Bertranditt er eit fargelaust mineral, ofte danna som omvandlingsprodukt av beryll. Det er kjemisk eit hydroksylhaldig berylliumsilikat med formel Be4Si2O7(OH)2. I Noreg er bertranditt funne i små mengder fleire stader, til dømes i Iveland. Førekomstar i Utah i USA har økonomisk tyding som berylliumråstoff.

Bertranditt

Bertranditt frå Golconda-pegmatite i Minas Gerais i Brasil
Generelt
KategoriSorosilikat
Kjemisk formelBe4Si2O7(OH)2
Strunz-klassifisering09.BD.05
KrystallsymmetriOrtorombisk pyramidal
H-M-symbol: (mm2)
Romgruppe: Ccm21
Einingscellea = 8.7135(4) Å, b = 15.268(1) Å, c = 4.5683(3) Å; Z=4
Identifikasjon
Fargefargelaus til bleik gul
KrystallformTynn tavleforma, prismatisk til nåleliknande krystallar vanlegvis i radielle grupper
KrystallsystemOrtorombisk
TvillingVanleg på {011} eller {021} dannar hjarte- eller V-forma tvillingar
Kløyvperfekt på {001}; tydeleg på {100}, {010} og {110}
Mohs hardleiksskala6 - 7
Glansglasaktig, perleaktig på kløyvflater
TransparensGjennomsiktig
Spesifikk vekt2.59 - 2.60
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparToaksa (-)
Brytingsindeksnα = 1.591 nβ = 1.605 nγ = 1.614
Dobbeltbrytingδ = 0.023
2V-vinkelMålt: 73° til 81°
Kjelder[1][2][3]

Mineralet er kalla opp etter Émile Bertrand (1844–1909), ein fransk mineralog og krystallograf, som forbetra polarisasjonsmikroskopet ved å konstruere bertrandokularet og bertrandlinsa.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre