Opna hovudmenyen
Down by the River
Singel av Neil Young og Crazy Horse
frå albumet Everybody Knows This Is Nowhere
B-side
  • «The Losing End» (USA)
  • «Cinnamon Girl» (alternativ versjon) (Storbritannia)
Utgjeve 14. mai 1969
Innspelt 17. januar 1969
Sjanger Bluesrock, folkrock, psykedelisk rock
Lengd 9:13 (album)
3:35 (singel)
Selskap Reprise
Låtskrivar(ar) Neil Young
Produsent Neil Young
David Briggs
Neil Young og Crazy Horse-kronologi
«The Loner»
(1969)
Down by the River «Cinnamon Girl»
(1970)


«Down by the River» er ein song av Neil Young. Han kom ut i 1969 i lag med Crazy HorseEverybody Knows This Is Nowhere. Young forklarte kva songen omhandlar då han introduserte songen i New Orleans den 27. september 1984. Han omhandlar ein mann som finn ut at kona er utru, møter ho nede ved elva og skyt ho. Eit par timar seinare kjem sheriffen til huset hans og arresterer ho.[1] I notata for samlealbumet Decade i 1977 skreiv Young at han «Down by the River» og «Cowgirl in the Sand», medan han låg til sengs med feber i Topanga Canyon.[2]

Innhaldsliste

MedverkandeEndra

Andre framføringarEndra

På konsertane har Young spelt alt frå kortare, akustiske soloframføringar, som på Crosby Stills Nash & Young-albumet Four Way Street, til den tolv minuttar lange utgåva på Live at the Fillmore East med Crazy Horse. På Rock Am Ring i Tyskland i 2002, spelte Young, i lag med Booker T Jones, Donald "Duck" Dunn og Frank Sampedro ein 27 minuttar lang versjon av songen.[3]

Av andre artistar som har spelt songen finn ein Roy Buchanan, The Meters, String Cheese Incident, Dave Matthews Band, The Indigo Girls, Low/Dirty Three, Tall Firs, McKendree Spring, Michael McDonald og Buddy Miles.

KjelderEndra

  1. «An Introduction to "Down by the River", by Neil Young». 
  2. Rogan, Johnny (2000). Neil Young, Zero to Sixty: A Critical Biography. Music Sales Distributed. s. 187. ISBN 0952954044. 
  3. «HyperRust: Tour 2002». HyperRust. Henta 24. oktober 2010. 

BakgrunnsstoffEndra