Fjørmygg

(Omdirigert frå Chironomidae)
Fjørmygg
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Seksfotingar Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Orden: Tovenger Diptera
Infraorden: Culicomorpha
Overfamilie: Chironomoidea
Familie: Fjørmygg Chironomidae

Fjørmyggar (Chironomidae) er ei gruppe tovenger som finst i tilknytnad til ferskvatn over heile verda. Dei liknar vanlege myggar, men ingen av artane syg blod. Særleg hannane er lette å kjenne att på dei store, fjør-liknande antennene deira.

Det er beskrive godt over 5 000 artar fjørmyggar over heile verda, men ein reknar med at det reelle artstalet er nærare 15 000[1]. 505 av dei er registrerte i Noreg. Dei ferskvasslevande larvane deira («raude mygglarvar») er økologisk viktige som byttedyr for mange ferskvassfisk, særleg i djupe sjøar.

Sverming endre

Fjørmyggar i naturen er lettast å observera når dei svermar. Med litt trening er det ikkje vanskeleg å skilja fjørmyggsvermer frå andre svermande myggar; dei har ein raffinert flukt-åtferd som har fått danskane til å kalla dei «dansemyggar». Store svermar inneheldt store mengder med individ, og har ved fleire høve faktisk ført til brannutrykkingar. Dei kan òg vera særs plagsame, sjølv om dei ikkje stikk: Dei kan flyga inn i nase og svelg, noko som ikkje er vidare behageleg.

Svermande fjørmyggar kan somme stadar føra til større problem. I Sudan vert opptil 20 % av folket som bur langsmed Nilen arbeidsuføre fordi dei vert allergiske mot myggen og utviklar sterk astma. Slik allergi kan òg kanskje vera problematisk andre stadar. Folk som arbeider på fjørmygg-farmar, som produserer larvar som levandefôr til akvariefisk, er ofte plaga med allergi.

Livssyklus endre

Fjørmyggar går gjennom fire larvestadium på vegen frå egg til vakse insekt. Desse stadia er avhengige av vatn, men ikkje alltid i så veldig store mengder. Somme artar toler særs godt tørke og/eller innfrysing.

Det første larvestadiet til fjørmyggen er ofte pelagisk (i alle fall i innsjøar). Dei vert trekt mot lys og heldt seg såleis ganske langt oppe i vatnet. Når dei først slår seg ned på botnen kan dei velje i eit breitt spekter av levesett avhengig av art. Somme et alger av stein eller vassplantar, andre grev i daudt tre, vassplantar eller ferskvass-svamp og somme lever saman med andre organismar som vårflugelarvar, sniglar eller andre grupper. Frå utlandet kjenner ein òg parasittiske former som går på fisk.

Ein finn stort sett algeetande artar på grunt vatn, naturleg nok. På djupare vatn dominerer detritus-etarar.

Når fjørmyggen forpuppar seg eller døyr, fell den harde, kitiniserte «hovudskalla» av og søkk til botnen. Analyser av botnsedimenta frå innsjøar kan difor fortelje mykje om kva slags fjørmyggar som lever eller har levd i dei. For artar ein har økologisk kunnskap om tyder dette at ein kan seie mykje om korleis tilhøva der har forandra seg over tid.

Miljø endre

Dei fleste fjørmyggane er knytt til ferskvatn som i innsjøar og elver, men det finst artar i særs mange ulike slags vatn. Det finst artar som lever i smeltevasskanalar under snøen på isbrear i Himalaya, i havet (noko som særs få andre insekt har klart), i svovelhaldige varme kjelder med temperaturar opp i 50 °C og i særs surt myrvatn.

Ein finn likevel flest artar i ferskvassmiljø. I ulike undersøkingar har ein funne så mykje som 140-250 ulike artar i ein og same sjø - Noregsrekorden ligg på 143.

Fjørmyggar som mat endre

Fjørmyggar er særs talrike og inneheldt frykteleg mykje næring - om lag 40 % av kroppsmassen deira er protein. Særleg i puppestadiet er fugl, fisk og rovinsekt ute etter dei. Aure i vestnorske vassdrag har eit kosthald som består av om lag 70 % fjørmyggar. Artar som stingsild og røye kan òg ha gruppa som hovudføde. Dei raude mygglarvane ein får kjøpt i akvariebutikkar er frå fjørmyggar.

Eit anna kritisk stadium er overgangen frå puppe til vakse insekt, eller frå vatn til luft. Her er det insektetande fugl som er det største trugsmålet.

Systematikk endre

Fjørmyggar høyrer med mellom dei best undersøkte gruppene systematisk sett. Likevel kan så mykje som 70 % av artane framleis vera uoppdaga. Ein delar gruppa i elleve underfamiliar:[2]

Kjelder endre

  • Velle, Gaute: A palaeolimnological study of chironomids (Insecta: Diptera) with special reference to Holocene climate (Doktorgradsarbeid)
  • Willassen, Endre: CHIRONOMIDAE - en enkel introduksjon i Insekt-Nytt #3, 1988
  1. Cranston, P.S. (1995) Introduction i P.D. Armitage, P.S. Cranston og L.C.V. Pinder (red.) - The Chironomidae - Biology and ecology of non-biting midges. Cranston & Hall
  2. Sæther, Ole Anton: Phylogeny of the subfamilies of Chironomidae (Diptera) i Systematic Entomology vol.25, #3, Juli 2000, s. 393-403