Bengt Strömgren
Bengt Georg Daniel Strömgren (21. januar 1908–4. juli 1987) var ein dansk astronom og astrofysikar.[1]
Bengt Strömgren | |||
Bengt Strömgren, 1957 | |||
Fødd | Bengt Georg Daniel Strömgren 21. januar 1908 Gøteborg i Sverige | ||
---|---|---|---|
Død | 4. juli 1987 (78 år) København i Danmark | ||
Nasjonalitet | dansk | ||
Område | Fysikk, matematikk, astronomi | ||
Yrke | astronom, astrofysikar, fysikar, universitetslærar | ||
Institusjonar | Københavns Universitet University of Chicago Universitetet i Leiden Universitetet i Leiden | ||
Alma mater | Københavns universitet | ||
Doktorgradsrettleiar | Elis Strömgren | ||
Kjend for | Strömgren-sfærar, Strömgren fotometrisk system, stjernekjemi | ||
Influerar | Elis Strömgren, Niels Bohr, Otto Struve | ||
Medlem | Kungliga Vetenskapsakademien Det Kongelige Danske Videnskabernes Selskab Det pavelege vitskapsakademiet American Academy of Arts and Sciences Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina Den internasjonale astronomiske unionen Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen National Academy of Sciences |
Han var fødd i Göteborg som son av Elis Strömgren. Han var professor ved Københavns universitet frå 1938 til 1957 og bestyrar av Københavns observatorium frå 1940 til 1957. Frå 1952 til 1957 var han òg professor ved University of Chicago og frå 1951 til 1957 direktør for McDonald- og Yerkes-observatoriet. Han var medlem av Institute of Advanced Study i Princeton frå 1957 til 1967 og professor ved København universitet frå 1967 til 1978. Strömgren var president i IAU frå 1970 til 1793.
Strömgren har gjeve ut ei rekkje avhandlingar over baneutrekningar, det indre av stjernene og stjerneatmosfærer, og interstellart stoff.
Prisar
endrePrisar
- Brucemedaljen (1959)
- Royal Astronomical Society sin gullmedalje (1962)
- Henry Norris Russell Lectureship (1965)
- Janssen-medaljen frå Det franske vitskapsakademiet (1967)
Oppkallingar
Forskjellig
- Asteroiden 1493 Sigrid, kalla opp etter kona hans.
Kjelder
endre- Bengt Georg Daniel Strömgren. (2009, 15. februar). I Store norske leksikon. Henta 21. mars 2015 frå https://snl.no/Bengt_Georg_Daniel_Str%C3%B6mgren.
- ↑ Spitzer, Jr., Lyman (March 1988). «Bengt Strömgren». Physics Today 41 (3): 112–114. doi:10.1063/1.2811365. Arkivert frå originalen 4. oktober 2013. Henta 18. august 2015.
Bakgrunnsstoff
endre- Bibiliografi av Bengt Strömgren Arkivert 2016-05-06 ved Wayback Machine.
- Brucemedaljen til Bengt Strömgren Arkivert 2007-07-13 ved Wayback Machine.