Lorentz Dietrichson

norsk kunsthistorikar og forfattar
(Omdirigert frå Dietrichson, Lorentz)

Lorentz Henrik Segelcke Dietrichson (fødd 1. januar 1834 i Bergen, død 6. mars 1917 i Kristiania) var ein norsk kunsthistorikar og forfattar. Han er mellom anna kjend for kartlegging av dei norsk stavkyrkjene.

Lorentz Dietrichson

Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. januar 1834
Bergen
Død

6. mars 1917 (83 år)
Christiania

Yrke lyrikar, kunsthistorikar, litteraturhistorikar, skribent, professor, historikar, estetiker, bibliotekar
Språk norsk, dansk
Medlem av Kungliga Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien, Det Norske Videnskaps-Akademi
Ektefelle Johanne Mathilde Dietrichson
Lorentz Dietrichson på Commons

Utdanning og arbeid endre

Etter examen artium ved Bergen katedralskole 1852 vart han student 1853. Han byrja på eit teologiske studium, men bytta etter ei tid til litteratur og estetikk. Då Stortinget med utgangspunkt i den tids skandinavisme i 1857 løyvde eit universitetsstipend i nordisk litteratur, konkurrerte han til denne stillinga med avhandlinga «Læredigtet i Nordens poetiske Litteratur», men uten å få stillinga. Han reiste i 1859 til Uppsala, der han kort etter held ei rad «Forelæsninger over Danmarks Litteratur i vort Aarhundrede» ved universitetet.

I 1860 vart han tilsett som dosent ved Uppsala universitet, der han i ei rad forelesningar gav ei liknande «Indledning i Studiet af Sveriges Litteratur i vort Aarhundrede». I 1862 forlot han litteraturhistorien for å ofre seg heilt for kunsthistoriske studier, som låg nærare hans interesser. Same år gifta han seg med målaren Johanne Mathilde Bonnevie og reiste hausten 1862 på ei lang reise til sørover via München og Venezia til Roma, den han budde til 1865.

I åra 1866–1876 var han igjen knytt til Sverige, der han frå 1866 var amanuensis ved Nasjonalmuseet, og lærar ved Kunstakademiet i Stockholm. Der vart han 1869 ekstraordinær professor. I Stockholm var han ein populær person, som påverka mange gjennom sine forelesningar og ved at han deltok i arbeid som fremma kunsthandverket. Då Stortinget i 1875 hadde løyvd ein gasje for han som ekstraordinær professor ved Kristiania universitet, fortsette han verksemda si i Kristiania, der medverka han til at Kunstindustrimuseet vart oppretta, og han deltok arbeidet med Skulpturmuseet og Nasjonalgalleriet.

Han var ofte på studiereiser i utlandet for å studere kunstsamlingar, i offentlege og private galleri. Etter det første opphaldet i Italia var han særleg på to slike reiser. I åra 1880–1881 reiste han til Italia, Hellas, Palestina og Egypt og 1884 til Russland, Polen, Schlesien og England for å studere mellomalderens trekyrkjearkitektur. Ellers vitja han nesten alle land i Europa og han held foredrag i nesten alle større byer i Norge, Sverige og Finland.

Verk endre

  • Samfundsviser af Jørgen Latiner, 1859.
  • Indledning i Studiet af Danmarks Literatur i vort Aarhundrede, Vaarterminen 1860 Uppsala.
  • Omrids af den norske Poesis Historie, 1866–69.
  • Madonnabilden, 1870.
  • En arbetare, 1872.
  • Det skönas verld, 2 bd., 1872–79.
  • Karl Folkunge, 1874.
  • Fra min Vandringstid, 1–3, 1875–77.
  • Den norske Treskærerkunst, 1878.
  • Adolf Tidemand, hans Liv og Værker, 1878–79.
  • Kivleslaatten, 1879.
  • Kristusbilledet, 1880.
  • Monografi over Michelangelo, 1880.
  • Antinoos, eine kunstarchäologische Untersuchung, 1883.
  • Fra kunstens verden, 1885.
  • Det norske Nationalgaleri, dets Tilblivelse og Udvikling, 1887.
  • De norske Stavkirker, 1891–92.
  • Die Holzbaukunst Norwegens, med H. Munthe, 1893.
  • Svundne Tider, 4 bd., 1896–1917.
  • Omrids af den kirkelige Kunstarkeologi, 1902.
  • Monumenta Orcadica. Nordmændene paa Orknøerne og deres efterladte Mindesmærker, med Johan Meyer, 1906.
  • Vore Fædres Værk. Norges Kundt i Middelalderen, 1906.
  • Den norske Elfenbensskærer Magnus Berg, 1912.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre