Wisła
Wisła (tysk: Weichsel; tsjekkisk: Visla; latin: Vistula) er den lengste elva i Polen med ei lengd på 1047 km. Ho drenerer eit område på 194 424 km², der 168 699 km² ligg i Polen (over halvparten av landarealet til landet) [1].
Wisła | |||
elv | |||
Land | Polen, Ukraina Kviterussland, Slovakia | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 194 424 km² | ||
Lengd | 1 047 km | ||
Middelvassføring | 1,080 m³/s | ||
Kjelde | Barania Góra i Dei schlesiske Beskidane | ||
• høgd | 1 106 moh. | ||
Munning | Gdańskbukta i Austersjøen | ||
Wisła 49°36′21″N 19°00′13″E / 49.605833333333°N 19.003611111111°E | |||
Wikimedia Commons: Vistula |
Wisła har kjelda si sør i landet, ved Barania Góra (1220 moh) i Dei schlesiske Beskidane (vest i Karpatane). Utgangspunktet hennar vert rekna som staden der elvane Kvite Vesle Wisła (Biała Wisełka) og Svarte Vesle Wisła (Czarna Wisełka) renn saman. Ho renn så over dei store polske slettene og gjennom fleire store polske byar, inkludert Krakow, Sandomierz, Warszawa, Płock, Włocławek, Toruń, Bydgoszcz, Świecie, Grudziądz, Tczew og Gdańsk. Med eit elvedelta og fleire greiner (Leniwka, Przekop, Śmiała Wisła, Martwa Wisła, Nogat og Szkarpawa) munnar ho ut i Wisłalagunen eller direkte ut i Gdańskbukta i Austersjøen.
Historie
endreDet er ikkje kjend om rota til namnet Vistula er indoeuropeisk eller urindoeuropeisk. Endingar som -ila og -ula vart nytta i mange indoeuropeiske språkgrupper, som germansk og latinsk, noko som gjer det vanskeleg å fastsette opphavet til namnet. Namnet vart først nytta av Plinius den eldre i år 77 e.Kr i Naturalis Historia. Han nyttar namnet Vistula (4.52, 4.89) og den alternative forma Vistillus (3.06). Vistula rann ut i Mare Suebicum, som vi kjenner som Austersjøen. Frå dei forskjellige kjeldene kan ein kome fram til at svebarar og burgundarar heldt til vest for deltaet, og at det austgermanske gotarane og føregjengarane deira, Oksywie-kulturen, heldt til ved sjølve deltaet. Områda aust for Wisła var busett av baltisktalande folkegrupper som galindarar, sudovarar og prøyssiske folk.
Ein veit derimot lite om desse folkegruppene i området.[2].
Klaudios Ptolemaios skriv òg om folkegruppene rundt Wisła, som han ser på som grensa mellom Germania og Sarmatia. Han nyttar den greske stavinga Ouistoula. Andre forfattarar i antikken nyttar forma Istula. Pomponius Mela refererer til Visula (Bok 3) og Ammianus Marcellinus til Bisula (Bok 22), begge manglar bokstaven t. Jordanes (Getica 5 & 17), nyttar forma Viscla. Det anglosaksiske diktet «Widsith» referer til elva som Wistla.
Wisła var tidlegare knytt til elva Dnepr og dermed til Svartehavet. Vassvegen Austersjøen-Wisła-Dnepr-Svartehavet var ein av dei viktigaste gamle handelsrutene, Ravvegen, der rav og andre varer vart ført frå Nord-Europa til Hellas, Asia, Egypt og andre stader.
I fleire hundreår var elva i Tyskland og landa rundt kjend under det tyske namnet Weichsel (i tyske dokument i mellomalderen òg skrive Wissel og Wixel). Den siste istida i Nord-Europa, som enda i rundt 10 000 f.Kr. vert kalla Weichsel-istida. Russarane kalla Polen Wisła-provinsen under tsarstyret på 1800-talet.
Skipsfart
endreWisła er framkommeleg, men store delar av ho møter ikkje krava til moderne innanlands skipsfart. Frå Austersjøen til Bydgoszcz (der Bydgoszczkanalen munnar ut i elva) kan mellomstore fartøy av CEMT klasse II ta seg opp Wisła. Vidare oppover er ho for grunn til at elvelektarar kan gå.
Oppfor Warszawa vart det starta eit prosjekt for å auke kapasiteten i elva ved å bygge fleire sluser i Krakow-området. Dette prosjektet vart ikkje heldt fram vidare nedover elva, så det er framleis vanskeleg å ta seg fram i elva. Om ein restaurerer aust-vest-vegen via Narew - Bug - Mukhavets - Pripjat - Dnepr kan Wisła igjen verte ein viktig vassveg i framtida.
Byar og sideelvar
endreBy | Sideelv | Merknad |
---|---|---|
Wisła | Kjelde | |
Ustroń | ||
Skoczów | Brennica | |
Strumień | Krajka | |
Goczałkowice-Zdrój | ||
Czechowice-Dziedzice | Biała-Wisełka | |
Brzeszcze | Wisła, Soła | |
Oświęcim | Soła | |
Zator | Skawa | |
Skawina | Skawinka | |
Kraków | Sanka, Rudawa, Prądnik, Dłubnia, Wilga | stort sett kanaliserte elvar |
Niepołomice | ||
Nowe Brzesko | ||
Nowy Korczyn | Nida | |
Szczucin | ||
Połaniec | Czarna | |
Baranów Sandomierski | Babolówka | |
Tarnobrzeg | ||
Sandomierz | Koprzywianka, Trzesniówka | |
Zawichost | ||
Annopol | Sanna | |
Józefów nad Wisłą | ||
Solec nad Wisłą | ||
Kazimierz Dolny | Bystra | |
Puławy | Kurówka | |
Dęblin | Wieprz | |
Magnuszew | ||
Wilga | Wilga | |
Góra Kalwaria | Czarna | |
Karczew | ||
Otwock, Józefów | Świder | |
Konstancin-Jeziorna | Jeziorka | |
Warszawa | Żerańkanalen | fleire andre mindre elvar |
Łomianki | ||
Legionowo | ||
Modlin | Narew | |
Zakroczym | ||
Czerwińsk nad Wisłą | ||
Wyszogród | Bzura | |
Płock | Słupianka, Rosica, Brzeźnica, Skrwa Lewa, Skrwa Prawa | |
Dobrzyń nad Wisłą | ||
Włocławek | Zgłowiączka | |
Nieszawa | Mień | |
Ciechocinek | ||
Toruń | Drwęca, Bacha | |
Solec Kujawski | ||
Bydgoszcz | Brda | kanalisert |
Chełmno | ||
Świecie | Wda | |
Grudziądz | ||
Nowe | ||
Gniew | Wierzyca |
Nær Kwidzyń er Wisła delt i to greiner som utgjer elvedeltaet:
Nogat | Leniwka | ||||
---|---|---|---|---|---|
By | Sideelvar | Merknad | By | Sideelvar | Merknad |
Sztum | Tczew | ||||
Malbork | Gdańsk | Motława, Radunia, Potok Oliwski | i byen deler elva seg i fleire greiner som munnar ut i Austersjøen forskjellige stader. Hovudgreina munnar ut i sjøen ved Westerplatte | ||
Elbląg | Elbląg | like før ho munnar ut i Wisłabukta |
Sideelvar frå høgre
endreSideelvra til høgre med ein nærliggande by
- Brennica - Skoczów
- Iłownica
- Biała - Czechowice-Dziedzice
- Soła
- Skawa - Zator
- Skawinka - Skawina
- Wilga - Kraków
- Drwinka
- Raba
- Gróbka
- Uszwica
- Kisielina
- Dunajec
- Breń
- Brnik
- Wisłoka
- Babulówka - Baranów Sandomierski
- Trzesniówka - Sandomierz
- Łęg - Sandomierz
- San
- Sanna - Annopol
- Wyżnica - Józefów
- Chodelka
- Bystra - Kazimierz Dolny
- Kurówka - Puławy
- Wieprz - Deblin
- Okrzejka
- Promnik
- Wilga - Wilga
- Świder - Otwock, Józefow
- Kanał Żerański - Warszawa
- Narew - Nowy Dwór Mazowiecki
- Mołtawa
- Słupianka - Płock
- Rosica - Płock
- Brzeźnica - Płock
- Skrwa Prawa - Płock
- Mień - Nieszawa
- Drwęca - Toruń
- Bacha - Toruń
- Struga
- Osa - Grudziądz
- Liwa
Sideelvar frå venstre
endreSideelvar frå venstre med ein nærliggande by
- Krajka - Strumień
- Pszczynka
- Gostynia
- Przemsza - Chełmek
- Chech
- Rudno
- Sanka - Kraków
- Rudawa - Kraków
- Prądnik - Kraków
- Dłubnia - Kraków
- Roporek - Nowe Brzesko
- Szreniawa
- Nidzica
- Nida - Nowy Korczyn
- Strumień
- Czarna - Połaniec
- Koprzywianka - Sandomierz
- Opatówka
- Kamienna
- Krępianka - Solec nad Wisłą
- Iłżanka
- Zwoleńka
- Plewka - Janowiec
- Zagożdzonka - Kozienice
- Radomka
- Pilica - Warka
- Czarna - Góra Kalwaria
- Jeziorka - Konstancin-Jeziorna
- Bzura - Wyszogród
- Skrwa Lewa - Płock
- Zgłowiączka - Włocławek
- Tążyna
- Zielona
- Brda - Bydgoszcz
- Wda - Świecie
- Wierzyca - Gniew
- Motława - Gdańsk
- Radunia - Gdańsk
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Vistula River» frå Wikipedia på engelsk, den 15. mai 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Polsk statistisk byrå
- ↑ De Utspringe et Situ Germanorum av Cornelius Tacitus, arkivert frå originalen 25. juni 2009, henta 15. mai 2008