DS «Nordstjernen» (1855)

norsk dampskip frå 1855
Karriere  Noreg
Namn: DS «Nordstjernen»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Caird & Co i Greenock
Sjøsett: 1855
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: JCPN
Lagnad: Forliste 1881
Generelle mål
Type: Passasjer- og lasteskip
Tonnasje: 519 brt, 366 nrt
Installert effekt : 120 NHk
Framdrift: Lågtrykks dampmaskin
Fart: 10 knop

DS «Nordstjernen» var eit dampskip bygt i 1855 som det tredje skipet til Det Bergenske Dampskibsselskab og den første «skruedamparen», altså med propell og ikkje skovlhjul. Det var òg det første av fire skip for BDS med dette namnet, kalla opp etter Nordstjerna, og det første av mange med stjernenamn.

Historie endre

Skipet vart bygt ved Caird & Co i Greenock i England og vart tinga fordi BDS ønskte å utvide ruta si frå Bergen til Hamburg nordover til Trondheim. BDS hadde to skip i ruta frå før, DS «Bergen» og DS «Norge», men dei to skipa kolliderte utafor Kristiansand i september 1955 og «Nordstjernen» vart sett inn i ruta, som vart utvida til Trondheim våren 1856.

I 1872 byrja Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab og Bergenske å samarbeide om ei rute mellom Bergen og Tromsø og i 1874 utvida dei denne ruta til Oslo og Stettin i Preussen. «Nordstjernen» vrart sett inn i denne ruta og første turen gjekk frå Bergen 7. mars 1874. Ruta hadde ein avgang ein gong i veka. Etter motstand frå danske DFDS, vart Stettin droppa frå ruta, slik at ho gjekk Oslo til Nord-Noreg. Frå sommaren 1879 vart denne ruta kombinert med turistreiser til Vardø, der skipa gjekk nordom Magerøya slik at turistane skulle få sjå Nordkapp. Men det var nettopp ei slik reise som vart lagnaden til «Nordstjernen». I tåke i slutten av juli 1881 grunnstøytte «Nordstjernen» på Knivskjellodden, like nordvest av Nordkapp. Alle passasjerane og besetninga kom seg velberga i land, men skipet stod ikkje til å redde.

Ruter endre

  • 1856-1874: Trondheim-Bergen-Stavanger-Kristiansand-Hamburg
  • 1874-1881: Tromsø-Bergen-Oslo, i starten gjekk ruta til Stettin, og seinare gjekk ho til Vardø.

Sjå og endre

Kjelder endre