Bellatrix
Bellatrix, eller i Bayer-nemning Gamma Orionis (γ Ori, γ Orionis), er den tredje mest lyssterke stjerna i stjernebiletet Orion, 5° til høgre for den raude kjempestjerna α Ori (Betelgeuse). Ho er like mellom første og andre storleiksorden, og er den 27. mest lyssterke stjerna på nattehimmelen.
Observasjonsdata Epoke J2000 Ekvinoks J2000 | |
---|---|
Stjernebilete | Orion |
Rektascensjon | 05h 25m 07.86325s[1] |
Deklinasjon | +06° 20′ 58.9318″[1] |
Tilsynelatande storleiksklasse (V) | 1.64[2] |
Karakteristikk | |
Spektralklasse | B2 III[3] |
U−B fargeindeks | –0.86[2] |
B−V fargeindeks | –0.21[2] |
Variabel type | Eruptive[treng kjelde] |
Astrometri | |
Eigarørsle (μ) | RA: –8.11[1] mas/år Dek.: - mas/år |
Parallakse (π) | 12.92 ± 0.52[1] mas |
Avstand | 250 ± 10 ly (77 ± 3 pc) |
Detaljar | |
Masse | 8.4+0.3−0.1[4] M☉ |
Radius | 6[5] R☉ |
Luminositet | ~6,400[6] L☉ |
Overflategravitasjon (log g) | 3.60[7] cgs |
Temperatur | 22,000[7] K |
Rotasjonssnøggleik (v sin i) | 46 ± 8[7] km/s |
Andre namn | |
Eigenskapar
endreBellatrix er ei massiv stjerne med ein masse på kring 8,4 gonger solmassen. Den estimerte alderen er kring 20 millionar år;[4] gammal nok for ei stjerne av denne massen til å konsumere hydrogen i kjernen og starte å utvikle seg bort frå hovudserien til ei kjempestjerne.[6] Effektiv temperatur i den ytre atmosfæren av stjerna er 22 000 K,[7] som er langt varmare enn 5 778 K på sola. Dene høge temperaturen gjev stjerna ein blåkvit farge som er vanleg for klasse B-stjerner.[9] Den målte vinkeldiameteren til stjerna, etter korreksjon for kantformørking, er 0.72 ± 0.04 mas.[10] Med ein estimert distanse til sola på 250 lysår,[1] gjev dette ein fysisk storleik som er kring seks gonger så stor som solradien.[5][6]
Namn
endreNamnet Bellatrix er latinsk for «kvinnekrigar», og var først omtalt i verka til Abu Ma'shar al-Balkhi og Johannes frå Sevilla. Namnet refererte opphavleg til Capella, men vart overført til Gamma Orionis av astronomane i Wien på 1400-talet.[11] Ho vart òg kalla Amasonestjerna, som Richard Hinckley Allen føreslo var ei laus omsetjing frå det arabiske namnet Al Najīd, erobraren.[12]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bellatrix» frå Wikipedia på engelsk, den 18. august 2015.
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 van Leeuwen, F. (November 2007). «Validation of the new Hipparcos reduction». Astronomy and Astrophysics 474 (2): 653–664. Bibcode:2007A&A...474..653V. arXiv:0708.1752. doi:10.1051/0004-6361:20078357.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Crawford, D. L.; Barnes, J. V.; Golson, J. C. (desember 1971), «Four-color, Hbeta, and UBV photometry for bright B-type stars in the northern hemisphere», Astronomical Journal 76: 1058–1071, Bibcode:1971AJ.....76.1058C, doi:10.1086/111220
- ↑ Morgan, W. W.; Keenan, P. C. (1973), «Spectral Classification», Annual Review of Astronomy and Astrophysics 11: 29, Bibcode:1973ARA&A..11...29M, doi:10.1146/annurev.aa.11.090173.000333
- ↑ 4,0 4,1 Janson, Markus; et al. (August 2011), «High-contrast Imaging Search for Planets and Brown Dwarfs around the Most Massive Stars in the Solar Neighborhood», The Astrophysical Journal 736 (2): 89, Bibcode:2011ApJ...736...89J, arXiv:1105.2577, doi:10.1088/0004-637X/736/2/89
- ↑ 5,0 5,1 Lang, Kenneth R. (2006), Astrophysical formulae, Astronomy and astrophysics library 1 (3rd utg.), Birkhäuser, ISBN 3-540-29692-1. Radien (R*) er gjeven ved:
- ↑ 6,0 6,1 6,2 Kaler, James B., «BELLATRIX (Gamma Orionis)», Stars (University of Illinois), henta 27. desember 2012
- ↑ 7,0 7,1 7,2 7,3 Lefever, K.; et al. (June 2010), «Spectroscopic determination of the fundamental parameters of 66 B-type stars in the field-of-view of the CoRoT satellite», Astronomy and Astrophysics 515: A74, Bibcode:2010A&A...515A..74L, arXiv:0910.2851, doi:10.1051/0004-6361/200911956
- ↑ «BELLATRIX -- Variable Star», SIMBAD (Centre de Données astronomiques de Strasbourg)
- ↑ «The Colour of Stars», Australia Telescope, Outreach and Education (Commonwealth Scientific and Industrial Research Organisation), desember 21, 2004, arkivert frå originalen 3. desember 2013, henta 16. januar 2012
- ↑ Richichi, A.; Percheron, I.; Khristoforova, M. (February 2005), «CHARM2: An updated Catalog of High Angular Resolution Measurements», Astronomy and Astrophysics 431: 773–777, Bibcode:2005A&A...431..773R, doi:10.1051/0004-6361:20042039
- ↑ Kunitzsch, Paul (1986). «The Star Catalogue Commonly Appended to the Alfonsine Tables». Journal for the History of Astronomy 17 (49): 89–98. Bibcode:1986JHA....17...89K.
- ↑ Allen, Richard H. (1963). Star Names: Their Lore and Meaning (reprint utg.). New York, NY: Dover Publications Inc. s. 237. ISBN 0-486-21079-0.