DS «Mira» (1891)


DS «Mira» i Odda
Karriere  Noreg
Namn: DS «Neptun»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: A. & J. Inglis, Skottland
Byggekostnad: 557 155 kr.[1]
Verftsnummer: 219
Jomfrutur: 1891
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: JVHN - LELV
Lagnad: Krigsforlis 1941
Generelle mål
Tonnasje: 998 brt, 579 nrt
Lengd: 61,6 m
Breidd: 9,2 m
Djupgang: 6,5 m
Installert effekt : 1 450 iHk, 218 NHk.
Framdrift: Trippel ekspansjon dampmaskin (Inglis)
Fart: 12 knop
Mannskap: 30 (1907)
Generelle mål etter forlenging i 1907
Tonnasje: 1 112 brt, 675 nrt
Daudvekt: 850 dwt
Lengd: 67,6 m
Generelle mål etter ombygging i 1928
Tonnasje: 1 152 brt, 690 nrt

DS «Mira» (kallesignal JVHN / LELV) var eit passasjer- og hurtigruteskip som vart overlevert Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) i juni 1891. Skipet var byggnummer 219 ved verftet A. & J. Inglis i Glasgow i Skottland, og kontraktsummen 557 155 kroner. Skipet gjekk som turistskip om sommaren, og som lasteskip om vinteren frå 1891 til 1928. I perioden 1928 til 1941 segla DS «Mira» i hurtigruta. I mars 1941 vart ho senka av den britiske jagaren HMS «Bedouin» i Lofoten. Fire menneske omkom, og tre av dei såra døydde seinare av skadane dei pådrog seg.

Det Bergenske Dampskibsselskab hadde som tradisjon å namngje skipa sine etter fenomen og objekt på nattehimmelen. Mira er ei stjerne i stjernebiletet Kvalfisken (òg kalla Kvalen).

Historie endre

 
Kongen og dronning kjem til Kristiania med DS «Mira» etter kroningsreisa.
 
«Mira» i Bergen sommaren 1906, innleigd og kvitmåla som kongeskip under kong Haakon og dronning Maud si kroningsferd langs norskekysten.
Foto: Nasjonalbiblioteket si biletsamling

I 1883 starta Det Bergenske Dampskibsselskab og Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab (NFDS) i samarbeid ei turistrute frå Trondheim til Nordkapp. DS «Mira» vart bygd som turistskip, og etter overleveringa i juni 1891 vart ho sett inn på Nordkapp-ruta. I likskap med det andre turistskipet til BDS vart DS «Mira» brukt i godstrafikk om vinteren. I 1903 vart skipet sett inn på turistruta Hamburg – Fjordane – Trondheim. I 1905 vart ho avløyst av DS «Irma» i denne ruta, og DS «Mira» vart sett inn på fleire av skipsrutene til reiarlaget. I juli 1906 vart skipa utleigd som kongeskip i samband med kroninga og kroningsferden til Kong Haakon VII og dronning Maud. Ho var kvitmåla for høvet, og vitja mange av kystbyane på kroningsferda frå Trondheim til Oslo. I juli 1907 vart ho ombygd og forlenga med seks meter ved Stavanger Støberi & Dok. DS «Mira» fortsette i fraktruter om vinteren og i turisttrafikk om sommaren fram til 1928 då ho vart ombygd med firemannslugarar på tredje plass og modernisert for hurtigrutetrafikk. I 1910 havarerete skipet ved Sandtorv.

I hurtigruta endre

Etter ombygginga vart DS «Mira» i 1928 sett inn i fast rotasjon i hurtigruta. I 1931 fekk ho installert radiotelefoni og kjøleanlegg. I 1936 vart hurtigruta utvida til daglege seglingar, og Det Bergenske Dampskibsselskab vedtok å kontrahere eit nytt skip. Ved overleveringa av DS «Nordstjernen» i juli 1937 vart DS «Mira» tatt ut av hurtigruta, men fortsette som avløysarskip. Frå september 1939 gjekk ho i rute mellom Newcastle og Bergen. Undervegs til Bergen vart ho angripe av tyske bombefly og var nær ved å bli treft fleire gonger (dette skjedde medan Noreg framleis var nøytral i krigen).

Under åtaket på Noreg 9. april 1940 låg DS «Mira» i Bergen. Ho vart rekvirert av den tyske okkupasjonsmakta, og teken i bruk som losjiskip i Bergen. Først i februar 1941 vart skipet returnert til reiarlaget. Knappleiken på skipstonnasje gjorde at ho straks vart sett inn i hurtigruta. 4. mars 1941 var skipet på den andre rundturen sin, og var på sørgåande gjennom Tjeldsundet då ho dumpa midt oppi det første Lofotraidet. Den britiske jagaren HMS «Bedouin» skaut eit varselskot føre baugen på DS «Mira». Ein tysk offiser ombord på DS «Mira» tvinga kapteinen til å prøva å sleppe unna. HMS «Bedouin» byrja no å skyte på skipet, og første skotet trefte like under skorsteinen. DS «Mira» mista farten, og besetning og passasjerar gjekk frå bord medan skipet byrja å søkkje. Fire menneske omkom under skytinga og tolv vart såra. Tre av dei såra døydde seinare av skadane dei pådrog seg. Ein av dei døydde i Aberdeen, der nokre av dei såra vart ført av jagaren. Ein tysk offiser og tolv tyske soldatar vart òg frakta til Storbritannia.

Skipet endre

Tonnasjen til DS «Mira» var ved leveringa 998 bruttoregistertonn og 579 nettoregistertonn. I 1903 fekk skipe nye stocklessanker og i 1905 ny donkeykjel (eller hjelpekjel). Etter forlenginga i 1907 var tonnasjen 1 112,11 bruttoregistertonn, 684,93 nettoregistertonn, og lasteevna var 850 dødvekttonn.

Etter ombygginga i 1928 var skipet på 1 152 bruttoregistertonn. Ved levering var det totale volumet på lasteromma 1 273 , og i 1932 var volumet 921 m³. Hovudmaskina og kjelen var plassert midtskips, og var ein Inglis trippel ekspansjon dampmaskin med arbeidstrykk 160 psi. Oppgitt yting 1 450 ihk (indikerte hestekrefter) og 250 nhk (nominelle hestekrefter). Toppfarten på prøveturen var 12,35 knop. I turistskip-rolla sommarstid hadde DS «Mira» mellom 84 og 96 køyeplassar på 1. plass (1. klasse). 2. plass var berre tilgjengeleg om vinteren, og då var køyekapasiteten 39 på 1. plass og 16 på 2. plass. Skipet var bygd i stål, og var i 1907 sertifisert for 396 passasjerar i kystfart, 680 i lokalfart, og 112 i europeisk fart. I 1928 vart innreiinga fornya, og lugarar og salongar vart utvida. Midtskiphuset vart kledd inn, og brua vart plassert over.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «D/S Mira». Sjøhistorie.no. Henta 11. mai 2019.