Dvergmåse

fugleart
(Omdirigert frå Dvergmåsar)
Dvergmåse
Dvergmåse
Dvergmåse
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: VU Sårbar[1]Utbreiinga av dvergmåse
Utbreiinga av dvergmåse
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Charadriiformes
Familie: Laridae
Underfamilie: Larinae
Slekt: Hydrocoloeus
Art: Dvergmåse H. minutus
Vitskapleg namn
Hydrocoloeus minutus

Dvergmåse (Hydrocoloeus minutus) er ein liten måse som hekkar i Nord-Europa og Asia. Slektsnamnet Hydrocoloeus er frå gammalgresk hudro, «vatn» og koloios, ein slags symjefotfugl. Den spesifikke namnedelen minutus er latinsk for «liten».[2]

Dvergmåse-egg

Skildring endre

Dette er den minste måsearten, med ei kroppslengd på 25-30 centimeter, eit vengespenn på 70-78 cm, og ein masse på 88-162 gram.[3] Akkurat som hos fiskemåsen får dvergmåsen hekkedrakt først tredje sommaren (har tre årsklassar). Typisk for hekkedrakta er den svarte hetta, mørk underside av vengene og ofte eit rosa fargeskjær på brystet. I vinterdrakt blir hovudet kvitt bortsett frå ein mørkare heitte og augeflate. Nebbet er tynnt og mørkt raudbrunt, og beina mørk raude, bleikare om vinteren. Flukta er noko terneaktig med snøgge vengeslag. Ungfuglar har svarte markeringar på hovudet og på oversida, svart stjertband og eit «W»-mønster over vengene.[4]

Desse måsane plukkar mat frå vassoverflata, og vil òg fange insekt i lufta slik som svartternene gjer.

Hekkeutbreiinga er frå nordlege Sverige, Finland og austover gjennom Russland og Nord-Kasakhstan, og usamanhengande omtrent til Lena-bassenget.[3] Der er hekkande fuglar i Nordaust-Europa, i Noreg er arten ein sjeldan hekkefugl.[5][4] Fuglar i Eurasia overvintrar langs kystar av Vest-Europa, Middelhavet, Svartehavet og Kaspihavet og langs austkysten av Gulehavet. Det skal òg vere ein liten hekkande bestand i søraustlege Canada som overvintrar på austkysten av USA.[3]

Dei vanlege habitata for hekking er prega av våtmark eller sumpar ved ferskvatn, her hekkar dvergmåsar i små koloniar. Her byggjer dei fôra reir på bakken blant vegetasjon. Normalt er kullet på to eller tre egg.

Som tilfellet er med mange måsar, har han tradisjonelt vore plassert i slekta Larus. Han er no den einaste medlemmen i slekta Hydrocoloeus.

Den globale populasjonen er estimert til 97-270 tusen individ og er trudd å vere aukande. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[6]

Raudlistevurdering endre

Dvergmåke (Hydrocoloeus minutus) blir i Norge vurdert til rødlistekategori sterkt trua EN, på bakgrunn av bestandsestimater og basert på kriteriet D1 (50–250 reproduserande individ).

Arten blir nedgradert til kategori sårbar VU° sidan den har ein relativt nyetablert marginal bestand som ser ut til å vera i auke via spreiing nordover og vestover i Fennoskandia. Bestanden i Noreg er sterkt påverka av forholda i Sverige og Finland, som har solide bestandar. At nedgradering blir avgrensa til eitt steg skylder at bestanden er i tilbakegang i delar av utbreiingsområdet sitt i Europa. Bestandsstorleiken i Noreg er etter bestandsaukar i grenseland til å kvalifisera til rødlistekategori sårbar VU basert på kriteriet D1 (250-1000 reproduserande individ).[1]

Kjelder endre

Referansar
  1. 1,0 1,1 Stokke BG, Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R og Strøm H (24. november 2021). «Fugler: Vurdering av dvergmåke Hydrocoloeus minutus for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 12. mars 2022. 
  2. Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 196, 256. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Burger, J., Gochfeld, M. & Garcia, E.F.J. (2018) Little Gull (Hydrocoloeus minutus) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 7. juli 2018
  4. 4,0 4,1 Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820.
  5. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 12. mars 2022. Henta 12. mars 2022. 
  6. BirdLife International (2018) Species factsheet: Hydrocoloeus minutus Arkivert 2016-03-06 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 7. juli 2018

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Dvergmåse