Steinulf Tungesvik
Steinulf Tungesvik (fødd 24. desember 1965) er ein norsk jurist og politikar. Frå 21. oktober 2005 var han statssekretær for Senterpartiet i Samferdsledepartementet under statsråd Liv Signe Navarsete i den raudgrøne regjeringa til Jens Stoltenberg, regjeringa Stoltenberg II.[1] Han var til då leiar i Noregs Mållag (2005).
Steinulf Tungesvik | |||
Fødd | 24. desember 1965 (58 år) | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Senterpartiet | ||
Yrke | politikar, advokat | ||
Utdanna ved | Universitetet i Oslo | ||
Far | Hans Olav Tungesvik | ||
Verv | Statssekretær i Sosial- og helsedepartementet 29. januar 1999–17. mars 2000 | ||
Verv | Statssekretær i Samferdsledepartementet 21. oktober 2005–29. februar 2008 | ||
Verv | Leiari Noregs Mållag 2005 | ||
Føregangar | Endre Brunstad | ||
Etterfylgjar | Nils Ulvund | ||
Alle verv |
|
Tungesvik voks opp i Skånevik i Hordaland fylke, og er son av KrF-politikaren Hans Olav Tungesvik. Steinulf Tungesvik har juridisk embetseksamen og har arbeidd som forretningsadvokat. Han var politisk rådgjevar og seinare statssekretær for sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa frå Sp i den fyrste Bondevik-regjeringa.[2] Han var sentral i arbeidet med å setje i gang Norsk Ordbok 2014-prosjektet, som forfattar av forprosjektsrapporten Norsk ordbok 2014 - om vegen fram til fullføring av ordboksverket i 2014.
Tungesvik vart sterkt profilert under Slepp nynorsken til-kampanjen arrangert av Noregs Mållag i 2005. Han vart òg profilert som ein sterk forkjempar for eit nynorsk nettleksikon. Saka om nynorsk nettleksikon vart særskilt teke med i Soria Moria-erklæringa; "Regjeringen vil (...) stimulere til økt bruk av nynorsk i media, og bidra til finansiering av et nettbasert nynorsk leksikon."
I 2000 vart Tungesvik tilsett i Kluge advokatfirma i Oslo. I 2004 flytta han til Bergen, samstundes som han heldt fram i same selskap. I april 2005 vart han veld til leiar i Noregs mållag, eit verv han sa frå seg for å byrje i statssekretærstillinga i oktober same år.
Kjelder
endre- ↑ «Jens Stoltenbergs andre regjering». Regjeringa.no. Henta 10. juli 2017.
- ↑ «Kjell Magne Bondeviks første regjering». Regjeringa.no. Henta 10. juli 2017.