The Beau Brummels
The Beau Brummels var eit USA-amerikansk band. Dei vart skipa i San Francisco i 1964 og bestod opphavleg av Sal Valentino (solovokal), Ron Elliott (sologitar), Ron Meagher (bassgitar), Declan Mulligan (rytmegitar, bass, munnspel) og John Petersen (trommer). Dei vart oppdaga av lokale DJ-ar som leita etter nye artistar å signere til det nye selskapet deira, Autumn Records, der Sylvester Stewart—seinare kjend som Sly Stone—produserte dei tidlege innspelingane deira. Opphavleg var musikkstilen deira ei blanding av beat-musikk og folkemusikk og dei vart ofte samanlikna med The Beatles, medan dei seinare spelte stilartar som psykedelisk rock og countryrock. Gruppa tok namnet sitt frå den kjende engelske lapsen Beau Brummell frå regency-tida.[1]
The Beau Brummels | |||
The Beau Brummels i Village of the Giants (1965). Frå venstre: Ron Elliott, Declan Mulligan, Sal Valentino, Ron Meagher, John Petersen. | |||
Opphav | San Francisco i California i USA | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1964–69, 1974–75 | ||
Sjanger | Rock, pop, folkrock, countryrock | ||
Plateselskap | Autumn, Vault, Warner Bros., Bay Sound Records | ||
Tidlegare medlemmer | Sal Valentino Ron Elliott Ron Meagher Declan Mulligan John Petersen Don Irving |
The Beau Brummels slo gjennom med debutsingelen sin, «Laugh, Laugh». Med denne songen vart dei seinare rekna for å ha sett eit av dei estetiske grunnlaga for San Francisco-stilen, i lag med andre band som The Charlatans. Songen er oppført på lista til Rock and Roll Hall of Fame over «500 songar som forma rock and roll».[2] Populariteten deira fortsette med det påfølgjande albumet, Introducing The Beau Brummels i 1965, og topp 10-singelen «Just a Little». Salstala dalte året etter, då Autum Records, som sleit med økonomiske problem, vart kjøpt opp av Warner Bros. Records. Etter å ha spelt inn eit album med coversongar, Beau Brummels '66, gav bandet ut eit par kritikarroste album, Triangle i 1967 og Bradley's Barn i 1968.
Det var stadig endringar i besetninga til bandet, som byrjar med at Mulligan slutta i 1965. Gitaristen Don Irving kom inn i bandet seint i 1965, då Ellito byrja å slite med anfall som følgje av diabetes, slik at han ikkje lenger kunne turnere med bandet. Kort tid etter utgjevinga av Beau Brummels '66, slutta Irving i gruppa då han vart kalla inn i hæren. Petersen slutta for å bli med i Harpers Bizarre, og The Beau Brummels vart redusert til ein trio for innspelinga av Triangle. Meagher vart trekt ut til militærteneste i 1968, og berre Valentino og Elliott var att som bandmedlemmar. Duoen arbeidde med studiomusikarar i Nashville for innspelinga av Bradley's Barn før dei gav seg i 1969 for å fokusere på solokarriere og andre prosjekt.
Fire av dei opphavlege medlemmane i bandet kom saman i 1974 og gav ut eit sjølvoppkalla album året etter.
Bandmedlemmar
endreOriginal besetning
endre- Sal Valentino – solovokal, tamburin (1964–1969, 1974–1975)
- Ron Elliott – sologitar, korvokal, stundom vokal (1964–1969, 1974–1975)
- Ron Meagher – bass, korvokal, stundom vokal (1964–1967, 1974)
- Declan Mulligan – rytmegitar, munnspel, korvokal, stundom vokal (1964–1965, 1974–1975)
- John Petersen – trommer, stundom solovokal (1964–1966, 1974–1975; død 2007)
Seinare medlemmar
endre- Don Irving – gitar, korvokal (1965–1966)
- Dan Levitt – banjo, gitar (1974–1975)
- Peter Tepp – trommer (fullførte turné i 1975)
Tidslinje
endre- Note: The Beau Brummels var inaktive frå 1969 til 1974.
Diskografi
endre- 1965: Introducing the Beau Brummels
- 1965: The Beau Brummels, Volume 2
- 1966: Beau Brummels '66
- 1967: Triangle
- 1968: Bradley's Barn
- 1975: The Beau Brummels
- 2013: Continuum
Kjelder
endre- ↑ «Trivial Pursuit: The Test of Dandy Knowledge». Dandyism.net. Henta 31. august 2013.
- ↑ «Experience The Music: One Hit Wonders and The Songs That Shaped Rock and Roll | The Rock and Roll Hall of Fame and Museum». Rockhall.com. 15. april 2013. Arkivert frå originalen 9. mai 2012. Henta 20. oktober 2020.
- Denne artikkelen bygger på «The Beau Brummels» frå Wikipedia på engelsk, den 20. oktober 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Unterberger, Richie (2000). Urban Spacemen and Wayfaring Strangers: Overlooked Innovators and Eccentric Visionaries of '60s Rock. San Francisco: Miller Freeman, Inc. ISBN 978-0-87930-616-8.
- March, Jeff; Childs, Marti (1999). Echoes of the Sixties. New York: Billboard Books (Nielsen Business Media, Inc.). ISBN 978-0-8230-8316-9.