Dem Gerechten muß das Licht
Dem Gerechten muß das Licht immer wieder aufgehen, BWV 195, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
BWV 195 Kantate av Johann Sebastian Bach | |||
Sjanger | Koral | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1727-1731 | ||
Urframføring | 1727-1732 | ||
Publiseringsdato | 1864 | ||
Revidert | 1742-1749 | ||
Typisk lengd | 19:31 | ||
Satsar/akter | 7 |
Han vart komponert i Leipzig i 1727-1731 for eit bryllaup. Stykket vart framført på nytt kring 1742 og ein gong til i 1748-1749, begge i Leipzig. Den første utgåva av verket gjekk tapt, medan utgåva frå 1742 ikkje er komplett. Utgåva ein har i dag er frå 1748-1749.
Teksten er henta frå Salme 97: 11-12, Paul Gerhardt (sjette sats), medan resten er skriven av ein ukjend tekstforfattar.
Koraltemaet er basert på salmen «Lobt Gott, ihr Christen, allzugleich». Tekstne til Nikolaus Herman til denne salmen kom i lag med eim melodi som kan ha vore ei kyrkjeleg utgåve av ein verdsleg melodi eller dans kalla «Kommt her, ihr lieben Schwesterlein», som ein finn i Ein Christlicher Abentreien frå Leipzig i 1554.
Instrumentering og struktur
endreStykket er instrumentert for to trompetar, pauke, to valthorn, to oboar, to fløytes, strykarar, orgel continuo, samt fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor.
Det består av sju satsar:
- «Dem Gerechten muss dach Licht», Koral
- «Ihr Gerechten, freuet euch», Koral
- «Dem Freuden-Licht gerechter Frommen», Resitativ for bass
- «Ruhmet Gottes Gut' und Treu'», Arie for bass
- «Wohlan, so kupfet denn ein Band», Resitativ for sopran
- «Wir kommen, deine Heiligkeit», Koral
- «Nun danket all' und bringet Ehr'», Koral
Kjelder
endre- «Dem Gerechten muß das Licht immer wieder aufgehen». Bach-kantater. Henta 20. april 2010.
Bakgrunnsstoff
endre- Piano- og songpartitur for BWV 195 på bach-cantatas.com