 13. oktober 1986
RIAA – USA 2× Platina 13. oktober 1986
BPI – Storbritannia 2× Platina 12. november 2004

Kjelder endre

  1. «Archived copy». Arkivert frå originalen 29. juni 2013. Henta 8. juli 2013. 
  2. Richie Unterberger (20. februar 2014). Jingle Jangle Morning: Folk-Rock in the 1960-åra. BookBaby. s. 1089. ISBN 978-0-9915892-1-0. 
  3. Robert Christgau (15. november 1998). Grown Up All Wrong: 75 Great Rock and Pop Artists from Vaudeville to Techno. Harvard University Press. s. 470. ISBN 978-0-674-44318-1. 
  4. William, Ruhlmann. After the Gold RushAllmusic. Henta 3. februar 2019.
  5. Richardson, Mark (11. desember 2009). «Review: After the Gold Rush». Pitchfork. Henta 3. februar 2019. 
  6. Brackett, Nathan; Hoard, Christian David (13. september 2017). «The New Rolling Stone Album Guide». Simon and Schuster – via Google Books. 
  7. Christgau, Robert. «Review of After the Gold Rush». Henta 3. februar 2019. 
  8. McDonough, Jimmy. Shakey: Neil Young’s Biography. New York: Random House Inc., 2002
  9. du Lac, J. Freedom (oktober 8, 2008). «Seks Questions (And Then Some) For ... Nils Lofgren». The Washington Post. Henta 26. oktober 2010. 
  10. Winner, Langdon (15. oktober 1970). «Neil Young: After the Gold Rush». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 21. mai 2009. Henta 26. oktober 2010. 
  11. Marsh, Dave (28. august 1975). «Neil Young: Tonight's the Night». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 11. mai 2009. Henta 26. oktober 2010. 
  12. Mar, Alex (4. april 2005). «Young suffers aneurysm». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 3. februar 2009. Henta 26. oktober 2010. 
  13. Pitchfork Feature: Top 100 Albums of the 1970s, arkivert frå originalen 23. mars 2007, henta 23. mars 2007 
  14. «The All-TIME 100 Albums: After the Gold Rush by Neil Young - TIME Magazine - ALL-TIME 100 Albums». Time. Arkivert frå originalen 12. august 2010. Henta 26. oktober 2010. 
  15. Acclaimed Music