The Chain
Song av Fleetwood Mac
frå albumet Rumours
Utgjeve 4. februar 1977
Innspelt 1976
Sjanger Rock
Lengd 4:28
Selskap Warner Bros.
Komponist Lindsey Buckingham, Mick Fleetwood, Christine McVie, John McVie, Stevie Nicks
Tekstforfattar Lindsey Buckingham, Mick Fleetwood, Christine McVie, John McVie, Stevie Nicks
Låtskrivar(ar) Lindsey Buckingham
Mick Fleetwood
Christine McVie
John McVie
Stevie Nicks
Produsent Fleetwood Mac, Ken Caillat & Richard Dashut

«The Chain» er ein song av det britisk-amerikanske rockebandet Fleetwood Mac, frå det bestseljande albumet deira Rumours frå 1977. Songen er den einaste på albumet som er skriven av fem medlemmane i bandet (Stevie Nicks, Lindsey Buckingham, Christine McVie, John McVie og Mick Fleetwood) og vart skapt ved at dei sette saman fleire musikkstykke dei tidlegare ikkje hadde brukt, inkludert soloarbeid av Buckingham, Nicks og Christine McVie. Det vart sett saman, ofte ved å fysisk og manuelt kutte opp lydband med eit barberdblad. Dette vart gjort i Record Plant i Sausalito i California med dei innleigde lydteknikarane Ken Caillat og Richard Dashut.[1] Etter den store salsuksessen til Rumours, vart «The Chain» gjeven ut på The Dance, eit konsertalbum frå 1997 og fleire samlealbum. Han har blitt særskild populær i Storbritannia, der han vart nytta som kjenningsmelod til fjernsynsprogrammet Formula One.[2]

Bakgrunn endre

I følgje intervju om skapinga av Rumours, vart den siste delen av «The Chain»—som byrjar med ei basslinje, skapt av John McVie og Mick Fleetwood. Stevie Nicks hadde skriven tekst separat og tenkte dei ville passe godt til. Ho og Christine McVie skreiv om noko for å skape den første delen av melodien. Andre element vart arbeidd inn frå eit tidlegare prosjekt av Christine McVie kalla «Keep Me There».[1] Pianomotivet i bluesstil vart fjerna, og resten sett saman med eit mellomspelt frå eit anna tidlegare stykke ved hjelp av å bruke eit barberblad til å kutte opp og sette saman att lydbandet. For å gjere songen ferdig nytta Buckingham opp att introduksjonen frå ein tidlegare song frå ein duett med Nicks «Lola (My Love)», opphavleg gjeven ut på albumet deira frå 1973.

Sidan mykje av musikken vart kutta opp og sett saman (trommene og gitaren var dei einaste instrumenta som vart spelt inn i lag) av tidlegare songar, er «The Chain» ein av få Fleetwood Mac-songar som er skriven av alle medlemmane i bandet.[1] Den ferdige songen har ein grunnleggande rockestruktur, men to særeigne parti: hovudverset og refrenget, og den avsluttande delen. Songen syner element av hardrock, folk og country, ved hjelp av ein dobro som spelar gitarriffet.[1][3]

Utgjeving og mottaking endre

Rumours vart kritikarrost då det kom ut. Seinare analysar av «The Chain» har gjort at mange trekkj denne fram som det mest tydelege uttrykket for den indre striden mellom dei forskjellige bandmedlemmane på denne tida. Buckingham og Nicks var i ferd med å gå frå kvarandre, samstundes som ekteskapet til John og Christine McVie var i ferd med å bli over, og det same skjedde med Fleetwood og kona hans Jenny Boyd.[1] I 1997 gav Fleetwood Mac songen ut på konsertplata The Dance. Utgåva av «The Chain» frå denne plata nådde 30. plassen på Billboard Mainstream Rock Tracks-lista i USA. Songen finst òg på The Very Best of Fleetwood Mac og 25 Years - The Chain.

BBC-programmet Formula One nytta den siste basslinja som kjenningsmelodi til programmet sitt frå 1978 og fram til BBC mista TV-rettane til ITV Sport i 1997, og songen var derfor særs gjenkjenneleg i Storbritannia.[4] Den 29. mars 2009 gjekk songen inn på den britiske singellista på ein 94. plass via nedlasting, etter at BBC igjen byrja å bruke songen som kjenningsmelodi då dei fekk attande senderettane frå ITV. Den 20. mars 2011 gjekk songen inn på lista nok ein gong, denne gongen på 81. plass etter ein kampanje på Facebook om å prøve å få songen til topps på lista føre 2011-sesongen av Formel 1.[2] I november 2014 hadde songen seld til sølvplate basert berre på nedlastingar, noko som gjer songen til ein av dei mest suksessrike Fleetwood Mac-songane i Storbritannia.

Medverkande endre

Tantric-versjonen endre

The Chain
Singel av Tantric
frå albumet After We Go
Språk engelsk
Utgjeve 2004
Sjanger Post-grunge, hardrock, alternativ rock
Lengd 4:21
Selskap Maverick Records
Komponist Lindsey Buckingham, Mick Fleetwood, Christine McVie, John McVie, Stevie Nicks
Tekstforfattar Lindsey Buckingham, Mick Fleetwood, Christine McVie, John McVie, Stevie Nicks
Tantric-kronologi 
Hey Now (2003) The Chain After We Go
(2004)


Sognen vart spelt inn av det amerikanske rockebandet Tantric, og gjeven ut som den andre singelen frå albumet deira After We Go i 2004. Songen nådde 36. plassen på US Mainstream Rock-lista. Denne versjonen vart nytta som kjenningsmelodi i HBO-dokumentarfilmserien Family Bonds. Versjonen vart òg sampla av rap-gruppa Bone Thugs-n-Harmony.

Lister endre

Chart (2004) Peak

Position

Billboard US Mainstream Rock 36

Andre versjonar endre

Mange artistar har spelt inn «The Chain», mellom andre Shark Island i 1989, Kick Axe i 1986 ,Three Days Grace i 2009, Shawn Colvin og Taking Dawn i 2010.

Mumford & Sons, Vampire Weekend, Ben Howard, Haim og Edward Sharpe and the Magnetic Zeros spelte songen som den avsluttningsnummer på festivalen Summer Stampede i London i juli 2013.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Carroll (2004) s. 134-136.
  2. 2,0 2,1 «BBC Formula One coverage to bring back Fleetwood Mac's 'The Chain'». Daily Telegraph. 24 February 2009. Henta 13. mai 2015. 
  3. Garbarini, Vic (March 1998). «Interview with Lindsey Buckingham». Guitar World. Arkivert frå originalen 6. juli 2011. Henta 31. juli 2015. 
  4. «BBC unveils 2009 F1 coverage – and return of The Chain». crash.net. 31. juli 2015. Henta 31. juli 2015. 

Bakgrunnsstoff endre