Belarusisk geografi
Belarus, tidlegare kalla Kviterussland, er hovudsakleg eit flatt land (middelhøgda er 162 meter over havnivå) utan naturlege grenser og dekkjer eit areal på 207 600 kvadratkilometer. Nabolanda er Russland i aust og nordaust, Latvia i nord, Litauen i nordvest, Polen i vest og Ukraina i sør.
Topografi og drenasje
endreBelarus er bortimot heilt flatt, men diagonalt gjennom landet går Den belarusiske kjeda (Byelaruskaja Hrada), eit noko høgareliggande område som består av individuelle åsar frå sørvest til nordaust. Det høgaste punktet er Dziarzjynskaja (Dzerzjinskaja på russisk) på 346 meter, kalla opp etter Felix Dzerzjinskij, leiar for Russland sitt tryggleiksapparat under Stalin. Nordlege delar av Belarus har eit naturskjønt åslandskap med mange innsjøar og slake åsar danna av massane frå isbrear. I sør består om lag ein tredjedel av området rundt elva Pripjat av den lågtliggande og myrlendte sletta kalla Polesie.
Belarus har rundt 3 000 elvar og 4 000 innsjøar, som utgjer ein stor del av landskapet. Desse vert brukt for tømmerfløyting, skipsfart og straumproduksjon. Av store elvar har ein Daugava og Nemunas, som begge renn vestover, og Dnepr, som renn sørover, med sideelvane hennar Berezina, Sozj og Pripjat. Pripjat og tilhøyrande kanal har knytt saman elvene Dnepr og Vistula i Polen sidan Kievriket. Narots er den største innsjøen i landet med eit areal på 80 kvadratkilometer.
Om lag ein tredjedel av landet er dekt med såkalla pusjtsji, store folketomme skogområde. I nord er det bartre som dominerer, men ein finn òg bjørk og or her. Lenger sør veks det òg andre lauvtre. Skogen Belavezjskaja (Belovezjskaja på russisk) Pusjtsja lengst vest er den eldste og flottaste av skogane. Eit reservat her vernar om dyr og fuglar, som i omliggande område forlengst er utrydda. Reservatet strekkjer seg òg inn i Polen, og begge land forvaltar det.
Klima
endreBelarus har eit fuktig kontinentalklima, som er mykje det same som klimaet i Litauen og nordlege delar av Ukraina. Vinteren er kald over heile landet, av og til iskald når kaldluft strøymer sørvestover frå Sibir, og snødekket ligg store delar av vinteren som varer mellom 105 og 145 dagar. Middeltemperaturen i januar er -6 °C. Somrane er derimot milde, og av og til kan ein få varme dagar i juli og august. Middeltemperaturen i juli er om lag 18 °C. Sommaren og våren er som regel den våtaste tida på året, sjølv om det ikkje kjem dei store mengdene. Den årlege nedbørsnormalen varierer mellom 550 og 700 mm.
Miljøproblem
endreDet mest vidgjetne forureiningsproblemet i Belarus er etterverknadane av Tsjernobylulukka 26. april 1986, då ein av reaktorane i eit atomkraftverk i Tsjernobyl i Ukraina eksploderte. Om lag 70 % av strålinga som vart kasta ut, vart ført med vinden til Belarus. Her påverka ho mist 25 % av landet, særleg i Homjel (Gomel på russisk) og Mahiljow (Mogiljov på russisk) i sør og søraust, og 22 % av folkesetnaden. Sjølv om meir enn to millionar menneske (inkludert 600 000 born) budde i område som vart påverka av det radioaktive nedfallet etter ulukka, prøvde den sovjetiske regjeringa å dekkje over ulukka før svenske forskarar pressa på for å få ei forklaring på uvanleg høge strålingsnivå frå atmosfæren i Sverige.
Den belarusiske regjeringa kravde minst 17 milliardar rublar av den sovjetiske regjeringa for å takle konsekvensane, men fekk berre 3 milliardar rublar. I følgje ein funksjonær i 1993 vart det brukt ein kopek per innbyggjar i Russland, tre kopek i Ukraina, og ein rubel (100 kopek) i Belarus.
Trass i at regjeringa etablerte eit Tsjernobyl-utval, oppretta lover om kven som kunne halde seg i dei radioaktivt forureina områda, og ein institusjon som skulle forske på effektane, vart det gjort lite for å handsame konsekvensane av ulukka på grunn av lite pengar og regjeringa si trege haldning. I 1994 var flyttinga av 170 000 innbyggjarar langt bak tidsskjemaet på grunn av dårleg økonomi. For å hjelpe offer etter Tsjernobyl, så hjelpte ein vestleg organisasjon, The Know-How Fund, mange belarusiske lækjarar med opplæring av dei siste teknikkane innan beinmargstransplantasjon.
Langtidseffektane etter ulukka inkluderer ein auke av forskjellige former for kreft og skadar på nyfødde born. Infisert vatn, buskap, landsbruksvarer og landområde er omfattande, og dei utbreidde våtmarksområda inneheld framleis store mengder stråling. Oppreinsking etter ulukka stod for 14 % av statsbudsjettet i 1995. Andre miljøproblem er mellom anna omfattande kjemisk forureining av jordsmonnet, og industriell forureining har ein i så godt som alle større byar.
- Naturfarar
- Ingen
- Miljøskadar
-
- Forureina jordsmonn på grunn av stor bruk av sprøytemiddel.
- Den søraustlege delen av landet er radioaktivt forureina av Tsjernobylulukka, som fekk om lag 60 % av det totale nedfallet. Det er ikkje lenger mogeleg med busetnad i store område av Homjel og Mahiljow voblast. Om lag 7 000 km² vart forureina av cesium-137 med nivå opp til 15 curie (550 gigabecquerel) per kvadratkilometer. I 1996 utgjorde områda som var forureina med meir enn 1 Ci/km² (37 GBq/km²) av cesium-137 om lag 21 % av det totale arealet i landet (berre 1 % minke sidan 1986), og i 2002 budde framleis 1,5 millionar menneske i desse områda.
- Internasjonale miljøavtalar
-
- Medlem av avtalar som omhandlar: Luftforureining, utslepp av nitrogenoksid i atmosfæren, utslepp av svovel 85, biologisk mangfald, klimaendringar, utryddingstrua dyreartar, miljøomforming, miljøfarleg avfall, utslepp av miljøfarleg avfall i vatn, forbod mot atomprøvesprengingar, vern av ozonlaget, skipsforureining, våtmarksområde
- Signert, men ikkje stadfesta: Havrett
Areal og grenser
endre- Areal
-
- Totalt: 207 600 km²
- Landegrenser
- Kystlinje
- 0 km (omgitt av land)
- Høgder
-
- Lågaste punkt: Nemunas 90 m
- Høgaste punkt: Dziarzjynskaja 345 m
Naturressursar og arealbruk
endre- Naturressursar
- Skogar, torv, små mengder olje og naturgass, granitt, dolomitt-kalkstein, mergel, kalk, sand, grus, leire.
- Arealbruk
-
- Dyrkande jord: 29 %
- Permanente avlingar: 1 %
- Permanente beite: 15 %
- Skogområde: 34 %
- Andre: 21 % (1993 estimat)
- Irrigert land
- 1 150 km² (1998 estimat)
- Vassressursar
- Om lag 20 000 elvar og bekkar, med ei total lengd på 91 000 km, og om lag 11 000 innsjøar og vatn, inkludert 470 innsjøar med areal på minst 0,5 km² kvar. Narots er den største innsjøen (79,2 km², 25 meter djup på det djupaste).
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Geography of Belarus» frå Wikipedia på engelsk, den 16. februar 2007.
Bakgrunnsstoff
endre- Tsjernobyl-data for Belarus Arkivert 2004-03-14 ved Wayback Machine.