Rosenfink

art av sporvefuglar
(Omdirigert frå Carpodacus erythrinus)
Rosenfink
Rosenfinkhann
Rosenfinkhann
Rosenfinkhoe
Rosenfinkhoe
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: NT Nær truga[1]Utbreiinga av rosenfink
Utbreiinga av rosenfink
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Finkefamilien Fringillidae
Underfamilie: Carduelinae
Slekt: Rosenfinkar Carpodacus
Art: Rosenfink C. erythrinus
Vitskapleg namn
Carpodacus erythrinus

Rosenfink (Carpodacus erythrinus) er ein av ca. 22 artar i slekta Carpodacus av rosenfinkar i finkefamilien. Rosenfinken har største og tettaste hekkedistribusjonen i Sibir og Sentral-Asia, men arten har spreitt seg til Aust-Europa, Sentral-Europa og til Skandinavia. Arten er ein sterk trekkfugl og hekkefuglar frå Noreg overvintrar i India.[2]

Læte

Skildring endre

Rosenfinken blir opptil 15 centimeter lang og veg ca. 20 til 25 gram. Hannen er karmosinraud på brystet og hovudet, med brune venger og kvit buk, hoa er brunleg. Dei har eit kort, kraftig, finkenebb og mørke auge. I alle drakter har dei smale, doble vengeband som kan vere vanskeleg å oppdage når fjørdrakta er sliten.[3] Hoer og hannar yngre enn det tredje kalenderåret, er olivenbrune med strek og kan ikkje skiljast. Derfor snakkar ein om hokjønnsfarga individ. I vaksen alder er hannen raudleg på hovudet med ei brei, mørk brun augestripe eller tygel. Dei øvre delane av brystet og overgumpen er raude medan området frå nedre bryst og buk inkludert undergump er kvitt eller lys grått. Oversida av vengene, stjert og rygg er mørk brun. Rosenfinken har òg ein særeigen song som består av glissando fløytetonar.

Utbreiing endre

Arten rosenfink delast ofte opp i fem underartar, kvar har karakteristiske skilnader i fargetonar og mengd av strek i fjørdrakta. I vinterkvartera kan underartane ofte ikkje identifiserast ut frå slike kjenneteikn ettersom det førekjem store individuelle skilnader.[4] Dei er langdistanseflyttfuglar som overvintrar i India, Iran, søraustre Pakistan, Nepal og Søraust-Asia[5]

I Noreg endre

Rosenfinken har spreidd seg frå Asia til Aust-Europa, Sentral-Europa og Skandinavia. Han etablerte seg med første hekking i Sverige i 1938 og kom inn i Noreg frå ca. 1970. I 1994 var han hekkefugl frå Rogaland i vest og vestover mot indre Aust-Noreg og nordover til Oppland og Hedmark. Dei har habitat ved i skog og krattskog ved vatn, og gjerne på ute på øyar ved kysten.

Galleri endre

Kjelder endre

Referansar endre

  1. Artsdatabanken Raudliste faktaark rosenfink Carpodacus erythrinus (Pallas, 1770) Henta 6. februar 2022
  2. Svensson, Lars et al, (1999) Gyldendals store fugleguide, Gyldendal ISBN 82-05-25554-7
  3. Staav, R., Fransson, T. (1991). Nordens fåglar (utgåva andra upplagan). Stockholm: Norstedts. sid. 467-468. ISBN 91-1-913142-9
  4. Lars Larsson (2001) Birds of the World, CD-rom
  5. Kåre Ström, 2006

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Rosenfink