Roraima

delstat i Brasil
(Omdirigert frå Delstaten Roraima)
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Fjellet Roraima.
Roraima
Geografisk plassering

Delstat i Brasil

Hovudstad Boa Vista
Flatevidd

 - Rangering i Brasil

225 116 km²

12.

Folketal (2000)

 - Rangering i Brasil
 - Folketettleik

324 152

.
1,4/km²

Grunnlagd 1943
Offisielle språk Portugisisk
Guvernør Ottomar de Souza Pinto
Nettstad http://www.portal.rr.gov.br/
Flagg
Flagg

Roraima er den delstaten i Brasil som ligg lengst nord. Nabodelstatar er Pará og Amazonas. I nord grensar delstaten til Venezuela og Guyana. Hovudstaden er Boa Vista og har 220 000 innbyggjarar. Ekvatorlinja passerer gjennom Roraima.

Geografi endre

Klimaet i Roraima er tropisk, med ein middeltemperatur på 26 °C. Store delar av delstaten er dekt av regnskogen i Amazonas, med ei smal stripe savanne lengst mot aust. Roraima har også fleire store elvar som renn ut i Amazonasbassenget. Det finst rike mineralførekomstar i delstaten, dette gjeld både gull, diamantar, kassiteritt (tinnstein), bauksitt og kopar. Utvinninga av desse førekomstane samt tømmerhogst skaper ei mengd konfliktar med urfolk, av dei er yanomami kanskje er den mest kjente gruppa.

Nasjonalparken Monte Roraima inkluderer ein av de høgste fjelltoppane i Brasil, den 2727 meter høge tepuien Monte Roraima, som ligg på grensa til Venezuela og Guyana.

Historie endre

I 1943 vart området skilt ut frå delstaten Amazonas som eit føderalt område. Dette skjedde samstundes med at Rondônia også vart skilt ut som føderalt område. Området vart kalla «Rio Branco», etter den største elva i regionen. Ho vart døypt om til Roraima i 1962 og i 1988 fekk området status som eigen delstat.

Namnet på delstaten er tatt frå Monte Roraima som kjem frå språket pemon, kor «roroi» tyder «blågrøn» og «ma» tyder «stor».

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre