Dweezil Zappa
Dweezil Zappa (fødd 5. september 1969) er ein amerikansk rockegitarist og stundom skodespelar. Han er son til musikaren Frank Zappa.
Dweezil Zappa | |||
Dweezil Zappa i Danmark med Zappa Plays Zappa, 13. oktober 2007 | |||
Fødd | 5. september 1969 (55 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Los Angeles | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1986– | ||
Sjanger | rock, psykedelisk rock | ||
Instrument | gitar, vokal | ||
Kjende instrument | Gibson SG Hagström Viking Eric Johnson Stratocaster | ||
Tilknytte artistar | Frank Zappa Ahmet Zappa Extreme Ozzy Osbourne Spinal Tap Steve Vai Warren DeMartini Zappa Plays Zappa Dream Theater Winger | ||
Plateselskap | Zappa Records | ||
Verka som | gitarist, banjospelar, skodespelar, komponist, fjernsynsskodespelar, pianist, stemmeskodespelar | ||
Mor | Gail Zappa | ||
Far | Frank Zappa | ||
Prisar | Grammy Award |
Tidleg liv
endreZappa vart fødd i Los Angeles i California, som son av musikaren Frank Zappa og Gail Zappa, som arbeidde i føretaket til mannen.[1] Han er den andre av fire sysken: den eldre systera Moon, den yngre systera Diva og den yngre broren Ahmet. Han er syskenbarn til skodespelarinna Lala Sloatman.[2] Far til Zappa var av siciliansk, gresk, arabisk og fransk slekt, medan mora var av fransk, irsk og stort sett dansk slekt.[3]
Fødenamnet til Dweezil er Ian Donald Calvin Euclid Zappa.[4] Sjukehuset der han vart fødd nekta å registrere han med namnet Dweezil, så Frank lista opp namnet på fleire av musikarvenene sine. «Dweezil» var eit kallenamn som Frank gav den rare vesletåa til Gail. Fem år gammal, fekk Dweezil vite at det verkelege namnet hans var annleis, men insisterte på at kallenamnet hans skulle bli det lovlege namnet hans. Gail og Frank leigde ein advokat og kort tid etter var Dweezil offisielt namn.[5]
Karriere
endreI 1980-åra arbeidde Zappa som programleiar på MTV, men fekk sparken kort tid etter han snakka stygt om MTV på The Howard Stern Show. Han spelte òg inn nokre soloalbum, og spelte gitar for andre artistar. Ein kan høyre Zappa spele sologitar på The Fat Boys sin «Wipe Out» (1987) og han er å sjå i musikkvideoen for Don Johnson-hitten «Heartbeat». Han spelte òg sologitar (i lag med Reb Beach) på Winger-versjonen av Jimi Hendrix sin «Purple Haze». Han hadde ei rolle i den futuristiske Arnold Schwarzenegger-filmen The Running Man som Stevie («Don't touch that dial!»), og gav den første kjende cameo-rolla i John Hughes sin Brat Pack-film, Pretty in Pink (med Molly Ringwald), som venen til Andie, Simon.
Sidan tidleg i 1990-åra, har Zappa skrive musikk for eit stykke kalla «What the Hell Was I Thinking?», eit 75 minuttar langt stykke med gitarsoloar av fleire kjende gitaristar. Prosjektet har vorte omarbeidd fleire gongar sidan 1990-åra. Dweezil sa i september 2004:[6] «Eg byrja å spele inn på analogt lydband for nesten 13 år sidan... Det er truleg 35 gjestegitaristar med, alle frå Brian May til Eddie Van Halen, Eric Johnson, Angus og Malcolm Young — det var eit sprøtt prosjekt. Eg ventar og håpar på å få spele inn med Jeff Beck og Jimmy Page som ein av dei siste gjestene der».[6]
I midten av 1990-åra var Zappa stemma til figuren Ajax Duckman i animasjonsserien Duckman. Han var òg ei kort stund med i situasjonskomedien Normal Life med systera Moon Unit Zappa and tidlegare Laverne & Shirley-stjerna Cindy Williams. Han skreiv og framførte kjenningsmelodien for The Ben Stiller Show (soloen frå Spinal Tap sin «Break Like the Wind»). I 1999 var han i lag med broren, Ahmet Zappa, med i eit show med kjendisar, band og dansetruppar kalla Happy Hour som vart sendt første gongen i april 1999 på USA Network.
På det 11. studioalbumet til "Weird Al» Yankovic frå 2003, Poodle Hat, spelar Zappa den første gitarsoloen og syng på sporet «Genius in France». I 2006, organiserte Zappa «Zappa Plays Zappa»-turneen. Han samla eit band med unge musikarar med eit mål om å føre musikken til Frank Zappa til eit yngre publikum. Med på turneen handde han Steve Vai, Napoleon Murphy Brock og Terry Bozzio. Turneen byrja i Europa i mai og fortsette i USA i juni. Etter ein pause fortsette turneen i USA i oktober 2006. I 2007 gjekk turneen frå juli og enda i Australia tidleg i desember, med Ray White som gjest. Fleire turnear har følgd seinare.[7] In 2009, Ray White left Zappa Plays Zappa for an undisclosed reason.[8]
Personleg liv
endreFrå 1998 til 2004 var Zappa kjæraste med musikaren Lisa Loeb. Zappa og Loeb skreiv og spelte i lag, og Zappa turnerte med bandet hennar. Paret var programleiarar på matshowet Dweezil & Lisa på Food Network i 2004.
Zappa gifta seg med motestylisten Lauren Knudsen den 3. september 2005 i Los Angeles. Dei har to døtrer, Zola Frank Zappa (f. 2006) og Ceylon Indira Zappa (f. 2008).[9][10] I mars 2010 søkte Knudsen om skilsmisse.[11] Dweezil gifta seg med Megan Marsicano i ein privat seremoni i Los Angeles i april 2012.[12]
Diskografi
endreSolo
endre- 1982 – My Mother Is a Space Cadet
- 1986 – Havin' a Bad Day
- 1988 – My Guitar Wants to Kill Your Mama
- 1991 – Confessions
- 2000 – Automatic
- 2006 – Go med What You Know
Med Ahmet Zappa
endre- 1994 – Shampoohorn
- 1996 – Music For Pets
Med Zappa Plays Zappa
endre- 2008 – Zappa Plays Zappa
- 2010 – Return Of The Son Of...
- 2011 – In The Moment
- 2012 – F.O.H.
- 2012 – F.O.H. 3 - Out Of Obscurity[13]
Gjesteartist
endre- 1984 – Gitarsoloane på «Sharleena» og «Stevie's Spanking» på Frank Zappa-albumet Them or Us
- 1984 – Gitar på Frank Zappa sitt You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 3 på «Sharleena»[14]
- 1985 – Vokal på Frank Zappa-albumet Frank Zappa Meets the Mothers of Prevention
- 1986 – Gitarsolo på «Whipping Post» på Frank Zappa-albumet Does Humor Belong in Music?
- 1988 – Winger på «Purple Haze»
- 1989 – Med systera Moon Unit medverka han på songen «(In Love) With You Gumby» på albumet Gumby
- 1990 – Opnings- og avslutningssolane på Extreme sitt Pornograffitti på songen «He-Man Woman Hater»[15]
- 1992 – Sologitar på «Diva Fever» på Spinal Tap-albumet Break Like the Wind
- 1993 – Sologitar på «Dirty Love» og «Chunga's Revenge» på hyllestalbumet Zappa's Universe
- 1994 – Bjeffing på «Waffenspiel» på Frank Zappa-albumet Civilization Phaze III
- 1997 – Gitarsolo på Pat Boone-versjonen av «Smoke on the Water» (No More Mr. Nice Guy-albumet)
- 2000 – Gitar på Dixie Dregs på albumet California Screamin «Peaches en Regalia»
- 2001 – 911, på «Top of the World»
- 2003 – «Weird Al» Yankovic-albumet Poodle Hat på «Genius In France»
- 2006 – Sologitar på «Chunga's Revenge» og «Bavarian Sunset» på Frank Zappa-albumet Trance-Fusion
- 2006 – Gitar på Kip Winger-albumet Songs From The Ocean Floor
- 2011 – Sologitar på «Release the Memes» frå Centrifugal Satz Clock: Morning av Steve Kusaba
- 2013 – Sologitar på «Mind Your Step» frå «Freak Guitar: The Smorgasbord» av Mattias IA Eklundh
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Dweezil Zappa» frå Wikipedia på engelsk, den 5. juli 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Dweezil Zappa Biography (1969-)». Filmreference.com. 5. september 1969. Henta 5. juli 2014.
- ↑ «Lala Sloatman at IMDB». Henta 5. juli 2014.
- ↑ Miles, Barry (2004). Zappa. Grove Press. s. 124. ISBN 0-8021-1783-X.
- ↑ Dette var namna på musikarane til Frank Zappa Ian Underwood, Don van Vliet, Calvin Schenkel og Euclid James «Motorhead» Sherwood; sjå «What are the names of Frank Zappa's kids?». Arkivert frå originalen 25. mars 2010. Henta 5. juli 2014.
- ↑ Zappa, Frank; Occhiogrosso, Peter (1990), The real Frank Zappa book, Simon & Schuster, s. 254, ISBN 0-671-70572-5, Snippet view page 245
- ↑ 6,0 6,1 James, Daniel (september 2004). «Dweezil Zappa: 64-bit Computing & The Frank Zappa Archive». Sound on Sound. Henta 5. juli 2014.
- ↑ «Tour Dates». Zappa Plays Zappa. 20. august 2013. Arkivert frå originalen 2. september 2013. Henta 5. juli 2014.
- ↑ «Ray White Leaves Zappa Plays Zappa». Kill Ugly Radio. Henta 5. juli 2014.
- ↑ Edler, Molly Snyder (17. juni 2007). «Dweezil and Frank reunite in «Zappa Plays Zappa"». Arkivert frå originalen 15. juni 2008. Henta 5. juli 2014.
- ↑ Zappa, Dweezil (6. juni 2008). «On the road again/Dyna Flangers». Arkivert frå originalen 27. september 2011. Henta 5. juli 2014.
- ↑ «Lauren Knudsen Leaves Dweezil Zappa: Pictures». Zimbio.com. Henta 5. juli 2014.
- ↑ «Dweezil Zappa Bio». Dweezilzappaworld.com. Arkivert frå originalen 24. april 2012. Henta 5. juli 2014.
- ↑ «Dweezil Zappa: F.O.H. 3 – Out Of Obscurity». 11345.com. 10. november 2012. Arkivert frå originalen 23. mars 2013. Henta 5. juli 2014.
- ↑ NOTE: sjølv om han er innspelt 23. desember 84, vart versjonen av «Sharleena» gjeven ut som singel i januar 1987 i magasinet Guitar Player.
- ↑ «Extreme II: Pornograffitti CD Album». Cduniverse.com. Henta 5. juli 2014.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad
- Dweezil Zappa ved The Internet Movie Database (IMDb)
- Dweezil Zappa-intervju frå 2008 med Jon Niccum
- Intervju frå 2010 Arkivert 2012-03-15 ved Wayback Machine. med Tom Waring