Cecilie Skog
Cecilie Skog (fødd 9. august 1974 i Ålesund) er ein norsk fjellklatrar, polfarar og eventyrar. Ho var den første kvinna som gjennomførte Explorers Grand Slam, det vil seie Nordpolen, Sørpolen og Seven Summits.
Cecilie Skog | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 9. august 1974 (50 år) Ålesund kommune |
Yrke | fjellklatrer, polfarer, sjukepleiar, faglitterær forfattar, fjellfører |
Ektefelle | Rolf Bae |
Cecilie Skog på Commons |
Skog er utdanna sjukepleiar og studerte friluftsliv ved Høgskulen i Volda. Ho har arbeidd både som fjellførar, breførar og breinstruktør.[1]
Av merittlista som klatrar og eventyrar:
- Dei tre polane: Mount Everest 23. mai 2004, Sørpolen 27. desember 2005, Nordpolen 24. april 2006. Polane utan etterforsyningar.[2]
- Seven Summits: Mount Everest 2004, Aconcagua 1999, Mount McKinley 2001, Kilimanjaro 2004, Mount Vinson 2006, Elbrus 2003, Mount Kosciuszko 2006.
- Dessutan: Mont Blanc 1996, Shisha Pangma 2003 (snudde ved 7 400 moh), Cho Oyu 2003, kryssa innlandsisen på Grønland, 610 km i 2004, K2 1. august 2008 (også på K2 i 2005, snudde ved 7 300 moh).
1. august 2008 var Cecilie Skog vitne til at ektemann og mangeårig turkamerat, Rolf Bae, omkom då den store séracen over The Bottleneck på K2 brast og sette i gang ei lavine.[3][4]
Cecilie Skog har gjeve ut fleire bøker.
Referansar
endre- ↑ Om meg Arkivert 2012-10-13 ved Wayback Machine. på Cecilie Skog sine heimesider
- ↑ The Three Poles Arkivert 2015-02-18 ved Wayback Machine. på adventurestats.com
- ↑ Graham Bowley, No Way Down, Life and Death on K2, Penguin Books 2010, ISBN 978-0-141-04406-4, side 86-91
- ↑ Fredrik, Sträng; Johnsson, Per (2009). K2 På liv och död (på svensk). Stockholm: Månpocket Fakta (bokförlaget Forum). ISBN 978-91-7232-196-0., side 187f
Bakgrunnsstoff
endre- The Three Poles Arkivert 2015-02-18 ved Wayback Machine. på adventurestats.com
- Heimesida til Cecilie Skog Arkivert 2008-08-07 ved Wayback Machine.
- «Hva følte du da du nådde Nordpolen?» (Aftenposten, 2006)