Dunkerque

(Omdirigert frå Dunkirk)

Dunkerque (engelsk Dunkirk; nederlandsk Duinkerken; tysk Dünkirchen) er ein hamneby og kommune nord i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Nord, og ligg 10 km frå den belgiske grensa. Byen har eit folketal på omkring 70 000 innbyggjarar, medan storbyområdet etter ei folketeljing i 1999 hadde 265 974 innbyggjarar.

Dunkerque
Horisonten til Dunkerque
Horisonten til Dunkerque
Byvåpenet til Dunkerque
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Hauts-de-France
Nord
Først nemnd i 1067
Geografi
Flatevidd 43,89 km²
Flatevidd
 - By

37,34 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik
 - Storbyområde

70 850
  1 897/km²
265 974
Koordinatar 51°02′18″N 02°22′39″E / 51.03833°N 2.37750°E / 51.03833; 2.37750
Høgd over havet 4 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Heimeside: www.ville-dunkerque.fr
Plassering
Plassering av Dunkerque
Plassering av Dunkerque

Den mest kjende hendinga i byen si historie er den den allierte tilbaketrekkinga i byrjinga av den andre verdskrigen.

Historie

endre

Dunkerque vart først nemnd i 1067 som Dunkerk (nederlandsk for ‘(Sand)dynekyrkja’). Både Spania, England, Nederland og Frankrike kjempa mykje om området. I Åttiårskrigen var hamna base for dei frykta Kaparane frå Dunkerque fram til byen vart erobra av Louis XIII av Frankrike i 1646. Private skipsreiarar opererte heile kaperskipsflåtar for å hindre nederlandske kjøpmenn. I Freden i Münster i 1648 vart byen igjen gjeven til Spania. I 1658 vart byen erobra av England. Han vart fransk ein gong for alle då Karl II av England selde han til Frankrike for 40 000 pund den 17. oktober 1662. Under regjeringstida til Louis XIV hadde mange handelskrigsbåtar igjen base i Dunkerque. Jean Bart var kjend for å gå til åtak på nederlandske skip. Mannen med jernmaska vart òg arrestert i Dunkerque.

Den andre verdskrigen

endre

Under den andre verdskrigen var det kraftige kampar rundt Dunkerque under den tyske invasjonen i 1940, men eit uventa opphald i kampane gjorde at mange franske og britiske soldatar kunne rømme til England. Ein rekna med at berre 50 000 eller mindre skulle få sjans til å rømme, men heile 338 226 klarte å evakuere under konstant bombeåtak («miraklet i Dunkerque» som Winston Churchill kalla det). Det tok over 900 fartøy å evakuere dei britiske og franske soldatane, og meir enn 40 000 køyretøy vart forlatne. Den britiske evakueringa av Dunkerque over Den engelske kanalen fekk kodenamnet Operasjon Dynamo.

Byen vart igjen ei slagmark i 1944, og den andre kanadiske divisjonen gjorde forsøk på å frigje byen i september då allierte styrkar trekte nordaustover etter sigeren deira under Operasjon Overlord. Tyske styrkar nekta å overgje kontrollen over byen, som hadde vorte omgjort til ei festning, og garnison der vart «maskert» av allierte troppar. Festninga gav til slutt opp i mai 1945. Under krigen vart Dunkerque i stor grad øydelagd av bomber.

Sjølv om det var ein svær prestasjon av engelskmennene å redde så mange liv ut av Dunkerque , var det tyskarane som gjorde dette mogeleg. På grunn av Hitler sin feilaktige plan om å vente før dei gjekk til åtak på Dunkerque kunne dei allierte evakuere mange menn.

 
Dunkerque-karnevalet

Økonomi

endre

Dunkerque har den tredje største hamna i Frankrike etter hamnene i Le Havre og Marseille. Han er òg ein industriby, og er svært avhengig av indstrigreiner som stål, næringsmiddel, oljeraffineri, skipsbygging og kjemisk industri.

Kultur

endre

Dunkerque er kjend i Fransk Flandern for karnevalsfeiringa si, som har gamle røter.[1] Historikarar har ført det tilbake til 1600-talet og avskjedsfestar for sjøfolk som skulle avgarde til Island på torskefiske.[2] I dag kan feiringa strekka seg over tre månader.[3]

Kjelder

endre
  1. Le Carnaval de Dunkerque, omtalt av Alexandre Desrousseaux i 1892.
  2. «Les origines du carnaval de Dunkerque», Dunkerque Tourisme (på fransk), henta 12. juni 2024 
  3. «Le Carnaval de Dunkerque», Dunkerque Tourisme (på fransk), henta 12. juni 2024 

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Dunkerque