Donald «Duck» Dunn

amerikansk musikar og musikkprodusent
(Omdirigert frå Donald "Duck" Dunn)

Donald «Duck» Dunn (24. november 194113. mai 2012)[1][2] var ein amerikansk bassgitarist, studiomusikar, plateprodusent og låtskrivar. Dunn var kjend for tida si i Booker T. & the M.G.'s 1960-åra og som studiobassist for Stax Records. Ved Stax spelte Dunn på tusenvis av innspelingar, mellom anna hits av Otis Redding, Sam & Dave, Rufus Thomas, Carla Thomas, William Bell, Eddie Floyd, Johnnie Taylor, Albert King, Elvis Presley og mange andre. I 1992 vart han innlemma i Rock and Roll Hall of Fame.

Donald «Duck» Dunn

Dunn i 2007
Fødd24. november 1941(1941-11-24)
FødestadMemphis i Tennessee i USA
Død13. mai 2012 (70 år)
DødsstadTokyo i Japan
FødenamnDonald Dunn
AliasDuck
OpphavUSA
Aktiv1960–2012
SjangerRock, soul, rhythm and blues
Instrumentbassgitar
Kjende instrument1957-2012: Fender Precision Bass
2004-2012: Lakland Duck Dunn Signature Bass
Tilknytte artistarOtis Redding, Booker T & the MG's, Albert King, Mar-Keys, The Blues Brothers, Sam and Dave
PlateselskapStax Records
Verka somMusikar, låtskrivar, produsent, skodespelar

Tidleg liv endre

Dunn vart fødd i Memphis i Tennessee. Faren kalla han «Duck» då han såg på Disney-teiknefilmar med han ein dag. Dunn voks opp med idrett og sykla mykje med den framtidige musikarkollegaen sinSteve Cropper. Etter at Cropper byrja å spele gitar med den felles venen deira Charlie Freeman, valde Dunn å byrje å spele bassgitar. Etter kvart danna dei i lag med trommeslagaren Terry Johnson, The Royal Spades. Gruppa tok inn klaverspelaren Jerry «Smoochy» Smith, songar Ronnie Angel (òg kalla Stoots), og ein ung hornseksjon med barytonsaksofonisten Don Nix, tenorsaksofonisten Charles «Packy» Axton og trompetisten (og framtidig grunnleggjar av The Memphis Horns) Wayne Jackson.

Karriere endre

1960-åra: Første band endre

Cropper har fortalt korleis den sjølvlærte Dunn lærte seg å spele i lag med plater, og fylte inn det han meinte burde vere der. «Det er derfor basslinjene til Duck Dunn er særs unike», sa Cropper, «Dei er ikkje låst i noko skulebok nokon stader». Mor til Axton, Estelle og broren hennar Jim Stewart eigde Satellite Records og signerte bandet, som fekk ein nasjonal hit med «Last Night» i 1961 under det nye namnet sitt «The Mar-Keys».[3] Bassisten på «Last Night» var Donald «Duck» Dunn, men han slutta i the Mar-Keys i 1962 for å bli med i storbandet til Ben Branch.

Booker T and the M.G.s vart starta av Steve Cropper og Booker T. Jones i 1962; Al Jackson jr. var trommeslagaren i bandet.[4] Den originale bassisten, på tidlege hittar som «Green Onions», var Lewie Steinberg. Dunn erstatta han i 1964.[5]

Seint i 1960-åra–1970-åra: Studiomusikar endre

Stax vart kjend for trommelyden til Jackson, lyden av The Memphis Horns og grooven til Duck Dunn. The MGs og Dunn sine basslinjer på songar som Otis Redding sine «Respect» og «I Can't Turn You Loose», Sam & Dave sin «Hold On, I'm Comin'», og Albert King sin «Born Under a Bad Sign» påverka musikarar andre stader.

Som ei instrumentalgruppe fortsette dei å eksperimentere med McLemore Avenue (ei omarbeiding av The Beatles sitt Abbey Road) og på det siste studioalbumet deira, Melting Pot i 1971, finst basslinjer som framleis er ei inspirasjonskjelde for dagens hip-hop-artistar. I 1970-åra slutta Jones og Cropper i Stax, men Dunn og Jackson vart verande på selskapet. Han arbeidde med Elvis Presley i 1973 på hans Raised On Rock for RCA.

I 1971, då rytmegitaristen Tom Fogerty slutta i Creedence Clearwater Revival, diskuterte dei gjenverande medlemmane med Dunn om han ville bli med i gruppa, og at den dåverande CCR-bassisten Stu Cook, skulle spele gitar. CCR valde likevel å fortsette som ein trio. Booker T and the MGs har spelt på konsertar og jamma i studio med CCR tidlegare, og særleg Dunn vart gode vener med bandmedlemmane.

1980–2000-åra endre

 
Donald «Duck» Dunn (venstre) og Steve Cropper (høgre) på turné i Australia med Guy Sebastian (i midten) i 2008 for The Memphis Tour.

Dunn spelte vidare med Muddy Waters, Freddie King og Jerry Lee Lewis, i tillegg til Eric Clapton og Rod Stewart. Han spelte bass for Stevie Nicks og Tom Petty på «Stop Draggin' My Heart Around», ein singel frå det første soloalbumet til Nicks frå 1981, Bella Donna, i tillegg til andre Petty-songar mellom 1976 og 1981. Han kom attende med Cropper som igjen som medlem av Levon Helm's RCO All Stars og synte den lunefulle sørstatshumoren sin i to filmar med Cropper, den tidlegare Stax-trommeslagaren Willie Hall og Dan Aykroyd, som medlem av The Blues Brothers. Dunn var bassist i bandet til Eric Clapton då Clapton spelte på Live Aid i 1985.

Dunn spelte seg sjølv i filmen The Blues Brothers i 1980, der han sa den kjende linj «We had a band powerful enough to turn goat piss into gasoline!» og røykte ofte pipe medan han spelte. Han var òg med i oppfølgjaren Blues Brothers 2000 i 1998, igjen som seg sjølv. Dunn & the MGs var husbandet for 30-årsjubileumskonserten for Bob Dylan som artist i Madison Square Garden og spelte i lag med Dylan, George Harrison, Eric Clapton, Tom Petty, Stevie Wonder, Sinéad O'Connor, Eddie Vedder og Neil Young. Neil Young spelte sidan med MGs både på turné og plate.

I 2000-åra trekte Dunn seg delvis attende, men fortsette å spele med Booker T & the MGs. I juni 2004 var Dunn, Cropper og Jones husbandet for Eric Claptonsin Crossroads Guitar Festival. Gruppa akkompagnerte gitaristar som Joe Walsh og David Hidalgo på hovudscenen i Cotton Bowl i Dallas.[6]

I 2008 spelte Dunn med den australske soulsongaren Guy Sebastian på turneen etter The Memphis Album. Dunn og Steve Cropper kom til Australia den 20. februar 2008, og akkompagnerte Sebastian på 18 konsertar.[7]

Død endre

Morgonen 13. mai 2012 sovna Dunn stille inn etter å ha gjort ferdig den femte dobbeltkonserten[8] i nattklubben Blue Note i Tokyo med Steve Cropper kvelden før. Han hadde vore i landet som ein del av ein pågåande turné med Cropper og Eddie Floyd.[9] Han etterlet seg kona June, ein son Jeff og barnebarnet Michael.[10]

Prisar endre

I 1992 vart Dunn innlemma i The Rock and Roll Hall of Fame som medlem av Booker T & the MG's.[11]

I 2007 fekk Dunn[12] og fleire av medlemmane i Booker T & the MG's (Lewie Steinberg, Booker T. Jones, Steve Cropper, og Barbara Jackson, enkja etter Al Jackson) ein «Lifetime Achievement»-Grammy for bidraga sine til popmusikken.

Kjelder endre

  1. «Legendary Session Bassist Donald 'Duck' Dunn Passes Away at 70" Arkivert 2017-12-26 ved Wayback Machine., Vintage Vinyl News, 13. mai 2012
  2. «BBC News Online». Bbc.co.uk. Henta 9. mars 2015. 
  3. Guralnick 1999, s. 139.
  4. Guralnick 1999, s. 155.
  5. Guralnick 1999, s. 158.
  6. Eric Clapton Crossroads gitar Festival DVD Video R2 970378, 2004.
  7. Patterson, Bryan (24. februar 2008). «Happy Guy Sebastian bares his soul». Herald Sun. Henta 9. mars 2015. 
  8. BLUE NOTE TOKYO: STAX! feat. STEVE CROPPER,DONALD“DUCK”DUNN & EDDIE FLOYD, Blue Note night club, Tokyo, Japan
  9. «Bass player Donald 'Duck' Dunn of Booker T. and the MGs dies in Tokyo", Washington Post, 13. mai 2012
  10. Nekesa Mumbi Moody. «Bass player Donald 'Duck' Dunn dies in Tokyo». Yahoo! News. Henta 9. mars 2015. 
  11. «The Rock and Roll Hall of Fame - 1992 Inductions». Rockhall.com. Arkivert frå originalen 28. mai 2012. Henta 9. mars 2015. 
  12. «Bassist Donald 'Duck' Dunn dies at 70». Variety. Henta 9. mars 2015. 

Bakgrunnsstoff endre