Christian Wisbech
Christian Wilhelm Wisbech (7. oktober 1832–5. april 1897) var ein norsk marineoffiser og stortingsmann frå Bergen. På Stortinget representerte han Høgre.
Christian Wisbech | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 7. oktober 1832 Bergen |
Død |
5. april 1897 (64 år) |
Yrke | politikar |
Språk | norsk |
Politisk parti | Høgre |
Far | Christian Wisbech |
Wisbech blei fødd i Bergen som son til dåverande stasfysikus (lege) Christian Wisbech og kona Alida Brunchorst. Han gifta seg med Thora Heiberg.[1]
Sjølv gjekk han inn i marinen, der han gjekk den militære høgskulen. Etter i 1856 hadde fullført skuletida vart han sekondløytnant og lærar ved sjøkadettinstituttet. Utnemnd til premierløytnant i 1863, og tøymeister i marinen i 1870. Frå 1875 var han kaptein, rykte opp til kommandørkaptein i 1885 og kommandør i 1893. Ved det siste opprykket forlet han stillinga som tøymeister, og vart i staden sjef for det sjømilitære korpset. I si offiserstid var han medlem av fleire kommisjonar. Mellom anna var han frå 1882 formann i marinen sin artilleri- og fortskommisjon, der han hadde vore medlem sidan 1867.
Wisbech var 4. representant frå Jarlsberg og Larviks amt på Stortinget 1883-85 og 3. representant i perioden 1889-91, heile vegen medlem av militærkomiteen. Også for den mellomliggande perioden var han vald til tingmann, det valet vart forkasta av Stortinget med 73 røyster mot 35.[2] Han var i mange år medlem av bystyret i Horten, ordførar 1880-81. Ei tid var han formann i fattigstyret i byen.
Wisbech døydde i Horten i 1897.
Kjelder
endre- ↑ ofstad.info
- ↑ Christian Wilhelm Wisbech Arkivert 2011-05-27 ved Wayback Machine. – Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste (NSD)
- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914