Christmas in the Heart
Christmas in the Heart Studioalbum av Bob Dylan | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 13. oktober 2009 | |
Innspelt | 2009, Santa Monica i California, USA | |
Sjanger | Julemusikk | |
Lengd | 42:21 | |
Selskap | Columbia | |
Produsent | Jack Frost (Bob Dylan's pseudonym) | |
Bob Dylan-kronologi | ||
---|---|---|
Together Through Life (2009) |
Christmas in the Heart | The Bootleg Series Vol. 9: The Witmark Demos: 1962–1964 (2010')
|
Christmas in the Heart er det 34. studioalbumet til Bob Dylan og det første julealbumet hans. Det kom ut 13. oktober 2009 på Columbia. Albumet består av salmar og populære julesongar. Alle inntektene Dylan fekk frå salet av albumet gjekk til Feeding America i USA, Crisis i Storbritannia og World Food Programme.[13]
Meldingar | |
---|---|
Samla karakter | |
Kjelde | Karakter |
Metacritic | 62/100[2] |
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [3] |
The A.V. Club | B−[4] |
Robert Christgau | [5] |
The Guardian | [6] |
Paste | 7.5/10 [7] |
Pitchfork Media | 6.8/10[8] |
PopMatters | [9] |
Rolling Stone | [10] |
Slant Magazine | [11] |
Tiny Mix Tapes | [12] |
Dylan sa at sjølv om han var jødisk (han vart kristen i slutten av 1970-åra), følte han seg aldri utanfor i jula i barndommen i Minnesota. Albumet nådde 23. plass på albumlista i USA og 5. plass i Noreg. Meldinga om at Dylan hadde planar om å spele inn eit julealbum kom uventa og var uvanleg for Dylan.[14] Albumet gjekk rett inn Billboard's Holiday og Billboard's Folk Album -listene, 10. plassen på rockealbumlista og 23. plassen på den totale lista.
Innspeling
endreAlbumet vart spelt inn i eit studio i Santa Monica som Jackson Browne eig.
I ei intervju publisert av Street News Service, spurte journalisten Bill Flanagan Dylan om kvifor han spelte songane så beintfram, og Dylan svarte: «Det er ikkje noko anna måte å sele dei på. Desse songane er ein del av livet mitt, like mykje som folkevisene. Du må spele dei beintfram òg.»
Utjeving og mottaking
endreDylan gav ut ein musikkvideo for songen «Must Be Santa» regissert av Nash Edgerton. I videoen har Dylan og nokre folk ein julefest, før to av gjestene byrjar å slost og knnuser ting rundt seg I siste scenen kan ein sjå Dylan og julenissen.[15]
Det vart òg laga ein musikkvideo til songen «Little Drummer Boy» regissert av Jeff Scher.
Mottaking
endrePå Metacritic har albumet ein poengsum på 62 av 100, basert på 17 meldingar.[16]
Det var uventa at Dylan spelte inn eit julemusikkalbum og han vart først møtt med skepsis, men prosjektet vart til slutt godt likt blant fleire av kritikarane som eit friskt pust for desse klassikarane.[17]
Feeding America fekk inntektene frå platesalet i USA og Dei sameinte nasjonane sitt World Food Programme og Crisis fekk inntektene for salet i Storbritannia.
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Here Comes Santa Claus» | Gene Autry, Oakley Haldeman | 2:35 |
2. | «Do You Hear What I Hear?» | Noël Regney, Gloria Shayne Baker | 3:02 |
3. | «Winter Wonderland» | Felix Bernard, Richard B. Smith | 1:52 |
4. | «Hark the Herald Angels Sing» | Felix Mendelssohn (music), Charles Wesley (lyrics), arranged by Bob Dylan | 2:30 |
5. | «I'll Be Home for Christmas» | Buck Ram, Kim Gannon og Walter Kent | 2:54 |
6. | «The Little Drummer Boy» | Katherine K. Davis, Henry Onorati, Harry Simeone | 2:52 |
7. | «The Christmas Blues» | Sammy Cahn, David Jack Holt | 2:54 |
8. | «O' Come All Ye Faithful (Adeste Fideles)» | Traditional, arranged by Bob Dylan | 2:48 |
9. | «Have Yourself a Merry Little Christmas» | Hugh Martin, Ralph Blane | 4:06 |
10. | «Must Be Santa» | William Fredericks, Hal Moore | 2:48 |
11. | «Silver Bells» | Jay Livingston, Ray Evans | 2:35 |
12. | «The First Noel» | Traditional, arranged by Bob Dylan | 2:30 |
13. | «Christmas Island» | Lyle Moraine | 2:27 |
14. | «The Christmas Song» | Mel Tormé, Bob Wells | 3:56 |
15. | «O Little Town of Bethlehem» | Traditional, arranged by Bob Dylan | 2:17 |
Medverkande
endre- Bob Dylan – vokal, gitar, elektrisk piano, munnspel
- Tony Garnier – bassgitar
- George Recile – trommer, perkusjon
- Donnie Herron – steelgitar, mandolin, trompet, fiolin
- David Hidalgo – trekkspel, gitar, mandolin, fiolin
- Phil Upchurch – gitar
- Patrick Warren – piano, orgel, celeste
Andre medverkande
- Amanda Barrett, Bill Cantos, Randy Crenshaw, Abby DeWald, Nicole Eva Emery, Walt Harrah, Robert Joyce – kor
Teknisk
- Bob Dylan – produsent
- David Bianco – innspeling, miksing
- Bill Lane – assisterande lydteknikar
- David Spreng – ekstra lydteknikar
- Glen Suravech – assisterande lydteknikar
- Rich Tosti, Ed Wong – studiostøtte
Plateomslag
- Olivia De Berandis – illustrasjonar på baksida
- Ewin Fotheringham – illustrasjonar på baksida
- Leonard Freed/Magnum Photos – foto på innsida
- Coco Shinomiya – design
- VisualLanguage.com – framsida
Salslister
endreListe (2009) | Plassering |
---|---|
Austerrike[18] | 44 |
Belgia (Flandern)[18] | 22 |
Belgia (Vallonia) | 89 |
Canada | 33 |
Danmark[18] | 14 |
Nederland[18] | 34 |
Frankrike[18] | 119 |
Tyskland[18] | 37 |
Noreg[18] | 5 |
Irland[18] | 34 |
Italia[18] | 27 |
Spania[18] | 54 |
Sverige[18] | 6 |
Sveits[18] | 80 |
UK Albums Chart[18] | 40 |
US Billboard 200 Albums Chart[18] | 23 |
US Billboard Holiday Albums Chart[18] | 1 |
US Billboard Folk Albums Chart[19] | 1 |
US Billboard Rock Albums Chart | 9 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Christmas In The Heart» frå Wikipedia på engelsk, den 8. oktober 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Bob Dylan: Christmas in the Heart». AnyDecentMusic?. anydecentmusic.com. Henta 13. juni 2018.
- ↑ «Christmas in the Heart Reviews». Metacritic.com. Henta 19. desember 2018.
- ↑ Erlewine, Stephen Thomas. Christmas in the Heart på Allmusic
- ↑ Matos, Michaelangelo (10. februar 2012). «A.V. Club review». Avclub.com. Henta 19. desember 2018.
- ↑ Christgau, Robert. «Robert Christgau: CG: Artist 169». robertchristgau.com. Henta 19. desember 2018.
- ↑ Richard Williams (10. desember 2009). «The Guardian review». London: Guardian. Henta 19. desember 2018.
- ↑ http://www.pastemagazine.com/articles/2009/10/bob-dylan-christmas-in-the-heart.html
- ↑ http://pitchfork.com/reviews/albums/13615-christmas-in-the-heart/
- ↑ http://www.popmatters.com/review/114628-bob-dylan-christmas-in-the-heart/
- ↑ «Rolling Stone review». Rollingstone.com. Arkivert frå originalen 19. oktober 2009. Henta 19. desember 2018.
- ↑ «Slant Magazine review». Slantmagazine.com. Henta 19. desember 2018.
- ↑ http://www.tinymixtapes.com/music-review/bob-dylan-christmas-heart
- ↑ «CAFAmerica to distribute royalities from Bob Dylan's Christmas album to Crisis». UK Fundraising. 14. desember 2009. Henta 8. oktober 2010.
- ↑ Hall, Peter. "A soundtrack for the holidays – Bob Dylan does Christmas" Arkivert 2012-02-28 ved Wayback Machine.. Se7en Magazine. November 10, 2009.
- ↑ «Premiere: Bob Dylan's Must Be Santa Video From Christmas LP | Music News». Rolling Stone. 16. november 2009. Arkivert frå originalen 21. januar 2010. Henta 19. desember 2018.
- ↑ «Bob Dylan - Christmas In The Heart». Metacritic. Henta 19. desember 2018.
- ↑ «Isn't it ironic? Dylan surprises again with holiday CD - 2009-Dec-02 - CultureMap Houston». Culturemap.com. Henta 19. desember 2018.
- ↑ 18,00 18,01 18,02 18,03 18,04 18,05 18,06 18,07 18,08 18,09 18,10 18,11 18,12 18,13 18,14 «Christmas in the Heart». aCharts. Henta 14. januar 2013.
- ↑ Trust, Gary. Chart Beat Thursday: John Mayer, Folk Albums, David Guetta . Billboard. 26. november 2009. Henta 6. desember 2009.