Opna hovudmenyen

DS «Jupiter» (1856)

norsk dampskip frå 1856
For andre fartøy med same namn, sjå «Jupiter».
DS Jupiter (1856).png
DS «Jupiter», truleg frå 1900-åra
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Jupiter»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Caird & Co i Greenock
Byggekostnad: 69 187 spesidalar
Verftsnummer: 46
Sjøsett: 1856
Jomfrutur: 1856
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: JPDL
Lagnad: Forliste 1912
Generelle mål
Type: Passasjer- og lasteskip
Tonnasje: 652 brt, 390 nrt
Daudvekt: 450 (1886)
Lengd: 55,0 m
Breidd: 7,9 m
Djupgang: 6,1 m
Installert effekt : 114 NHk
Framdrift: 2cyl. Comp. (Caird & Co.)
Passasjerar: 234 (1907) passasjerar
Mannskap: 27 (1907)
Generelle mål ny hovudmaskin 1871
Tonnasje: 632 brt.
Installert effekt : 131 NHk
Framdrift: 2cyl. Comp. (Bergens mek. værksted)
Fart: 12 knop
Generelle mål ombygging 1881
Tonnasje: 652,85 brt, 390,23 nrt
Daudvekt: 450 tonn

DS «Jupiter» (kallesignal JPDL) var eit dampskip bygt i 1856 som passasjer- og frakteskip og var det fjerde skipet til Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS). Det var det første av tre skip i BDS med dette namnet. Skipet var byggnummer 46 ved verftet Caird & Company i Greenock i Skottland, og kjøpesummen var 69 187 spesidalar. Skipet segla i Hamburg-ruta og i godsrute mellom Oslo og Hammerfest. I 1896 til 1897 gjekk skipet i fast rotasjon i hurtigruta. Seinare vart ho ved fleire høve òg brukte som avløysarskip. Siste innsats i hurtigruta var i 1910, og skipet gjekk etter dette i godsrute langs kysten. I 1912 grunnstøytte og sokk DS «Jupiter» ved Fensfjorden, og vart seinare kondemnert.

HistorieEndra

 
DS «Jupiter» til kai i Trondheim i 1893: Foto: Jørgen Wickstrøm

I september 1855 kolliderte reiarlaget sine hjuldamparar, DS «Norge» og DS «Bergen», utanfor Kristiansand. DS «Noreg» sokk, og reiarlaget vedtok i oktober 1855 å tinga eit nytt skip for å erstatta DS «Noreg» i Hamburg-ruta. I januar 1856 vart det på generalforsamlinga til reiarlaget avgjort at namnet på det nye skipet skulle vera «Jupiter». Då DS «Jupiter» vart overlevert i mai 1856 var det det andre skipet til reiarlaget med propellar, og fjerde skipet totalt.

Etter overleveringen i 1856 vart DS «Jupiter» sett inn i Hamburg-ruta saman med DS «Nordstjernen». Ruta gjekk mellom Hamburg i Tyskland og KristiansandBergenTromsø, og vart seinare forlenga til Vadsø. I 1870 vart skipa sendt til Bergen Mekaniske Verksted for modernisering. Den originale compound-motoren og kjelen frå Caird & Co byta ut med ein litt kraftigare ein. Då skipet i 1871 var ferdig, var òg innreiinga fornya. I 1874 vart DS «Jupiter» sett inn i kystruta som Bergenske Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab hadde oppretta i lag mellom Kristiania og Tromsø. Opphavleg gjekk ruta heilt til Stettin i Preussen, men etter protestar frå danske DFDS vart denne siste bolken av ruta fjerna. Seinare vart ruta utvida til Hammerfest.

I hurtigrutaEndra

1. juli 1896 vart DS «Jupiter» sett inn i fast rotasjon i hurtigruta. Skipet segla utan uhell fram til 30. juni 1897 då ho vart tatt ut av rotasjon og sett inn igjen i kystruta. Frå februar til juni 1904 var ho tilbake som erstatning for DS «Orion» som gjekk tapt i brann i desember 1903. I 1905 fekk skipet innlagt elektrisk lys, nye dekk og nytt dekkshus ved Bergen Mekaniske Verksted. Mellom 1907 og 1910 hadde DS «Jupiter» fleire rundturar som avløysarskip.

Etter hurtigrute-karrieren vart DS «Jupiter» nytta i kystruter. 4. desember 1912 var skipet undervegs frå Trondheim til Bergen med stykkgods og sild, då ho grunnstøytte ved Rautingkalven i Fensfjorden og sokk. Vraket vart heva og selt for 5 000 kroner, og vart hogd opp i 1913.

SkipetEndra

Tonnasjen til skipet var ved levering 529 bruttoregistertonn og 390 nettoregistertonn. Etter ombygginga i 1871 vart tonnasjen ommålt til 632 bruttoregistertonn, og etter ombygginga i 1885 til 652,85 bruttoregistertonn, 390,23 nettoregistertonn og ei lasteevne på 450 dødvekttonn. Lasting og lossing føregjekk ved hjelp av ei kran framme og ei kran midtskips. Hovudmaskina var ved levering ein kolfyrt tosylindra vertikal direkteverkende dampmaskin bygd ved verftet Caird & Company. Oppgitt yting var 114 nhk (nominelle hestekrefter), kolforbruket var 10 tynner i timen, og toppfarten var 10 knop. Dampmaskina brukte sjøvatn som fødevatn, noko som gjorde at levetida på kjelen var 4 til 5 år. Ved ombygging i 1871 vart hovudmaskina bytt ut med ein kolfyrt tosylindra compound dampmaskin med arbeidstrykk 160 psi, bygd ved Bergen Mekaniske Verksted. Oppgitt yting var 637 ihk (indikerte hestekrefter) og 131 nhk (nominelle hestekrefter), noko som gav ein toppfart på 12 knop. Kolforbruket vart bortimot halvert etter maskinbytet. Ved levering hadde skipet tre master med skonnertrigg, og klipperbaug med baugspryd. Ved ombygginga 1885 vart klipperbaugen erstatta av ein loddrett baug. Skroget var bygd i jern, og skipet var i 1907 sertifisert for 234 passasjerar i kystfart, og 408 i lokalfart.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  • Dag Bakka jr. – Hurtigruten, sjøveien mot nord (side 53). Seagull Publishing 2003 – ISBN 82-91258-17-1
  • Mike Bent – Coastal Express: The Ferry to the Top of the World (engelsk). Conway Maritime Press Limited, 1987. ISBN 978-0851774466
  • Aarbog for Norges handelsmarine 1907 (side 134) - Sjøfartskontoret, Kristiania 1908. Mal:Bibsys-oria
  • Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 4–16.