Bjørn Skau

norsk politikar

Bjørn Skau (fødd 26. februar 1929 i Horten, død 2. mars 2013 i Fredrikstad)[1] var ein norsk journalist, politikar (Ap) og offentleg tenestemann.

Bjørn Skau
Fødd26. februar 1929
Horten kommune
Død2. mars 2013 (84 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, journalist
BarnPer Skau
Alle verv

Han var statsråd og sjef for justisdepartementet (justisminister) i Gro Harlem Brundtland si første regjering, i tida 4. februar–14. oktober 1981.

Bjørn Skau arbeidde som journalistlærling og journalist frå 1945-1957 og 1965-1967.

Bjørn Skau var nært knytt til arbeidarrørsla frå tidlege ungdomsår, og var medlem av Larvik kommunestyre 1951–57. Han var medlem av landsstyret i Arbeidernes ungdomsfylking 1952–58 og nestformann i AUF 1952–58. Har var politisk sekretær i Sosialdepartementet i 1959 og statssekretær i Sosialdepartementet 1961-1963 og 1963-1965, berre avbrote av Lyng-regjeringa i 1963.[2][3] I perioden 1961-1965 var han også formann i Framfylkingen.

Han var deretter rådmann i Skjeberg frå 1967 til 1975, seksjonssjef i Nordisk Ministerråd sitt kultursekretariat frå 1975 til 1977, sjukehussjef i Buskerud frå 1978 til 1988 og sjukehusdirektør ved Buskerud sentralsykehus 1988–93. Han var formann i Buskerud Arbeiderparti 1981–1984 og medlem av DNA sitt landsstyre 1981–85. Han var også medlem av kommunestyret og formannskapet i Drammen 1983-1987.

Då han vart utnemnd til justisminister var det noko overraskande, særleg fordi han var den første på lenge i denne stillinga som ikkje sjølv var jurist.

Bjørn Skau var også vore aktiv i fråhaldsrørsla, der han hadde ei rekkje framstånde verv:

Bjørn Skau er far til tidlegare stortingsrepresentant Per Skau. Han er også bror til misjonæren Annie Skau Berntsen.

Kjelder endre

  1. «Tidligere justisminister Bjørn Skau er død». Aftenposten. 2. mars 2013. 
  2. «Einar Gerhardsens tredje regjering». Regjeringa.no. Henta 12. oktober 2017. 
  3. «Einar Gerhardsens fjerde regjering». Regjeringa.no. Henta 12. oktober 2017.