The Carpenters

(Omdirigert frå Carpenters)

Carpenters (av mange kalla The Carpenters)[1] var ein USA-amerikansk duo som bestod av syskena Karen og Richard Carpenter. I lag skapte dei ein særeigen, lett musikkstil og vart to av dei mestseljande artistane gjennom tidene. I løpet av dei 14 åra dei heldt på spelte Carpenters inn 11 album, 31 singlar, fem fjernsynsprogram og ein kortvarig fjernsynsserie. Gruppa enda i 1983 då Karen døydde av hjartesvikt på grunn av komplikasjonar med anoreksi. Omfattande dekning i media kring dødsfallet hennar førte til auka fokus på spisevegring.[2][3]

Carpenters

Karen og Richard Carpenter i Det kvite huset 1. august 1972.
OpphavLos Angeles
Aktiv1969–1983
SjangerPop, softrock, adult contemporary
Tilknytte artistarThe Richard Carpenter Trio
PlateselskapA&M
Siste medlemmerKaren Carpenter
Richard Carpenter
PrisarGrammy Award for beste nye artist, Grammy Award for Best Pop Performance by a Duo or Group with Vocals, Grammy Award for Best Pop Performance by a Duo or Group with Vocals, Grammy Hall of Fame Award, Grammy Hall of Fame Award, stjerne på Hollywood Walk of Fame, American Music Award for Favorite Pop/Rock Band/Duo/Group

Den melodiske popmusikken til gruppa produserte nye rekordar for hitsinglar på dei amerikanske hitlistene, og dei vart dei største artistane innan softrock, easy listening og adult contemporary. Carpenters fekk tre singlar på toppen av singellista i USA og fem andreplassar på Billboard Hot 100. I tillegg hadde dei femten førsteplassar på Adult Contemporary-lista og tolv singlar inne på topp 10. Så langt har Carpenters seld meir enn 100 millionar plater og singlar.[4]

Biografi endre

Med sine lette og luftige melodiar, omhyggelege og reine arrangement som traff eit stort publikum, stod Carpenters i direkte kontrast til den overdrivne og prangande poprocken i 1970-åra.[5]

Carpenters oppstod seint i 1960-åra i Downey i California, etter at familien deira flytta dit frå New Haven i Connecticut, der dei voks opp. Richard hadde spelt piano med ein cocktail jazztrio på fleire nattklubbar i Connecticut. Då familien flytta til California, byrja han å studere piano, medan han spelte for Karen i ein trio med Wes Jacobs på tuba og bass. Med Jacobs og Richard som akkompagnementet hennar, fekk Karen platekontrakt med det lokale plateselskapet Magic Lamp, som gav ut to singlar av songaren. Trioen vann ein konkurranse, Battle of the Bands, i Hollywood Bowl i 1966, som førte til at dei fekk platekontrakt med RCA Records. Som the Richard Carpenter Trio spelte gruppa inn fire songar som ikkje vart gjevne ut. Jacobs slutta i bandet i byrjinga av 1968.

Etter Jacobs slutta, danna syskena Spectrum med venen til Richard, John Bettis. Spectrum var over før slutten av året, men Carpenters heldt fram å spele som ein duo. Paret spelte inn somme demoar heime hos studiomusikaren Joe Osborn. Lydbandet vart gjeve til Herb Alpert, som då leia A&M Records, og han signerte kontrakt med duoen for plateselskapet sitt tidleg i 1969.

Offering, det første Carpenters-albumet, kom ut i november 1969. Verken Offering, eller den tilhøyrande singelen, ein versjon av Beatles-songen «Ticket to Ride», gjorde særleg inntrykk. Alt endra seg derimot med den andre singelen til the Carpenters, ein versjon av Burt Bacharach og Hal David sin «(They Long to Be) Close to You». Songen var henta frå albumet Close to You, og singelen vart den første for gruppa som gjekk til topps på singellista i USA, der han låg i fire veker. «Close to You» vart ein internasjonal hit, og var starten på ein femårsperiode der duoen var ein av dei mest populære artistane i verda.[5] I denne perioden vann the Carpenters to Grammy-prisar, mellom anna beste nykommar i 1970, og hadde ei imponerande rekkje av Topp 10-hit, som «Rainy Days and Mondays», «Superstar», «Hurting Each Other», «Goodbye to Love», «Yesterday Once More» og «Top of the World».

Etter bandet gav ut «Only Yesterday», som nådde ein fjerdeplass på singellista i 1975, vart bandet mindre populære. Siste halvdelen av 70-åra var duoen plaga med personlege problem.[5] Richard hadde hamna i narkotikaproblem og i 1978 la han seg inn til avrusing.[5] Karen hadde samstundes utvikla anoreksi, noko ho skulle slite med resten av livet sitt.[5] På toppen av helseproblema, byrja singlane deira å gjere det dårlegare ,og i 1978 nådde dei ikkje lenger topp 40 på singellista. Karen valde då å prøve seg som soloartist, og spelte inn eit soloalbum i 1979 med Phil Ramone. Plata vart aldri fullført, og ho kom attende til Carpenters seinare på året. Duoen gav ut eit siste album med nytt materiale, Made in America i 1981. Albumet var eit kommersielt comeback for duoen, og «Touch Me When We're Dancing» nådde 16. plass på listene. Helsa til Karen vart derimot dårlegare, og duoen vart tvungen til å ta det roleg. 4. februar 1983 vart Karen funnen medvitslaus i heimen til foreldra i Downey. Ho døydde same dag på sjukehuset av hjartestans på grunn av anoreksi-sjukdomen sin.

Etter Karen døydde, konsentrerte Richard Carpenter seg om produksjonsarbeid og sette saman forskjellige samleplater med musikk av Carpenters. I 1987 gav han ut soloalbumet Time med Dusty Springfield og Dionne Warwick som gjesteartistar.

Ettermæle endre

Fleire av songane deira har fått status som popstandardar. «Superstar» har blitt spelt av mange andre artsitar, med populære innspelingar av Luther Vandross og Ruben Studdard til Bette Midler, Shonen Knife og Sonic Youth.

Både «We've Only Just Begun» og «(They Long to Be) Close to You» har begge blitt æra med Grammy Hall of Fame-pris.[6]

Moderne artistar som Christina Aguilera, Gwen Stefani, Shania Twain, Jann Arden, Anastacia, The Corrs, Mary J. Blige, Alicia Keys, Chrissie Hynde, Gloria Estefan, LeAnn Rimes, Michelle Wright, k.d. lang, Kelly Jones frå Stereophonics, Christina Perri, Beyoncé, Johnny Borrell frå Razorlight, Jo O'Meara frå S Club, Carnie Wilson frå Wilson Phillips, Mandy Moore, Michael Jackson og Madonna har alle omtalt Karen Carpenter som ei stor inspirasjonskjelde i karrierane deira.[7][8]

Diskografi endre

Posthume utgjevingar

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «The Carpenters» frå Wikipedia på engelsk, den 2. februar 2015.
  • Carpenter, Richard (2005). «Carpenters Biography 2005». The Carpenters official website. s. 1–10. Henta 30. november 2007. 
  • Coleman, Ray (1994). The Carpenters: The Untold Story. New York, New York: Harpercollins. ISBN 978-0-06-018345-5. 
  • Costin, Carolyn (1998). The Eating Disorder Sourcebook. New York, New York: McGraw-Hill Professional (publisert 1999). ISBN 1-56565-853-1. 
  • Edwards, Ralph (Executive Producer) (14. februar 1971). This Is Your Life (Television production, DVD). Los Angeles, California: Ralph Edwards Productions. 
  • Levitin, Daniel (May 1995). «Arranging Master Class: Richard Carpenter». Electronic Musikar. Henta 27. desember 2007. 
  • Surratt, Paul and JoAnn Young (Executive Producers) (31. mars 1998). Close to You: Remembering the Carpenters (Videotape, DVD). MPI Home Video. ISBN 0788600176. UPC 030306727820.  templatestyles stripmarker in |id= at position 1 (hjelp)
  • Schmidt, Randy (2010). Little Girl Blue: The Life Of Karen Carpenter
  • Stockdale, Tom. Karen Carpenter. Philadelphia: Cehlsea House Publishers, 2000. ISBN 0791052257
  • Wallace, Evelyn (1973). The Carpenters' Official Fan Club Newsletters, Issue No. 26. June, 1973.
  • Zerbe, Kathryn J. (1995). The Body Betrayed: A Deeper Understanding of Women, Eating Disorders, and Treatment. Carlsbad, California: Gürze Books, LLC. ISBN 0-936077-23-9. 
  • Unknown (1976). Superstars of the 70s. London, England: Octopus Books Limited. ISBN 0-7064-0447-5. 
  1. Carpenter, Richard (2004). Carpenters Gold: 35th Anniversary Edition. Carpenters. A&M Records. 
  2. Costin, Carolyn (1998). The Eating Disorder Sourcebook. New York, New York: McGraw-Hill Professional (publisert 1999). ISBN 1-56565-853-1. 
  3. Zerbe, Kathryn J. (1995). The Body Betrayed: A Deeper Understanding of Women, Eating Disorders, and Treatment. Carlsbad, California: Gürze Books, LLC. ISBN 0-936077-23-9. 
  4. Schmidt, Randy (October 24, 2010). «Karen Carpenter's tragic story». The Guardian. Henta 2. februar 2015. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 Carpenters-biografi på Allmusic av Stephen Thomas Erlewine
  6. «GRAMMY Hall Of Fame». GRAMMY.org. Arkivert frå originalen 19. februar 2011. Henta 2. februar 2015. 
  7. VH1's Greatest Women of Rock and Roll
  8. «Shania Twain». Famousinterview.ca. 26. mars 1993. Henta 2. februar 2015. 

Bakgrunnsstoff endre