Opna hovudmenyen
Kahikatea
Kahikatea
Kahikatea
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Kahikatea
Utbreiinga av Kahikatea
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Nakenfrøingar Gymnospermae
Klasse: Coniferae
Familie: Podocarpaceae
Slekt: Dacrycarpus
Art: Kahikatea D. dacrydioides
Vitskapleg namn
Dacrycarpus dacrydioides

Kahikatea (Dacrycarpus dacrydioides) er eit bartre som er endemiskNew Zealand. Treet dominerer låglandsskog og våtmarksområdeNordøya og Sørøya på New Zealand.

Treet blei tidlegare ofte kalla white pine eller 'kvit furu' av europearar, sjølv om det ikkje er ei furu. I dag er det vanlegare å bruka maorinamnet kahikatea. Andre maorinamn er kaikatea, kahika, katea, kōaka og koroī.[1]

SkildringEndra

 
Konglar og nåler på Dacrycarpus dacrydioides.

Treet blir typisk rundt 55 meter høgt. Før intensiv felling kjende ein til tre på opptil 80 meter.[2] Eit kahikatea-tre i Pirongia Forest Park i Waikato-regionen er det høgaste innfødde treet på New Zealand, med ei høgd på 66,5 meter.[3] Stammen kan ha ein diameter på over 1 meter.

Nålene på unge tre er dei 3 to 8 mm lange og veks i spiralar. Dei ligg vridd ved festet i eit plan langs skota. På utvaksne tre er dei skjel-aktige og mindre, 1-3 mm lange, og veks på alle sider av skota. Konglane utviklar ei raud, kjøtfull frøkappe når dei er mogne. Dei inneheld eit enkelt frø med ein diameter på 3-5 mm diameter. Frøa blir spreidde av fuglar som et konglane.

 
Arohaki-lagunen med Dacrycarpus dacrydioides i bakgrunnen.

BrukEndra

Maoriar har tradisjonelt brukt konglane eller koroi som mat. Dei var ein viktig mattype som blei servert ved festmåltid. Veden frå treet blei mykje brukt til å laga fuglespyd. Ein brukte sot frå kjerneveden som pigment til tradisjonell tatoveringskunst (tā moko).

Europeiske innflyttarar var opphavleg ikkje så interesserte i treverket, ettersom det var mindre attraktivt, sterkt eller motstandsdyktig mot råte enn det til andre bartre som totara. Ettersom det lette og reine trevirket ikkje gjev frå seg lukt blei det likevel brukt til å laga boksar til å eksportera smør i då kjøletransport mellom Australia og New Zealand i 1880-åra.[4] Etterkvart som eksporten voks blei kahikatea stadig mindre vanleg. Det meste av den fullvaksne reine kaihikatea-skogen som tidlegare prega våtmarksområde på New Zealand er for det meste forsvunne, bortsett frå i små område på vestkysten.

Den første brua av Waikato-elva i Hamilton blei hovudsakleg laga med kahikatea rundt 1880, men brua blei nokså raskt ubrukeleg på grunn av råte.

Kahikatea er blitt brukt til båtbygging ettersom trea er rake og lange. Når trevirket er 12 % tørt er det litt lettare enn kauri, og har ein kvit farge. Trevirket blei brukt til vanleg båtbygging fram til 1970-talet og så seint som på 1980-talet til utskjering av tradisjonelle waka-kanoar.

I dag kan ein bere fella kahikatea med løyve og om ein følgjer berekraftige retningsliner.

UtbreiingEndra

Ein reknar med at over 98 % av det opphavlege kahikatea-skogdekket er forsvunne sidan europearar kom til New Zealand. Det finst nokre få lundar av utvaksne tre i Waikato (til dømes ved Mangapu og Mokau). Dei fleste kahikatea-områda i området er likevel relativt unge skogfragment på rundt 80–100 år. Desse har vokse opp rundt nokre få eldre tre som blei latne vera etter at den opphavlege skogen blei rydda for jordbruk. Nokre stader står dei opphavlege gamle trea framleis. Dei kan vera 400–500 år gamle, og ha stammar med diameter på opptil 2 meter.

Det finst rundt 370 kahikatea-fragment i Waikato-regionen. Dei er typisk små, mellom 0,5 og 50 hektar, og halvparten av dei under 5 hektar. Dei fleste veks på elvesletten i Waikato-dalen, Hauraki-slettene og Mokau-elva. Ettersom menneske no kontrollerer flaumar og sår gras att på oversvømd beitelandskap, er det lite sannsynleg at ny kahikateaskog skal utvikla seg i området

KjelderEndra

  1. «Māori Plant Uses Database». Arkivert frå originalen 2013-12-04. 
  2. «Dacrycarpus dacrydioides (Kahikatea, White pine)». www.terrain.net.nz. T.E.R:R.A.I.N - Taranaki Educational Resource: Research, Analysis and Information Network. Henta 17. januar 2017. 
  3. "Features of Pirongia Forest Park", Department of Conservation
  4. Gymnosperm Database Dacrycarpus dacrydioides Check |url= value (hjelp), conifers.org 

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kahikatea